Sålåsundet
Sålåsundet (óg Solåsundet, Soleimsundet og Solemsundet) er namnet på sundet mellom øyene Tustna i vest og Stabblandet og Solskjelsøya i aust i Aure kommune på Nordmøre. Det går frå Edøyfjorden i nord til Vinjefjorden i sør, og ligg i ei geologisk renne som fortset i Skålvikfjorden i Halsa. Eldre skrivemåtar er Sollesundet (1817), Saalesundet (1779)[1], Sollerſund (1595)[2] og j Solæyiasundi (1342). Namnet kjem truleg av protosamisk */so:lɔ:j-/ (jf. namneforma frå 1342), som tyder 'øy-'.
Langs sundet finn ein matrikkelgardane Hals, Innersetra og Storsetra på Tustna og Innerberg og Fjelnesdalen på Stabblandet. Sålåsundet blir òg omtala som ei bygd med desse gardane. Poststaden var 6591 Indresæter og skulekretsen var Hals. Lenger ut i sundet finn vi Baggan, Gullstein og Kalvika på Tustna; Stabben og Soleim på Stabblandet; og Solskjelsøydegarden og Solskjel på Solskjelsøya.
Fotnotar
- ↑ J.C. Richelieu: «Carte Over Nordmøres Provſtie eller Fogderie beſtaaende af 7 Præſtegield [...]». Wesdalen den 4de December 1770.
- ↑ S. 307 i Mal:Huitfeld 1595
Kjelder
- Sålåsundet på Wikipedia på nynorsk
- Sålåsundet (kategori) på alnakka.net