Hjelp:Gjenbruk av materiale på Lokalhistoriewiki

Hjelp:Gjenbruk av materiale på Lokalhistoriewiki er ein artikkel om korleis du kan bruke tekstar her i wikien, som tidlegare har vore publisert andre stader, anten på trykk eller på nett. Vi har ein tilsvarande artikkel om bruk av bilete.

Ein føresetnad for å leggje ut tidlegare publisert materiale, er at det har fri lisens, slik at wikibrukarane kan arbeide vidare med tekstane. Om du har fått løyve frå rettshavaren til å leggje ut tekstar som i utgangspunktet ikkje var frie, må du sende ei stadfesting på dette til oss på Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket.

Om du vurderer å leggje ut tidlegare publisert materiale i Lokalhistoriewiki, ber vi deg om å fyrst ta kontakt med oss på NLI.

Spesielt om innhald frå Nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har digitalisert dei fleste bøkene som er utgjevne i Noreg, samt ei rekkje årbøker, aviser og anna materiale, og lagt dei ut i Nettbiblioteket. Dette innhaldet kan du anten få tilgang til heimefrå eller frå eit bibliotek. Vi ønskjer som hovudregel ikkje å duplisere innhald som allereie finst på Nettbiblioteket eller som ligg i publiseringsløypa.

Unnatak kan gjerast for tekstar som har stort potensial for korrigering, utviding eller beriking. Blant prosjekta av denne typen som har fått plass på wikien, er gards- og slektshistorier, som Fedje og folket, og lokalhistoriske leksikon, som Lørenskog leksikon. Føresetnaden er, som elles, at wikibrukarane står fritt til å arbeide vidare med tekstane.

Korleis gjer ein det?

For å leggje ut materiale som er publisert andre stader tidlegare, må du ha informert samtykke frå opphavspersonen. Det tyder at opphavspersonen må ha lese og forstått lisensen cc-by-sa, sjå Creativecommons.org. Dette må du kunne dokumentere med til dømes ein e-post.

Når ein tekst i wikien opphavleg er skriven av ein einskildperson som ikkje er brukar i wikien eller henta frå ein tidligare utgjeven publikasjon, er det nødvendig å oppgi dette. Årsaka til det er at opphavet ikkje vil koma direkte fram i historikken til artikkelen, som er det som elles gjeld som kreditering. Det er ulike måtar å gjera dette på:  

Uansett skal Lokalhistoriewiki sine brukarar kunne arbeide vidare med artikkelen, slik lisensen cc-by-sa seier.

Malar for tidlegare publisert materiale

Ved publisering av ei større mengd materiale frå same kjelde, nyttar vi gjerne malar for å merke artiklane, slik at opphavleg utgjeving vert kreditert på rett vis. Malen skal også nemne lisens og at artikkelen er open for vidare redigering. Han er i tillegg nyttig for å samle artiklane i prosjektet.

Spesielt om artiklar frå Wikipedia

Vi brukar tilsvarande malar på stoff henta frå nettstader med fri lisens, som Wikipedia. Lokalhistoriewiki har sine eigne særtrekk. Oftast er det best å skrive artiklar frå grunnen av her, men av og til kan det vera aktuelt å overføre ein artikkel frå Wikipedia eller ein annan nettstad som bruker MediaWiki-programvaren (og med lisens som tillèt gjenbruk). Den beste måten å gjera dette på å eksportere artikkelen derifrå til ei fil, og så importere denne fila hit. På den måten kan historikken av brukarbidrag og versjonar inkluderast her. Dette er ein klår fordel med tanke på lisensieringa av artikkelen.

Lokalhistoriewiki krev at du legg følgjande malar på artiklar som blir importerte frå Wikipedia:

  • {{Wikipedia|nn}}
  • {{Wikipedia|no}}

I tillegg til å lenkje til opphavleg artikkel på Wikipedia, oppmoder malane brukarane til å omarbeide han, slik at han passar inn i profilen til Lokalhistoriewiki.

For å eksportere ei side, går du til special:export på wikien du vil eksportere frå. Her er nokre snarvegar til eksportsider som kan vera nyttige:

I tekstboksen skal du fylle ut nøyaktig namn på artikkelen du vil eksportere. Vil du eksportere fleire artiklar, så skriv namnet på kvar artikkel på ei ny line. Hugs å avmarkere valet «Berre siste versjon». Marker «Lagre som fil» og trykk på «Eksporter».

For å importere ei side går du til Spesial:Import.