Steinneset (Rana gnr. 135)
| Steinneset | |
|---|---|
| Steinneset, bilete antakeleg rundt 1870 | |
| Alt. namn: | Stennesset |
| Fyrst nemnd: | 1618 |
| Sokn: | Mo |
| Fylke: | Nordland |
| Kommune: | Rana |
| Gnr.: | 135 |
Steinneset, og skrive Stenes, Stennesset, Steenes med fleire variantar, er ein matrikkelgard i Rana kommune. Garden ligg på eit breitt nes på nordvestsida av Ranfjorden, beint i mot Mo i Rana. Den ligg mellom dei eldre gardane Laukberg og Båsmoen.
Steinneset er først nemd i 1618. Fram til 1780 hadde garden same eigarar som Laukberg. I 1780 var garden kjøpt av Johan Jacob Røring, då residerande kapellan i Mo sokn av Hemnes prestegjeld. Røring ga garden som embetsgard for kapellanane på Mo mot at han sjølv vart sokneprest i Hemnes. Frå då av var Steinneset kapellangard, og då Mo prestegjeld vart etablert i 1843 bustad for sokneprestane. Det var han fram til Mo prestegard (Øver-Mo) vart prestegard i 1867. Christian Ludvig Nannestad vart den siste presten som budde her.
Hans Abraham Meyer kjøpte garden i 1867 for 800 spd. Hans arvingar solgte garden til Robert A. Hornemann i 1889, som igjen solgte til Bossmo Aktiebolag i 1894. Garden har sidan hatt same eigarar som Båsmoen fram til kommunen overdrog gardstunet til Rana museum.
Sidan 1962 har gardstunet vore bygdetun/friluftsmuseum, og er eigd av Helgeland museum.
Kjelder
- Frøholm, Anders. Mo prestegjeld gardshistorie. Utg. Mo sparebank. Mo i Rana. 1965. Digital versjon på Nettbiblioteket. 454-456.
- Stenneset Friluftsmuseum kulturpunkt.org
| Artikkelen Steinneset (Rana gnr. 135) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |