Alma Enstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Alma Enstad født 16. desember 1916 på Gjershaugen i Øverdalen (Rauma) av foreldra Elling Asbjørnsen Ormheim og Brit Slettaøyen (1874-1949), død 24. mai 2003 i Lesja var ei aktiv kvinne i Lesja.

Ho var født av ugifte foreldre på Verma, og i kyrkjeboka er det ført opp feil farsnamn, men mora og ho sjølv erkjente den rette faren, slik ein kan sjå av folketeljinga 1920.

Mora, Brit, gifta seg i 1921 med Syver Syversson Enstad (1875-1948). Han var frå Nordpå Enstad på Lesjaskogen og hadde fått frådelt eit mindre bruk Vesl-lykkja. Der voks Alma opp.

Det var først i vaksen alder at Alme fekk ta utdanning. I 1950-53 gjekk ho Norske Kvinners Sanitetsforenings sykepleieskole. Så var ho distriktshelsesøster på Lesjaskog til 1956 før ho vart sjukesøster på Aker sykehus frå 1956. Ho var så oversøster på Dikemark sykehus frå 1961 til 1972.

Alma heldt god kontakt med heimbygda. Alt i 1964 la ho fram planar om å bygge eit Eldres Senter på Lesjaskog, og ho gav sjølv betydelege økonomiske midlar til formålet og starta innsamlingsaksjonar. I 1972 var det første bygget ferdig, og Alma var styrar ved senteret til 1982.

Alma Enstad fekk Kongens fortenestmedalje i gull for arbeidet med Eldres Senter.

Kjelder og litteratur