Alma Enstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eldres Senter på Lesjaskog.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009)

Alma Enstad (født 16. desember 1916 på Gjershaugen i Øverdalen, død 24. mai 2003 i Lesja) var ei aktiv kvinne i bygda. Ho var født på Verma av ugifte foreldre Elling Asbjørnsen Ormheim og Brit Slettaøyen (1874-1949). I kyrkjeboka er det ført opp feil farsnamn, men mora og ho sjølv erkjente den rette faren slik ein kan sjå av folketeljinga 1920 og bygdeboka.

Mora, Brit, gifta seg i 1921 på Lesjaskog med Syver Syversson Enstad (1875-1948). Han var frå Nordpå Enstad på Lesjaskogen og hadde fått frådelt eit mindre bruk Vesl-lykkja. Der voks Alma opp og tok etternamn etter stefaren. Etter foreldra døydde overtok Alma bruket.

Det var først i vaksen alder at Alme fekk ta utdanning. I 1950-53 gjekk ho Norske Kvinners Sanitetsforenings sykepleieskole. Så var ho distriktshelsesyster på Lesjaskog til 1956 før ho vart sjukesyster på Aker sykehus frå 1956. Ho var så oversyster på Dikemark sykehus frå 1961 til 1972.

Alma heldt god kontakt med heimbygda. Alt i 1964 la ho fram planar om å bygge eit Eldres Senter på Lesjaskog. Til formålet etablerte ho Eldres Fond og gav sjølv betydelege økonomiske midlar til det. Ho fekk med seg bygdefolket og starta innsamlingsaksjonar til formålet. I 1972 var det første bygget ferdig (innflytting på nyåret 1973). Alma var styrar ved senteret til 1982. Ho var òg aktiv på fleire feilt, mellom anna i Lesjaskog Indremisjonsforening og i arbeidet med Kyrkjestugu på Lesjaskog.

Alma Enstad fekk i 1982 Kongens fortenestmedalje i gull for arbeidet med Eldres Senter.

Kjelder og litteratur