Mannhusing
Mannhusing er i tradisjonell språkbruk eigentleg alt folket i ei samfunnseining, t.d. ein gard, ei grend, eit sokn eller liknande, som går saman om å løyse fellesoppgåver. Nemninga er kanskje best kjent frå militært bruk, når fienden stod i landsdelen eller bygda, og alle våpenføre menn skulle gå «mann av huse». Denne plikta går fram av landvernsbolkene i det gamle lovverket, og seinare av Kristian 5. Norske Lov 3. bok 17. kapittel om våpenhaldet.
Da legdshæren vart oppretta i 1628 vart reglane om mann av huse, folkeoppbodet, ståande, men endra karakter. Dei yngste vart da skrivne ut til hær og sjøforsvar, men etter kvart som dei kom attende til heimtrakten gjekk dei inn i «mannhusingen» med erfaring frå slik teneste.
Statthaldaren, Ulrik Frederik Gyldenløve, gav i 1673 instruks om at eit utval av folkeoppbodet (mannhusingen), ein til tre frå soldatlegdene (ikkje frå legdene til kavaleriet), skulle under leiing av futen mønstrast og ekserast fire gong i året. Den eller dei utvalde skulle få dei beste private geværa som fanst i legdet, og futen skulle vere kaptein for styrken. I tillegg skulle han ha ein løytnant, tre sersjantar, tre korporalar og to tamburar. Den heimeverande ålmugen skulle sørge for mat, våpen og ammunisjon.
Det var desse utvalde som vart kalla landdragonar, og dei skulle stå under det sivile embetsverket til dei eventuelt møtte fram til eit oppmarsjområde og dei militære overtok kommandoen.
Organiseringa var på plass under Gyldenløvefeiden og vart reorganisert ved starten på Den store nordiske krigen 1700-03. Under elleveårskrigen falt futen bort som sjef, og løytnanten hadde den reelle kommandoen. Men dette oppbodet erstatta ikkje den alminnelege plikta til forsvar, og under krigen vart det halde våpenting for å kontrollere at lovreglane vart haldne. Det alminnelegen oppbodet, «mannhusingen», vart òg utkalla både i 1709-12 og i 1716. I tillegg var det denne gruppa som fekk ansvaret for vetevakthaldet.
Litteratur
- Jenstad, Tor Erik og Dalen, Arnold: Trønderordboka. Tapir 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Schiøtz, Johannes: Elleveårskrigens militære historie : avslutningen av den store nordiske krig. 1 : Almindelige forhold ved krigsutbruddet : Troppesamlingen i 1709. Forsvarsdepartementet 1936, side 182-187. Digital versjon på Nettbiblioteket