Jacob Svendsen Parelius (1672–1733)

Jacob Svendsen Parelius (fødd 1672 i Stjørdal, død 1733 i Lødingen) var prest.

Han var son av Svend Jensen Parelius og kona Sidsel. Både faren og farfaren, Jens Clausen Parelius (1585–1667) var prestar i Stjørdal. Oldefaren Claus Corneliusen var prest i Borgund.[1] Han var altså fjerde generasjons prest, ein av sonane hans vart også prest og to døtre gift med prestar.

Han nemnes som student i Trondheim i 1691. Han var personleg kapellan i Brønnøy før han i 1700 vart kalla til vicepastor i Lødingen prestegjeld etter Hans Pedersen Nyrop.

Som vicepastor låg han i konflikt med Hans Egede, som var kapellan i Vågan som då var del av Lødingen prestegjeld. I 1731 vart tittelen hans endra frå vicepastor til sokneprest, sidan Lødingen då vart eit sjølvstendig prestegjeld og ikkje lenger direkte under biskopen i Trondheim.

Han vart gift med Elisabeth Lucie Opdal 23. august 1701. Vi kjenner fire born frå deira ekteskap. Ein son Peder fødd i 1717, sonen Jacob Andreas Parelius (d. 1755) vart sokneprest i Hemnes, Anna Dorothea vart som mora prestekone i Lødingen prestegard då ho vart gift med faren sin ettermann Arnoldus Eriksen Schytte, og Cecilie Marie vart gift med presten Sigvard Kildal.

Kjelder


Artikkelen Jacob Svendsen Parelius (1672–1733) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.

  1. Dahl (2000) s. 82, 85