Paul Sæbø (1882–1981)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Sæbø. Faksimilie frå Norges kirke og presteskap

Paul Eriksen Sæbø (fødd 22. august 1882 i Eid i Møre og Romsdal, død 29. oktober 1981 i Trondheim) var prest.

Han var son av Anne Paulsdotter (f. 1852) og Erik Eriksen Sæbø (f. 1850), faren var gardbrukar. Han var gift fyrste gong i 1912 med Bertha Johanne Hunnæs. Dei hadde fem born, ho døydde i 1955. Han vart andre gong gift med Randi Friis Lund (f. 1903).

I 1900 var han elev ved middelskulen i Volda.[1] Han tok eksamen artium i 1904, i 1905 krigsskulen. I 1910 vart han cand. theol., han tok eksamen i samisk i 1912.

Sæbø vart stiftskapellan i Tromsø stift i 1910, sokneprest i Loppa i 1911 og sokneprest i Skjerstad prestegjeld 1915. I 1921 vart han residerande kapellan ved Lademoen i Trondheim, frå 1933 til 1952 var han sokneprest same stad. Han var samstundes prest ved Reitgjerdet sjukehus i 16 år og ved Carl Johans Arbeidsstiftelse i 10 år.

Referansar

  1. Paul Sæbø i folketeljinga 1900 for Volda herred frå Digitalarkivet

Kjelder


Artikkelen Paul Sæbø (1882–1981) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.