Stordal kommune
Stordal kommune var ein av Sunnmørskommunane i Møre og Romsdal. Kommunen grensa mot Ørskog, Vestnes, Rauma, Norddal, Stranda og Sykkylven. Han hadde namn etter kommunesenteret Stordal. Den 1. januar 2020 vart Stordal og Norddal slått saman til nye Fjord kommune.
Stordal kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1526 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Stordal |
Areal i km²(2020) | 247,07 km² |
Folketal 2020 | 972 (2018) |
Opphørte | 2020 |
No del av | Fjord kommune |
Stordal er ei av sunnmørsbygdene som er kjent for møbelindustrien sin. På 1990-talet var det 450 arbeidsplassar i denne næringa, og folk frå nabokommunane pendla til arbeid i Stordal. Seinare har konkursar og utflytting av produksjon til Baltikum ført til at møbelfabrikkane i 2013 berre sysselset rundt 100 personar.
I Stordal er det to kyrkjer, Stordal kykje frå 1907 ligg på Vinje og er den kyrkja som vert brukt til vanleg. Rosekyrkja er gamlekyrkja frå 1789. Kyrkja har fått namnet på grunn av den rike innvendige dekoreringa.
Kjelder og litteratur
- Aftenposten, 12. desember 2013: «Færre stoler Made in Norway».
|