Belglii 36 (Bykle)
Belglii 36 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av Einar Andersen i 1983.
- Einar Andreas Andersen, f 1944
Belglii 36 | |
---|---|
Utskilt: | 1983 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 441 |
Type: | Bustadseigedom |
- g m Wenche Irene Olsen, f 1948. Born:
- Anne Christin, f 1967, ktr.fullm., busett Lillehammer, g m Erik Johannessen, born:
- Andreas, f 1993
- Emilie, 1998
- Bjørn Einar, f 1972, g m Jorunn Furholt, sjå Jernvegen 19, bnr 833
- Britt Wenche, f 1975, kundehandsamar, busett Kristiansand
Einar er opphavleg frå Oslo, og son åt Dagmar og Peder Andersen. Han er helikopterflygar, og kom til bygda for å arbeide i A/S Sjø- og Fjellfly i 1967. Sidan starta han firmaet Fjellfly A/S, og driv framleis dette. Wenche er frå Tønsberg, og dotter åt Hanny og Egil Olsen. Då Einar byrja å arbeide på Hovden, budde ho og borna på Vestfossen, og Einar pendla dit i ei årrekkje. I 1985 flutte familien til Hovden. Noko seinare overtok dei drifta av A/S Hovden bensin (Shell).
Belglii 36 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Belglii 35 • Neste bolk: Belglii 37 |