Halldis Moren Vesaas
Halldis Moren Vesaas (født 18. november 1907 i Trysil, død 8. september 1995 i Oslo) var forfattar. Ho reknast som ein av dei fremste lyrikarane i Noreg, og sjølv om det då ho døydde var førti år sidan den siste diktsamlinga kom ut, hadde ho framleis taket på lesarane.
Familie og slekt
Ho var dotter av gardbrukar og forfattar Sven Moren (1871–1938) og Gudrid Breie (1880–1963). Ho var syster til Sigmund Moren og Torleiv Moren.
Den 12. april 1934 blei ho gift i Trysil med forfattar Tarjei Vesaas (1897—1970).
Liv
Ho voks opp på faren sin gard Moren i Trysil. Han tok over bruket etter far sin i 1909. Ved sidan av gardsdrifta var han diktar og ungdomsleiar. Mora hans, Hanna Moren var ein viktig tradisjonsberar; mange av songane og lokkane som O.M. Sandvik skreiv ned kom frå ho. Halldis Moren byrja å skrive soger i Norsk Barneblad allereie som niåring.
For å få ei allmennutdanning gjekk ho i tre år på Elverum lærarskule, og tok eksamen i 1928. Men ho hadde ikkje planer om å bli lærar; i staden byrja ho som kontordame i Oslo Fylkeslag av Noregs Ungdomslag, med kontor på Heim for landsungdom i Nordahl Bruns gate. Ho tilhøyrde i den tida ein krets der ein fann Kai Fjell, Åsmund Sveen og bror hennar, Torleiv Moren.
I 1929 hadde ho sin lyrikkdebut med Harpe og dolk. På grunn av denne samlinga blir ho ofte omtalt som den første kvinnelege lyrikaren i Noreg. Det er ikkje heilt rett, for ikkje berre hadde Sigrid Undset, Eugenia Kielland og andre gjeve ut dikt; Dorothe Engelbretsdotter hadde publisert dikt allereie på 1600-talet. Ein kan jamvel forsvare tittelen, for Halldis Moren Vesaas var nok den første kvinna som markerte seg som lyrikar for folk flest. Det var også viktig at ho tilførte noko nytt i sine kjærleiksdikt. Når dei mannlege diktarane skreiv slike dikt, var kvinna objektet. For Halldis Moren Vesaas var kvinna subjektet, fri og med si eiga identitet. Dette var for mykje for ein del, og ho fekk kritikk for at ho skreiv om kvinner som bydde seg fram. Og det var nok ein del som fekk sjokk når dei las «Ny kvinne», eit dikt om å få menstruasjon:
Ho la seg i gårkveld og var berre barn. Ho vaknar i dag – og er kvinne.[1] | ||
Ein av dei som skreiv gode meldingar var sambygdingen Einar Skjæraasen, som også hadde Sven Moren som eit forbilde.
Frå 1930 til 1933 budde ho i Sveits, der ho var sekretær for ein norsk visekonsul. Ho lærte seg fransk og fekk nye impulsar frå europeisk litteratur. Den andre samlinga kom i 1930. Morgonen var ei lovprising til livet, der det var lite nytt. Ho ba seinare om at desse dikta ikkje skulle framførast. Annleis var det i Strender frå 1933; der er ho meir intens og har kjærleiksdikt der ho går enno lenger inn i Harpe og dolk.
Ho gav ut Lykkelege hender i 1936, der mellom anna morsrolla og husarbeidet er emne i diktinga. Medan mange diktarar har skrive om lengten etter lykka, hylla Halldis Moren Vesaas i denne samlinga den lykka ein har. Det folkelige ved dikta, det som alle kunne kjenne seg att i, var bland det som gjorde dikta så kjære for mange.
I åra 1941 til 1943 brukte ho lærarutdanninga si, då ho vikarierte på folkeskulen i Vinje. Ho sat etter krigen ein tid som formann i skulestyret der. Ho skreiv i krigsåra dikt der solidaritet og menneskeleg varme er sentralt. I 1945 kom dei ut i Tung tids tale. Det er ei tung og mørk samling, men håpet skin gjennom. Som ho skriv i «Ein kveld av krigen»:
Eg vil ikkje gråte meir for alt det spilte blod, Ein gong tok han slutt, også denne vonde dagen.[2] | ||
I Treet frå 1947 og den siste diktsamlinga, I ein annan skog er ho attende til kjærleiks- og kvardagsdikta. I både hentar ho motiv frå naturen, men ho skreiv sjølb i essaysamlinga Sett og levd frå 1967 at det ikkje var naturproblematikk hos skreiv om; alt handla om menneske, bøkene og naturen, og dei var likeverdige. Dikta er ikkje lenger skrivne av ein ungdom, og er noko meir resignert. Men ho hadde ikkje tatt skrittet inn i modernismen, om ein ser bort frå at det var nokre fleire dikt utan rim.
Halldis Moren Vesaas skreiv også fleire barnebøker. Du får gjera det du kom i 1935 og Den grøne hatten i 1938. For ungdomsromanen Tidleg på våren frå 1949 fekk ho Kyrkjedepartementet sin pris for beste barnebok. Der skildrar ho foreldre som sviktar, eit tema som var nybrottsmark i barne- og ungdomslitteraturen.
Det kom også sakprosa frå Halldis Moren Vesaas. Særleg fekk ho god kritikk for Sven Moren og heimen hans frå 1951. Å skrive ein biografi om sin far er ikke lett, men hennar skildring av dagliglivet i heimen og diktinga hans som voks fram av livet dei levde blei godt motteke. Ho skreiv også to minnebøker om livet med Tarjei Vesaas etter at han gjekk bort i 1970. I Midtbøs bakkar kom i 1974 og Båten om dagen i 1976. Ein del håpte nok på at dei skulle vere til hjelp for å tolke Tarjei Vesaas sin innfløkte symboldikting, men det gjorde dei ikkje - bøkene handlar om samlivet deire.
Ho var også oversettar, og attdikta klassikarar som Romeo og Julie av Shakespeare og Fedra av Racine med Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som oppdragsgjevarar.
Frå 1952 til 1967 var Halldis Moren Vesaas medlem av Norsk Språknemnd, frå 1949 til 1969 av styret i Riksteatret og frå 1965 til 1973 av Norsk Kulturråd. Ho var også ei kortare tid medlem av Norsk Teaterråd, Kringkastingsrådet og Forfattarforeningen sitt litterære råd. I alle desse verva arbeidde ho særleg for at den nynorske litteraturen skulle ha gode kår.
I 1984 blei ho utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Mot slutten av livet fekk ho ein ny kjærast, skodespelaren Gisle Straume. Dei var saman til han døydde i 1988. Ho skreiv nokre nye kjærleiksdikt i denne tida, som kom ut i 1995, same året som ho døyddde. Den siste samlinga, Livshus er også eit attersyn på livet - og eit farvel:
Veit det. Har tenkt: Av livsens blomar har du fått plukke så mange. Det veks ikkje fleir av dei, for deg.[3] | ||
Referansar
Litteratur og kjelder
- Aanderaa, Dag: Halldis Moren Vesaas i Norsk biografisk leksikon.
- Trysil-boka : bidrag til bygdens historie. 2 : Garder og slekter : bidrag til bygdens historie. Utg. Trysilboknemnda. Trysil. 1946. Digital versjon på Nettbiblioteket..
- Halldis Moren Vesaas i Historisk befolkningsregister.
- Vesaas, Halldis Moren: Harpe og dolk. Utg. Aschehoug. Oslo. 1929. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Vesaas, Halldis Moren: Tung tids tale. Utg. Aschehoug. Oslo. 1945. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Vesaas, Halldis Moren: Livshus. Utg. Aschehoug. Oslo. 1995. Digital versjon på Nettbiblioteket.