Sund kommune

Sund kommune låg i Hordaland, og grensa til Fjell i nord, Bergen i aust og Austevoll i sør. Størstedelen av kommunen var på øya Sotra, som var delt mellom kommunane Sund i sør og Fjell i nord. Den 1. januar 2020 vart både Sund og Fjell del av Øygarden kommune.

Sund kommune
1245 Sund komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1245
Fylke Hordaland
Kommunesenter Skogsvåg
Areal i  km²(2020) 99,54 km²
Folketal 2020 7085 (2018)
Grunnlagt 1838
Opphørte 2020
No del av Øygarden kommune
Målform Nynorsk

Det var tre tettstader i kommunen, som alle ligg på Sotra: Hammarsland, Klokkarvik og Tælavåg. Sistnemnde er særleg kjend frå brenninga av Tælavåg, dei hardre represaliane bygda vart utsett for i april 1942. Administrasjonssenteret i kommunen var Skogsvåg.

Fiske er ein viktig næringsveg, for mange i kombinasjon med landbruk. Saue- og hønsehold er vanleg, og man finn óg ein del mjølkeproduksjon. Industrien er for ein stor del knytta til fisket i form av foredling og oppdrett. Det er noko plastvare- og metallvareindustri i kommunen.

Hope trebåtlag og Sund kystlag held til i tidlegare Sund kommune.

Lerøy fyrstasjon var aktivt frå 1855 til 1891.

Haugeheim skule låg på Vorland, og var i drift frå 1960 til 1970.

20. januar 2016 vedtok kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden å slå saman dei tre kommunane. Den nye storkommunen fekk namnet Øygarden.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer

  • Bergens%20Tidende på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek (tilgang i norske bibliotek)