Forside:Telemark fylke

(Omdirigert fra «Forside:Telemark»)

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark
Porsgrunn • Skien • Siljan • Bamble • Kragerø • Drangedal • Nome • Notodden •  • Sauherad • Tinn • Hjartdal • Seljord • Kviteseid • Nissedal • Fyresdal • Tokke • Vinje

Om Telemark fylke
08 Telemark vapen.png
Telemark er et fylkeØstlandet, som grenser mot Vestfold, Buskerud, Vestland, Rogaland og Agder. Administrasjonssenteret er Skien.

Fylket ble opprettet i 1919 da Bratsberg amt ble omdøpt. Den 1. januar 2020 ble Telemark og Vestfold slått sammen til nye Vestfold og Telemark fylke, men 1. januar 2024 ble storfylket oppløst, slik at Telemark igjen ble et eget fylke.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Frå fesjået på Mogen truleg kring 1890.
Fesjået på Mogen blei arrangert i Høydalsmo i Tokke kommune frå 1876. Fesjået blei avvikla på midten av 1950-talet, medan handelsmøtet heldt fram til om lag 1966. Dei som skulle handle med kyr, kom frå Dalen på sundagen, og overnatta i Høydalsmo til måndagen. Måndagskvelden reiste dei vidare til Seljord. Domarane hadde vindjakker og hatt eller luve med blank skjerm og høge støvlar. Det blei også heldt foredrag om avl og stell for å få fram dei beste dyra. Spenninga var alltid stor då "bolagoksen" kom for å bli stilt ut. Langs vegane blei det sett opp sjapper. Stokkar blei slått ned i jorda og tekt med sinktak og honveggar. Kokomnar blei fyra opp for å halde varme i kjøtsuppa som kjeringane hadde med seg. Suppa blei solgt for ei krone tallerken, medan kaffen kosta 25 øre. Mange av dei som budde i sentrum, solgte også mat og drikke heime i husa.   Les mer …

Landgård hotell med Høydalsmo sentrum i bakgrunnen.
Foto: Mittet & Co. / Nasjonalbiblioteket.
Landgård hotell låg i Høydalsmo i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå ca. 1920-1972. Alt i 1891 kjøpte Halvor O. Landsverk frå Kviteseid tomta som var utskild frå Nigard Ofte og tok til å byggje her. På 1890-talet blei det lagt fram forskjellige forslag for kvar Bergensbanen skulle leggjast, og eitt av forslaga var å leggje han gjennom Høydalsmo. Om dette var årsaka til at Halvor satte opp bygningen er usikkert, men det er ingen tvil om at den store bygningen vakte oppsikt i samtida. Då ein grosserar Ulrichsen frå Skien farta gjennom bygda då bygningen blei reist i 1890-åra, skal han ha bemerka; «Det var da svært til lang gård!». Dermed blei staden kalla «Langaard». Då sonen til Conrad Langaard, sjefen for Langaards Tobakksfabrikk, ei gong i slutten av 1920-åra kom køyrande forbi og såg skiltet med "Hotel Langaard" hengande på veggen, tok han tak i ein sakførar. Hotelleigar Halvor J. Ofte fekk brev frå ein advokat om at namnet på hotellet måtte endrast. Halvor sette inn ein «d» i namnet, og sidan heitte hotellet «Landgård».   Les mer …

Hanna Castberg von der Lippe ca. 1920.
Foto: Ukjent/Digitalt museum
Hanna Castberg von der Lippe (fødd i Skien 31. august 1872, død i Oslo 26. juni 1926) var lærar, forfattar, journalist og samfunnsdebattant. Ho var særleg engasjert i nasjonale og sosialpolitiske spørsmål, ut frå ein politisk radikal og kvinnefrigjerande ståstad. Ho stod norskdomssaka og den frilynte ungdomsrørsla nær, og gjekk inn for den radikale linja i unionsspørsmålet i 1905. Ho tilhøyrde ein sterkt samfunnsengasjert familie, og hadde ein far og ein bror som båe var framståande politikarar på den radikale fløya i Venstre. Sjølv vart ho etterkvart sosialist. Sonen Just Lippe vart ein framgrunnsfigur i Norges Kommunistiske Parti.

Etter avlagt examen artium fekk ho fyrst eit vikariat som styrar av ein privat mellomskule i Elverum. Frå 1892 til 1894 var ho guvernante hjå sokneprest Erichsen i Trysil. Sven Moren fortel i sine memoarar kor sterkt inntrykk denne «emansiperte» unge kvinna gjorde på han og bygdefolket elles der. Ho var aktiv i ungdomslaget og danna songkor som ho sjølv dirigerte. Ho gjekk fremst i 17. maitoget, og heldt sjølv tale for dagen. Med reaksjonar som spente frå sjokk til beundring kunne folk fortelje at ho både drakk øl og røykte sigar i selskap med berre karar.

  Les mer …

Leif Burull.
Foto: Fra boka Stamtavle for slekten Burull
(1938)
Leif Bjorholt Burull (født 29. november 1895 i Langesund, død 19. november 1971) var overrettssakfører og stortingsrepresentant for Høyre. Han var også amatørfotograf, aktiv slektsforsker og formann i bokkomiteen for Hamars hundreårshistorie. Bokarbeidet «ble en meget komplisert affære, ikke helt fri for dramatikk», da «den ene etter den andre av bokkomiteens medlemmer ble arrestert eller også utvist fra Hedmark fylke». For Burulls del satt han arrestert fra 29. oktober 1944 i Hamar fengsel, så i Grini fangeleir fra 15. januar 1944 til krigens slutt. Fra 1941 var Burull styremedlem i Hedmark slektshistorielag, ble formann allerede i 1943 og satt til 1957. Han utga Stamtavle for slektene Opsahl og Berger fra Elverum (1936), Stamtavle for slekten Burull (1938) og Slekten Halvorsen fra Møllerløkken (1946).   Les mer …

Faksimile frå Aftenposten 19. november 1959: annonse for Aslaug Høydal si bok Sevje.

Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 20. juli 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda Langlim i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal og trekunstnaren Torvald Høydal. Ho var ugift.Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark Folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskulen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.

Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.

Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og på Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og fekk bygt sitt eige hus nær heimstaden til Jan-Magnus Bruheim.   Les mer …

Livius Smitt
Foto: Sogn og Fjordane fylkesleksikon

Livius Smitt (fødd 8. oktober 1840 i Vinje i Telemark, død 4. mars 1890 i Brevik) var sakførar, redaktør og politikar. Frå våren 1866 var Smitt fullmektig hjå sorenskrivaren i Hardanger og Voss, og hausten 1867 fekk han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg i Florø. Her kom han raskt inn i lokalpolitikken. I 1868-69 var han formann i matrikuleringskommisjonen for Sunnfjord og Nordfjord futedøme, og i 1872 valde amtsformannskapet han inn i direksjonen for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, der han sat til 1881. Som styremedlem i dampskipsselskapet hadde han møterett i amtstinget, og her markerte han seg som den sterkaste motstandaren mot å selje selskapet til private.

Som 34-åring vart Smitt i 1874 ordførar i Florø, eit verv han hadde så lenge han budde i byen (til 1881). I 1874 sette han òg i gang Nordre Bergenhus Amtstidende, den fyrste avisa i fylket, og med nokre opphald redigerte han avisa til 1879. Han sat òg i amtsskattekommisjonen 1875-81.   Les mer …

Ulrik Frederik Gyldenløve sammen med en sort pasje som enkelte antar å være Christian Hansen Ernst.

Christian Hansen Ernst (død 17. august 1694 i Kragerø) er kjent fordi han angivelig var postmester i Kragerø og den første svarte embetsmannen i Norge. Han ble stukket ihjel på gata på nattestid, og ifølge tradisjonen var drapsmannen sjalu på grunn av Ernsts gode kvinnetekke. Historikeren Ola Teige har imidlertid påvist at det meste som man har ment å vite om Ernst, ser ut til å være konstruert lenge etter Ernsts død, spunnet rundt noen få beviselige fakta.Den historien om Christian Hansen Ernst som har fått feste seg, er at han var grev Ulrik Frederik Gyldenløves pasje. Som takk for trofast tjeneste, utnevnte Gyldenløve ham til postmester i Kragerø i 1681. Natt til 17. august 1694 ble han drept med kniv, visstnok i Knivstikkersmauet i Kragerø. Det er hevdet at morderen het Grunde Olsen Barland, og at han drepte Ernst i sjalusi fordi de beilet til samme kvinne.

I Eidsvollsbygningen finnes det et portrett av Ulrik Frederik Gyldenløve som antakelig er en 1800-tallkopi av et maleri fra 1600-tallet, der Gyldenløve er kledd i rustning mens en ung svart gutt holder hjelmen hans. Det er hevdet at gutten er Christian Hansen Ernst og at han kom i Gyldenløves tjeneste mens Gyldenløve var ambassadør i London i 16691670. Ernsts opprinnelige navn skal ha vært Chris Henry Ernest, og en av hans oppgaver var å hjelpe sin herre med å oppnå kontakt med kvinner. Også i Kragerø skal Ernst ha sjarmert kvinner i en slik grad at han ble far til flere barn.   Les mer …

Egges grav på Vår Frelsers gravlund.
Foto: Chris Nyborg
Klaus Egge (født 19. juli 1906Klokkergården i Gransherad, død 7. mars 1979 i Oslo) var komponist, musikkpedagog og anmelder av musikk i Arbeiderbladet. Foreldrene til Klaus Egge het Rasmus Klausson Egge og Rakel Iversen. Han var fra Egge i Breim; hun var fra Langesund. Rasmus Klausson Egge var målmann og lærer i Porsgrunn. Da Klaus ble født, bodde foreldrene i Gransherad, for mora var sykelig og trengte frisk luft. Rasmus Klausson Egge var kirkesanger under oppholdet i Gransherad. Etter et par år flyttet familien tilbake til Porsgrunn, der foreldrene bodde livet ut. De bodde først i St. Hansåsen og deretter i Lilleåsveien 4. Der vokste Klaus Egge opp. Flere hardingfelespillere vanket hos familien Egge, noe som må ha inspirert Klaus siden i livet.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Kategoriar for Telemark fylke
 
Andre artiklar