Mo prestegard (Rana gnr. 20/4-5)

Mo prestegard var prestegard i Mo prestegjeld, og embetsbustad for sokneprestane frå 1867 til 1953. Garden var opphaveleg to bruk under matrikkelgarden Mo, tidlegare kalt både Øvermo og Sørmo.

Mo prestegard
Mo prestegard 1870.jpg
Prestegarden sett frå Moholmen ca 1870. Foto Ole Tobias Olsen
Alt. namn: Øvermo, Sørmo
Utskilt: 1849
Stad: Mo i Rana
Kommune: Rana
Gnr.: 20
Bnr: 4 og 5

Dei to bruka var eigd av Dønnesgodset då den i 1849 var kjøpt av Tromsø stift. Sokneprestane hadde budd på den tidlegare kapellangarden Steinneset, men dette var tungvint sidan det var lang veg til Mo kyrkje. Då bruk nr 5 vart bykselledig i 1863 vedtok herredsstyret å byggje prestegardsbolig, og bevilga 700 spd. til føremålet. Sokneprest Nannestad stod sjølv for bygginga. Huset vart oppført i 1867. Bruk nr 4 var lagt til prestegarden då enka som satt på bykselen der døydde i 1874.

Garden låg sentralt i det som skulle ble sentrum i Mo i Rana, og rundt 1940 var det meste av innmarka utstykka til tomter for nærings- og boligbygg. Våningshuset var per 2023 eigd av Rana kommune, medan tomtegrunnen av eigd av Opplysningsvesenets fond.

Galleri

Kjelder


Artikkelen Mo prestegard (Rana gnr. 20/4-5) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.