Elvekrok (Jostedalen)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Elvekrok | |
---|---|
Elvekrok med Nigardsbren bak, fotografert av Knud Knudsen mellom 1875 og 1880 | |
Alt. namn: | Kroken |
Fyrst nemnd: | 1600 |
Stad: | Jostedalen |
Sokn: | Jostedalen |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 201 |
Elvekrok (Luster, gnr. 201) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Espe og i nord mot grenda Fåberg. Heimane under garden sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.
Elvekrok ligg ved munningen av dalen der Nigardsbreen kjem ned. Elva frå Nigardsbreen valda fram mot 1740-åra så stor skade på garden at skatten vart nedsett i 1742.
Det nedlagde Jostedalsbredens Turisthotel vart i 1920 bygt på garden.
Bruk
- Bnr. 1 Elvekrok (Kroken) - det opphavlege bruket
- Bnr. 2 Kastet - rydda som husmannsplass, fråskild 8.10.1901
Husmannsplassar
Det har truleg berre vore to husmannsplassar under Elvekrok:
- Træ (Plassen) - rydda tidleg i 1880-åra, nedlagd kring 1932
- Røysekastet (Kastet) - rydda kring 1825, fråskild som bnr. 2 Kastet den 8.10.1901
Personar frå Elvekrok
- Claus Olson Elvekrok, gardbrukar
Kjelder og litteratur
- Elve Krogen i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Elvekrok i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Elvekrok i folketeljinga 1900 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
- Elvekrok i folketeljinga 1910 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital versjon på Nettbiblioteket. Side 569-591.
- «Elvekrok», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane