Ragnhild Sørensdatter (ca. 1808–1889)

Ragnhild Sørensdatter (født ca. 1808 i Aurdal, død 30. mai 1889 i Østre Toten) var ei av dei mange kvinnene frå Valdres som flytta til Mjøsområdet på 1800-talet.

Vi veit ikkje så mykje om bakgrunnen hennar, men ho er truleg identisk med den «Ragnhild Sørensdatter Stenseth» som flytta til Østre Toten frå dåverande Nord-Aurdal prestegjeld i 1834. Den nordre delen av Etnedalen, der garden Steinset ligg, var då ein del av Nord-Aurdal.

Sonen Augustinus vart fødd i 1841. Ho fekk han utanfor ekteskap med ein Peder Pedersen, og Ragnhild budde då på ein plass under Mellgarden Fårlund i Balke sokn.

Seinare vart ho hushaldar for nybyggjaren og gartnaren Børre Larsen (1813–1901), som hadde bygd ei stove i bratta ned mot Mjøsa i Toten allmennings lodd nr. 5. Her døydde Ragnhild som fattiglem i 1889.

Kjelder og litteratur

Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!