Skarsvegen (Seljord)

Skarsvegen er ein gamal bygdeveg på omlag 7,5 km som går frå Svartdalsvegen ved Bakkemoen i Svartdal til Fossheim i Åmotsdal i Telemark. Vegen er særs gamal, og kan ha blitt nytta av fangsfolk for så mykje som 7000 til 5000 år sidan. Pollenanalyser visar spor av kulturplanter og husdyrbruk frå rundt år 3000 f. Kr. og spor etter korndyrking frå ca. år 200 f. Kr. Skarsvegen bleir rusta opp som kulturhistorisk veg til Kulturminneåret 2009.

Skarsvegen sett frå Svartdalsvegen.
Foto: Roy Olsen (2019).

Frå omlag år 1000 var Skarsvegen knytta til Hardingslepa, som gjekk over Hardangervidda. Med auka fersdel følgde betre standard, og frå 1700-talet var vegen rotelagd. Frå først 1700-talet kom vestlendingane over fjellet til marken på Møsstrond og i Rauland. Marken var først på Toresmoen på Møsstrond og seinare på Saltpytt ved Songavatn. Frå rundt 1825 blei marken flutt til Åmyri på Rauland, der den var fram til århundreskiftet. Skarsvegen var den naturlege vegen mellom aust og vest og var offenleg veg fram til slutten av 1860-åra.

Embetsfolk skulle óg fram, og kjende folk som Zacharias Skancke, Hans Wille og Hans Jacob Wille, Hans Landstad og Magnus Brostrup Landstad, og alle prestane før og etter desse, må ha brukt Skarsvegen. Hans Nilsen Hauge fór hausten 1802 over Skare. Han kom frå og Seljord på veg til Tinn. Han heldt møte m.a. på Nord-Minnesjord.

Kulturminne

Bland kulturminna langs vegen finn ein:

Skildringar

Magnus B. Landstad er ein av mange prestar som har brukt vegen, den gong han var sokneprest i Seljord. Han skreiv diktet Aneksreisen etter ein strevsam tur langs vegen.

Dei mange kulturminne, plassar og staular langs vegen har blitt skildra av Harald Aakre i Skarsvegen, som blei utgjeven 1991.

Nokre av husa langs vegen er skildra i ei rad litografier av Inge Bye.

Litteratur