Moskenes kommune
Moskenes kommune er ein kommune på den sørlige delen av Moskenesøya i Lofoten i Nordland fylke. Kommunesenteret er fiskeværet og tettstaden Reine. Andre fiskevær inkluderer Hamnøy, Sakrisøy, Moskenes, Sørvågen, Tind og Å. Fråflytta fiskevær ved Lofotodden og på yttersida inkluderer Ånstad, Hell(e) og Refsvika. Moskenes kommune grensar til lofotkommunane Flakstad kommune i nord-nordaust og Værøy kommune over Moskstraumen i sør-sørvest. Over Vestfjorden ligg Steigen kommune i aust og Bodø kommune i søraust, begge i Salten.
Moskenes kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1874 |
Fylke | Nordland |
Kommunesenter | Reine |
Areal | 118.61 km² |
Areal land | 110.29 km² |
Areal vann | 8.32 km² |
Folketall | 979 (2023) |
Grunnlagt | 1916: Utskilt frå Flakstad |
Sammenslåing(er) | 1964: Flakstad innlemma. |
Fradeling(er) | 1976: Flakstad utskilt som eigen kommune igjen. |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Natur
Folk og språk
Ein del stadnamn i kommunen vitnar om samisk nærvere. Det tydeligaste av dei er nok sjølve kommunenamnet Moskenes, som etter alt å dømme heng i hop med lulesamisk Måsske — jf. òg øya Mosken rett over Moskenesstraumen. Fjorden Kjerkfjorden med sine bratte fjellsider og smale strandsone har nok fått namnet sitt frå storsteinar — lulesamisk giergge.
Den germanske dialekten i området er i hovudtrekk eit typisk lofotmål: Det er apokope av infinitiv (å vett, å køyr, å komm) og preteritum (Han vesst ikkje ka ho tænkt på.); men svake hokjønnsord held stort sett på -a i ubestemt form (ei granbuska, ei læksa). Det finst ikkje endingsvariasjon etter jamvektsregelen i dialekten. Dei personlige pronomena mister ofte -g (e, me, de, se, var. eg, meg, deg, seg). R-lyden går ofte mot postalveolar approksimant, på liknande vis som på Værøy og Røst og i deler av Vesterålen. Spesielt for dialekten utover mot Sørvågen og Å er ein halvtjukk l i ord som enn stoɭ og ei soɭ der saltværing og helgelending har tjukk l (enn stoł, ei soł) og det meste av Lofoten har tynn l (enn stol, ei sol).
Næringsstruktur
Samferdsel
E10 er hovudvegen i kommunen. Endepunktet for vegen er Å, og han går langs innersida av Moskenesøya gjennom Tind, Sørvågen, Moskenes (ferjesamband til Bodø, Værøy og Røst), Reinevågen og vidare på bruer mellom øyane Andøya, Sakrisøya, Olenilsøya, Litl-Toppøya, Toppøya og Hamnøya og så inn Skagen føre han går gjennom Hamnøytunnelen (2014) forbi Liland og kjem ut ved Vassdalsvatnet, der han fortsett mot kommunegrensa mot Flakstad ved Ølkonna. E10 går så vidare nordaustover mot Svolvær, Tjeldsundbrua, Bjerkvik (kryssing av E6) og vidare opp forbi Bjørnfjell og over grensa til Kiruna og Luleå.
Administrasjonshistorie
Militær- og rettshistorie
Det er ikkje kjent kva leidangsinndelinga var i Lofoten kring 1300. I 1648 veit vi at Lofotens fogderi var inndelt i åtte (!) fjerdingar i tillegg til Skrova fiskevær. Flachstad Fieringh (Flakstads fjerding) svarte direkte til vår tids Flakstad og Moskenes kommunar.
Kyrkjehistorie
I Trondhjems Reformats 1589 lå Moskenes under Lofotens prestegjeld med Buksnes som hovudkyrkje. Det var da kyrkje på Flakstad og eit korshus på Moskenes, og ein domestico sacellano stod for gudstenestene i desse to. I 1740 blei prestegjeldet delt og Flakstad prestegjeld blei oppretta, med den tidligare kapellanen som sokneprest. I 1819 blei det bygd ei korskyrkje i tømmer til erstatning for det gamle korshuset på Moskenes, og denne blei formelt innvigd i 1821. Det blei bygd eit kapell på Reine i 1890 — den noverande Reine kyrkje. Ved opphøret av prestegjelda i 2000-åra blei det kyrkjelige fellesrådet ikkje delt etter kommunegrensene; det gamle prestegjeldet blei vidareført i Flakstad og Moskenes kirkelige fellesråd.
Kommunehistorie
Moskenes herad blei oppretta gjennom utskilling frå Flakstad herad i 1916. I 1964 blei Flakstad og Moskenes slått i hop igjen, no under namnet Moskenes kommune. I 1976 blei kommunane delt igjen, og noverande Moskenes kommune svarar til Moskenes herad sånn det var i 1916–1963.
Media
Moskenes kommune inngår i dekningsområdet for distriktsavisa Lofotposten (utg. i Svolvær) og regionsavisa Avisa Nordland (utg. i Bodø).
Kjente moskenesværingar
- Rolv Thesen (1896–1966), litteraturforskar og forfattar
- Herman Bendixen (1919–1977), bildekunstnar
- Hans-Erik Dyvik Husby («Hank von Helvete», f. 1972), musikar (budde i kommunen til treårsalderen)