RS 41 «Christian Bugge» (1935)
RS 41 «Christian Bugge» er ei tidligare redningsskøyte. Båten vart bygd av Knut Christensen & Co i Risør i 1935. Finansieringa kom frå ei testamentarisk gåve til Redningsselskapet frå skipsmeglar Christian Bugge (død 1931), og skøyta fikk derfor hans namn.
RS 41 «Christian Bugge» | |
---|---|
Registeringsnummer | RS 41 |
Egennavn: | RS 41 «Christian Bugge» |
Båttype | Redningskøyte |
Lengde | 56 fot |
Største bredde | 524 fot |
Byggeår | 1935 |
Båtbygger: | Knut Christensen & Co |
Framdriftsmidler: | Segl, motor |
Motortype | Wichmann 70/90 hk |
Nåværende eier: | Privateigd |
«Christian Bugge» er spesiell ved at ho er den første redningsskøyta som ble bygd med styrhus. For å unngå at styrhuset kom i vegen for storbommen vart det senka noko ned i dekket, og båten kunne då få fullt seglareal, 89 m². Ho var også den første redningsskøyta som fikk radiosenter. «Christian Bugge» vart satt i teneste i 1937, og var aktiv til 1967.
Den 4. april 1938 drog skøyta ut til naudmelding frå DS «Rokta» på Hustadvika. I tillegg til det vanlege mannskapet på fire tok dei med tre mann frå andre redningsskøyter i Kristiansund og kjentmannen Peder Rindarøy fra Rindarøya. Mannskapet på «Rokta» vart berga, og alle dei åtte redningsmennene mottok Kongens fortjenstmedalje i gull for denne dåden. I 1941 kom den andre store redningsaksjonen båten er kjent for, då mannskapet berga 45 menneske frå hurtigruteskipet «Ryfylke» etter at skipet hadde vorte torpedert ved Stad. I løpet av 30 års fartstid redda «Christian Bugge» sitt mannskap 68 menneskeliv, berga fire farty, assisterte 685 farty og kjørte 39 sjuketransportoppdrag.
I 1967 vart «Christian Bugge» tatt ut av teneste og selt. Båten har siden hatt fleire eigarar. I 2002 vart skøyta sterkt skadd av brann. I 2008 byrja restaureringsarbeid i Eivindvik. Men arbeidet var dyrt, og stoppa opp. Ikkje berre var det brannskader, det var også store råteskader på båten. I 2014 vart det meldt av båten, som ligg i Dolvika, var i ferd med å synke. Både Redningsselskapet og Den Norske Veteranredningsskøyteforening håper at båten kan reddast, men per juli 2014 er framtida uviss.
Kjelder
- RS «Christian Bugge» på Wikipedia på nynorsk
- «Denne båten har retted 68 menneskeliv» i Bergensavisen, publ. 2014-07-28, henta 2014-07-29