Elisabeth Lucie Parelius (d.e.1750)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Elisabeth Lucie Parelius (fødd Opdal, død etter 1750 i Tjeldsund) var prestekone.

Ho var dotter av Maren Andersdtr Quernes og Roald Opdal, faren var president for Trondhjems magistrat.

23. august 1701 vart ho gift med Jacob Svendsen Parelius, han hadde året før blitt vicepastor i Lødingen prestegjeld.

Vi kjenner fire born frå deira ekteskap. Ein son Peder var fødd i 1717 og ein anna son, Jacob Andreas Parelius (d. 1755),vart sokneprest i Hemnes. Dottera Anna Dorothea vart som mora prestekone i Lødingen prestegard då ho vart gift med faren sin ettermann Arnoldus Eriksen Schytte, og dottera Cecilie Marie vart gift med presten Sigvard Kildal.

Etter at Parelius døydde i 1733 flytta ho til enkesetet Hov. Vi finn ho her fyrste gong i 1635 og siste gong i 1650.

Kjelder


Artikkelen Elisabeth Lucie Parelius (d.e.1750) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.