Nordre Gudbrandsdalske kompani

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. sep. 2017 kl. 11:53 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Korrigeringar)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordre Gudbrandsdalske kompani kan nyttast som ei samlenemning på den avdelinga av Hæren som i hovudsak bestod av utskrivne soldatar frå Lesja prestegjeld, Lom prestegjeld og Vågå prestegjeld i Gudbrandsdalen. Kompaniet kom til i 1657 ved opprustinga i samband med Krabbekrigen da Opplandske regiment vart frådelt frå Akershusiske regiment. På Ovenstads plasjeverk er kompaniet av og til nemnt «Waageske».

Dei militære rullane (sjå nedafor) er dei beste kjeldene til å identifisere dei avdelingane soldatar frå ymse lokalsamfunn gjorde teneste i, for sjølve kompania hadde i tiåra etter at Hæren vart etablert som regel namn etter sjefen eller eit nummer.

Frå starten på 1660-åra er det teke vare på slike rullar for Opplandske regiment, og dei syner at

  • i 1662 var det rulleført 142 mann frå Lesja, Vågå med Sel / Breibygda og Lom i 5. kompani under kaptein Johan Wade
  • i 1665 var det rulleført 139 mann frå desse prestegjelda i kaptein Ole Bruns kompani
  • i 1670 var det rulleført 135 mann frå desse prestegjelda i kaptein Ole Bruns kompani
  • i 1693 var det rulleført 140 mann frå desse prestegjelda i kaptein Brünecks kompani
  • i 1696 var det rulleført 140 mann frå desse prestegjelda i kaptein Brünecks kompani

På Kjærlands plansjeverk for perioden 1662-1718 er kompaniet kalla Nordre Gudbrandsdalske.

Etter den nye hærordninga frå 1718 er nemninga også bruk om Lesja kompani, men da er soldatane i hovudsak utskrivne frå Lesja prestegjeld. Dermed kan ein seie at dette kompaniet opphøyrte i 1718.

Kjelder