Lauritz Aagaard Meyer (1761–1822)

Lauritz Aagaard Meyer (fødd 16. juli 1761, død 22. juni 1822) var prest.

Laurutz Aagaard Meyer, portrett fra Dolstad kyrkje.

Han var son av prost Abraham Meyer, som var sokneprest i Bolsø. Han var dimittert frå Helsingør skole i 1781 og tok teologisk eksamen i 1783. Han var så ei tid hos prost Hans Steenbuch på Melhus, før han i 1787 vart ordinert til stillinga som sokneprest i Andenes prestegjeld. Same året vart han gift med Gjertrud Cathrine Steenbuch, dotter av Melhusprosten.

I 1791 vart han sokneprest i Vefsn prestegjeld, han hadde dette embetet til sin død i 1822. Hans etterfølgar i Vefsn vart Christian Qvale.

Gjertrud døydde natt til 23. juni 1802, dei hadde då fem barn i alderen 5 til 15 år. Han gifta seg opp att med Marie Røring, dotter av Johan Jacob Røring som var sokneprest i Hemnes prestegjeld.

Han var farfar til handelsmann Lars Aagaard Meyer, og stamfar for Meyerslekta på Mo.

Kjelder


Artikkelen Lauritz Aagaard Meyer (1761–1822) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.