Moland kulturminneløype


Løypa i Moland i Fyresdal har sitt utgangspunkt i Turistinformasjonen i Folkestadbyen. Derifrå går ho forbi gravhaugane i Øyskogen, eit av Telemarks største gravfelt frå jarnalderen vidare til Moland kyrkje og prestegard langs den verneverdige potekjellaren som tilhøyrer Fyresdal Bygdemuseum. Ved inngangen til kyrkja ligg ein lettare skada, freda rund gravhaug. Neste stopp er ved Fyresdals fyrste faste skulestad, Klokkargarden frå 1777. Ein liten omveg oppom Munkehola frå Saukro er mogeleg på vegen til Prestestranda der arkeologiske funn av slagg frå jarnvinneanlegg frå yngre jarnalder/middelalderen viser at det har vore drift her. Omnen som ein har funne restar etter kan ha vore omtrent som den omnen I. Martens (1968) fann ved Rolleivstad i Fyresdal. Attmed parkeringsplassen ved Fyresdal Næringshage er det restar etter fire gravhaugar, desse er óg frå jarnalderen. Den siste posten på løypa føre returen til bygdemuseet er tømmerfløytingsbåten M/S «Teisner» (opphavleg passasjer- og fløytingsbåten D/S «Fyrisdal») som ligg i dokk i Presteevja i Fyresvatnet.

Stoppestader på vegen

Gravhaugane i Øyskogen

 
Øyskogen med gravhaugar og furutre.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010).

Øyskogen ligg midt i sentrum av Fyresdal og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag som utgjer ein del av Fyresdal Bygdemuseum. Presten Iver Andreas Teisner var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen og som takk for dette fekk han ein stor bauta sentralt i området.Øyskogen er ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin 1000-års stad.

Moland kyrkje

 
Moland kyrkje
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010)

Moland kyrkje ligg i Fyresdal kommune i Telemark. Ho vart bygd etter typeteikning og teken i bruk i 1843. Bygningen har gjennomgått større innvendige restaureringar, sist i 1962.

På same staden er det dokumentert to tidlegare kyrkjebygningar. Moland som kyrkjestad har venteleg tradisjonar attende iallfall til fyrste halvparten av 1300-talet. Den fyrste kyrkja vart bygd ein gong i mellomalderen og rive i 1665. Det var ei stavkyrkje. I 1595 var biskop Jens Nilssøn på visitas i Fyresdal. Han skreiv ”---Molands kirke, en trækirke, ligger ret hos prestegaarden.” Han formana kyrkjelyden å forbetre og halde ved like kyrkje og prestegard, mogleg var dei då ikkje så godt tatt vare på. Meir seier han ikkje om kyrkja.Den nye kyrkja vart innvigd 2. juli 1843 av biskop Jacob von der Lippe (1797–1878). Den er oppførd av Gunnar Tarjeisøn Klauvreid under tilsyn av byggmeister Anders Syrtveit frå Evje. Ei av slottsarkitekt H.D.F.Linstows enkle typeteikningar vart nytta.

Benkane vart restaurera i 1906 og kyrkja vart måla innvendig og pryda i 1908. Romet var kvitt med benkar i grønt og gull. Grøn girlander oppe under taket.


Klokkargarden

Klokkargarden, gnr. 36/1. Fnr. 1 under Moland prestegard.

På 1700-talet var Besjord klokkargard, men frå 1777 vart ei slette bortunder Klokkarhamaren tilvist klokkaren og dette vart ein husmannsplass under Prestegarden.

Den fyrste klokkaren var ved sidan av å vere kyrkjesongar i dei tre soknekyrkjene og skulemeister. Her på Klokkargarden vart den fyrste skulen i Fyresdal kommune halden. I 1869 vart så skulehuset Meinstad bygd på Meinstad som kombinera skulehus og bustad for klokkaren som og framleis var skulemeister.

Mykje tyder på at gardstunet fyrst låg nærare åskanten, men vart så flytta lengre ut på sletta. Bygningen, truleg med den gamle skulestova, vart bygd inn i den nye hovudbygningen på garden. Flyttinga vart nok gjort då Alexander Bugge skulle busetje seg der, men det vart det ikkje noko av. Stabburet vart flytta hit frå plassen Bukta på Vikstrånd ved Fyresvatn.

Munkehola

Munkehola er ei fjellhole som det knyter seg ei segn til.

Gravhaugar og gravrøyser i Fyresdal

Gravhaugar og gravrøyser i Fyresdal er eitt av emnene i Moland kulturminneløype.

I Øyskogen der Fyresdal Bygdemuseum har tunet sitt er det 20 gravhaugar. Dei utgjer eit av dei største gravfelta frå jernalderen i Telemark. Gravfeltet er i dag delt i to av ein veg. Innafor steingjerdet ligg 14 gravhaugar av varierande storleik. På den andre sida av vegen ligg det seks gravhaugar, ein delvis øydelagd.

Ved Moland kyrkje sin kyrkjebakke ligg og ein gravhaug. Dette er ein rundhaug med diameter på 8m som er noko skada i samband med utgraving av parkeringsplassen. Haugen er no freda etter kulturminnelova.Ved Fyresdal Næringshage ligg restar etter eit gravfelt med fire gravhaugar frå jernalderen. Alle er rundhaugar. Diameteren på haugane er frå 7 til 13 meter, og dei har ei høgd på opp mot 0,7 meter. Alle haugane er skada av ulike årsakar; masseuttak og anlegging av parkeringsplass mellom anna. Alle er freda etter kulturminnelova.

M/S «Teisner»

 
D/S «Fyresdal» på kyrkjeferd.
Foto: Olav S. Nylid før 1910

Dampbåten som i 1913 blei omdøypt til M/S «Teisner» gjekk i 1876 av stabelen ved Fyresvatn og vert då døypt D/S «Fyresdal». Dampbåten var 63,7 fot lang, 12,8 fot brei og 3,4 fot djuptgåande. Båten vart bygd ved Akers mek. Verksted i 1874 som byggjenummer 78 («Dampbaad No 78»), kom i delar til Fyresdal og vart satt saman ved Fyresvatn. D/S «Fyresdal» var passasjer- og slepebåt fra 1876 til 1912. Den hadde eit mannskap på 4 og hadde plass til 100 passasjerar. Ein kunne få kjøpt kaffi, brød og smør om bord.

Båten gjekk ikkje i regelmessig rutefart og det var vanskeleg å vite rutetidene. Den skulle og slepe tømmer. Om søndagane var det vanleg med kyrkjeturar til Moland kyrkje slik det visast på eit bilete som må vere frå før 1910, båten er på veg inn til brygga ved kyrkja.

Fyresdal Bygdemuseum

Fyresdal Bygdemuseum ligg i Øyskogen midt i sentrum av bygda og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag.

Allment

Fyresdal Bygdemuseum vart skipa 9.mars 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Det var på eit årsmøte i Fyresdals Vel at ein gjorde framlegg om å sette ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum. Til å byrje med hadde ein samlingane i lærarbustaden på gamle Gimle skule og noko seinare på stabburet på Moland prestegard. På garden Borgjæ Gnr.6 i Borggrend fekk ein så tilbod om to hus, eit stabbur og ei sers gamal årestove med grovt tømmer. På eit bilete teke av Bendik Taraldlien ser vi bygningane på opphavleg plass. Der var då eit tilbygg av nyare tømmer slik at ein ikkje ser sjølve bygningen på dette fotoet.

Bygningane vart flytta til noverande stad i 1914/1915, og ligg vakkert til i Øyskogen i Fyresdal sentrum.

I hundrevis av år har Øyskogen vore heilag grunn, og her finn me eit av Noregs vakraste gravfelt frå folkevandringstida. Etter kvart kom det fleire bygningar i dette tunet, som gjev glimt frå den eldste historia til Fyresdal. Bjørnstadstoga frå 1600-talet vart bruka som tingstoge. Fyresdal Bygdemuseum vart ein del av det konsolidera Vest-Telemark museum i 2003.

Omvisingar for grupper er mogleg og kan tingast frå turistinformasjonen i Fyresdal eller ved å kontakte Vest-Telemark Museum.

Kilder og litteratur


  Hele eller deler av Moland kulturminneløype er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.