Bykle kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykle
0941 Bykle komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0941
Fylke Aust-Agder
Kommunesenter Bykle
Areal 201.87  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 201.87  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1902
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Bykle kommune ligg heilt nord i Setesdalen i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar i nord og aust til Telemarkskommunane Vinje og Tokke, i sør til Valle, Sirdal i Vest-Agder og Forsand i Rogaland, og i vest til Hjelmeland og Suldal i Rogaland. Kommunen vart utskilt frå Valle kommune i 1902.

Bykle har store vasskraftressursar, og store delar av kommuneinntektene kjem frå produksjon av elektrisitet frå vasskraft. Hovden er det største vintersportsstaden sør for Hardangervidda. I Kulturminneåret 1997 blei Byklestigen vald til kommunen sitt kulturminne.

Busetting

Bykle er ein tynt busett kommune. Det var i 2012 omkring 930 innbyggjarar, men både i 1900 og i 1970 var folketalet nede i 470.

Busettinga ligg for det meste nær riksveg 9, med nokre grender som strekk seg innover i sidedalar. Det er to tettstader i kommunen, Bykle (Kyrkjebygdi) og Hovden. Blant grender kan nemnast Breive, Hoslemo og Berdalsbru.

Det er 19 matrikkelgardar i kommunen (sjå garder i Bykle kommune). Dei er nummerert frå 1 til 20; gardsnummer 19 er ikkje nytta.

Eksterne lenker

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!