RS 41 «Christian Bugge» (1935)

Sideversjon per 29. jul. 2014 kl. 06:01 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Båt |Registreringsnummer=RS 41 |Egennavn=RS 41 «Christian Bugge» |Båttype=Redningskøyte |Byggeår=1935 |Lengde=56 |Største bredde=524 |Framdriftsmidler=Segl, motor |Motortype=Wic...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)


RS 41 «Christian Bugge» er ei tidligare redningsskøyte. Båten vart bygd av Knut Christensen & Co i Risø i 1935. Finansieringa kom frå ei testamentarisk gåve til Redningsselskapet frå skipsmeglar Christian Bugge (død 1931), og skøyta fikk derfor hans namn.

RS 41 «Christian Bugge»
Registeringsnummer RS 41
Egennavn: RS 41 «Christian Bugge»
Båttype Redningskøyte
Lengde 56 fot
Største bredde 524 fot
Byggeår 1935
Båtbygger: Knut Christensen & Co
Framdriftsmidler: Segl, motor
Motortype Wichmann 70/90 hk
Nåværende eier: Privateigd

«Christian Bugge» er spesiell ved at ho er den første redningsskøyta som ble bygd med styrhus. For å unngå at styrhuset kom i vegen for storbommen vart det senka noko ned i dekket, og båten kunne då få fullt seglareal, 89 m². Ho var også den første redningsskøyta som fikk radiosenter. «Christian Bugge» vart satt i teneste i 1937, og var aktiv til 1967.

Den 4. april 1938 drog skøyta ut til naudmelding frå DS «Rokta»Hustadvika. I tillegg til det vanlege mannskapet på fire tok dei med tre mann frå andre redningsskøyter i Kristiansund og kjentmannen Peder Rindarøy fra Rindarøya. Mannskapet på «Rokta» vart berga, og alle dei åtte redningsmennene mottok Kongens fortjenstmedalje i gull for denne dåden. I 1941 kom den andre store redningsaksjonen båten er kjent for, då mannskapet berga 45 menneske frå hurtigruteskipet «Ryfylke» etter at skipet hadde vorte torpedert ved Stad. I løpet av 30 års fartstid redda «Christian Bugge» sitt mannskap 68 menneskeliv, berga fire farty, assisterte 685 farty og kjørte 39 sjuketransportoppdrag.

I 1967 vart «Christian Bugge» tatt ut av teneste og selt. Båten har siden hatt fleire eigarar. I 2002 vart skøyta sterkt skadd av brann. I 2008 byrja restaureringsarbeid i Eivindvik. Men arbeidet var dyrt, og stoppa opp. Ikkje berre var det brannskader, det var også store råteskader på båten. I 2014 vart det meldt av båten, som ligg i Dolvika, var i ferd med å synke. Både Redningsselskapet og Den Norske Veteranredningsskøyteforening håper at båten kan reddast, men per juli 2014 er framtida uviss.

Kjelder