Hegglandsgrend

Grenda Hegglandsgrend er om lag midt i Fyresdal kommune og grensar til hovudsoknet Moland i sør og annekset Veum i nord.

Kyrkjesokn

Heggland var eige sokn til 1843 då det vart dela mellom dei to andre sokna, Moland og Veum. Den siste kyrkja på staden vart så nedrive i 1845. Lensmann Lars Abraham Qvisling, som budde på nabogarden Lunden, teikna kyrkja og denne teikninga stod i «Skilling-Magazin» for 1845 no. 19. Den gamle kyrkjegarden med murar, restar av graver og grunnmuren til kyrkja vert godt halden ved like av soknerådet, og her er messe kvar olsok. Ved syd-vestre hjørne av kyrkjegardsmuren er det ei Olavskjelde.

Namnet

Namnet Heggland ’s grend peikar på at dette er grenda kring garden Heggland. Like vest for garden Lunden er det ein stad som heiter Heggland Tufter, dette har ikkje noko med plassering av kyrkjene å gjere. Som så mange andre stader er denne store garden etter kvart blitt dela opp, her vart det Haugen, Lislestog, Lunden, Brokke og Greivstad. Sjølve hovudgarden vart etter kvart fråflytta, men lever vidare i namnet Heggland sine tufter. Det er så mykje det er sogesus over.

Busetnad

Det meste av denne er konsentrert i hovuddalføret der fylkesvegen går, denne har i Fyresdal namnet Fyresdalsvegen. Mot vest går det eit dalføre der grenda Åslandsgrend ligg oppe mot nord  og Kleivgrend er lenger framme. Kleivgrendsvegen går opp til Torsdalen med Hovassdammen der ein møter Valle i Setesdal. I dalsida mot vest ligg og garden Taraldlien, heimegarden til bygdebokforfattaren Bendik Taraldlien.

I dalsida mot aust ligg Geitestadgrend og lenger inn på heia fjellgardane Husstøyl og Rolleivstad. Lenger nord på same side har vi Grytegrend. Elles er mange gardar spreidde utover, enkeltvis eller fleire samla.

Skule

Fyrste skulehuset her vart bygd i 1863 og rive 1913, det vart då bygd nytt skulehus. Skulen vart lagt ned 1963 og huset fungerer i 2022 som grendehus med eit husvære i andre høgda.

Bedehus

Bedehuset Betania vart bygd av den statskyrkjelege indremisjonsforeninga og stod ferdig til bruk i 1896. Prost Børke stod for innviinga. Dette bedehuset vart det og mindre bruk for etter kvart og i byrjinga av 2000talet vart det teke ned for så å bli satt opp att på ein gard i ei av dei øvre bygdene.

Post

Signe Qvisling hadde postopneri på Vollane frå 1898, men i hennes tid vart dette brevhuset flytta til Lunden der systera Malene tok over. Malene er registrert som gardbrukar og postopnar. Posthuset vart flytta frå Lunden i 1933 til Minni der Tone Haugen vart postopnar.

Handel

Vollane

Dette huset vart bygd til bruk som landhandel og vart nytta som dette fram til 1909 då Heggland Handelslag tok over handelen i grenda. Der var og bakeri.

Heggland Handelslag

I 1909 var det eit ynskje at Fyresdal handelslag skulle ha ein opplagsstad for Heggland, Åsland og Kleivgrend i Hegglandsgrend. Styret hadde vedteke ei avtale gjort med T. og H. Haugen om overtaking av deira handel på Haugen nedre (Fyresdal gnr.44/1). Det vart vedteke at handelen i Heggland måtte organiserast som eiga forretning og eige styre, og 16. oktober vart det vedteke å overlate til L/L Heggland Handelslag tomt og hus på Haugen. Fyrst i 1916 vart lutkapitalen utan vederlag overført til Heggland som også overtok filialen. Hovudbygningen på Haugen vart flytta opp til krysset mellom fylkesvegen og den gamle Kleivgrendsvegen. På andre sida av fylkesvegen vart det bygd eit bakeri og i andre høgda på båe husa var det ein leilighet.

Handelslaget vart etter kvart oppløyst, hus og butikk overteke av private, og det har heilt til i 2022 vorte drive ein daglegvarehandel her.

Næringsliv

Haugefoss Bruk

Dette var eit større anlegg med fleire bygningar. Murar langs med elva, vasshjul, og inne i bygningen var eit større sagbruk og ikkje minst ei variert og rikhaldig kornmølle. Dette gjekk etter kvart ut av drift, men bygningane og inventaret er i 2022 intakt om det ber preg av å ikkje vere i bruk. Bustadhusa er i nyare tid grundig rehabilitert.

Stampejuvet

I Grytejuvet, i Gjuv-elva nedanfor Gryte, var det frå gamalt av kledestampe og fleire kornmøller. Ein stor flaum i 1837 øydelagde mykje, då reiste både stampe og kvernhus. Men dette vart bygd opp att og periodevis var det stor aktivitet her. Det kunne vere 4-5 kvernhus som var i bruk samtidig og det kunne endåtil vere folk som venta på tur. Det var lite populært å kome med korn som ikkje var heilt tørt, det var så seigt å arbeide med. Etter kvart vart aktiviteten liten og bygningar forfall. Dette går tydeleg fram av eit foto teke i 1914 av Olav S. Nylid.

Fyresdal elektrisitetsverk

Det vart bygd eit elektrisitetsverk i Gjuvåfossen og på dei gamle tuftene. Røyrgata vart bygd i vanskeleg terreng. Dette arbeidet tok til i mai 1915 og alt i desember vart fyrste straumen satt på. Elektrisitetsverket hadde ein peltonturbin. Etterspurnad etter straum vaks etter kvart.

Reve- og minkgardar

I dei fyrste 10åra etter 1900 vart det etablert revegardar, etter kvart og minkgardar, på fleire gardar i grenda, og i ein kortare periode var dette ei særs viktig attåtnæring for mange. Om dette er det ikkje nokre fysiske spor att i grenda.

Fyresdal torvstrø

Ved elva nedanfor Lunden var det ein kort periode drift av ei torvmyr med torvriving drive av eit vasshjul. Bygningen til torvriving vart ein del skada ved storflaumen i 1890åra. Fyresdal Torvstrø vart skipa 1905. Kor lenge den var i aktivitet er ukjent.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Qvisling, J.L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Rygh, O.: Norske gaardnavne. Syvende bind, Bratsberg Amt. Bearbeidet af A. Kjær. W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Taraldlien, Bendik.: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo
  • Veum, Bendik: Fyresdal. Ættebok. Utgjevar Fyresdal kommune 1943 Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
  • Veum, Lars: Kyrkjene i Fyresdal. Fyresdal Sokneråd 2013
  • Posten i Fyresdal. Historia frå 1805 til i dag. "Sjå deg attyyvi" 1999.