Dølaringen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(døler og austmenner)
(Tilleggsopplysningar)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Dølaringen]]''' er ein samskipnad som arbeider for å fremje interessa for kultur, historie, nynorsk og dialektbruk i [[Gudbrandsdalen]]. Samskipnaden vart grunnlagt i [[1918]]. Både enkeltpersonar og lag kan vere medlemmer. Ei hovudoppgåve for Dølaringen frå og med 1930 har vore å gje ut [[Årbok for Gudbrandsdalen]], frå 1933 i samarbeid med [[Gudbrandsdal Historielag]]. Saman med historielaget eig og driv Dølaringen eit forlag med namnet [[Dølaringen boklag]] på [[Lillehammer]]. </onlyinclude>
<onlyinclude>'''[[Dølaringen]]''' er ein samskipnad som arbeider for å fremje interessa for kultur, historie, nynorsk og dialektbruk i [[Gudbrandsdalen]]. Samskipnaden vart grunnlagt i [[1914]]. Både enkeltpersonar og lag kan vere medlemmer. Ei hovudoppgåve for Dølaringen frå og med 1930 har vore å gje ut [[Årbok for Gudbrandsdalen]], frå 1933 i samarbeid med [[Gudbrandsdal Historielag]]. Saman med historielaget eig og driv Dølaringen eit forlag med namnet [[Dølaringen boklag]] på [[Lillehammer]]. </onlyinclude>


Den eldste møteprotokollen til Dølaringen er frå 1924, og dette blir stundom rekna som grunnleggingsåret. Men det er godt dokumentert at laget var i verksemd seinast frå 1918. Fyrste formannen ser ut til å ha vore [[Olav Åsmundstad]]. Eit nytt styre frå 1919 bestod av [[Aksel Hattestad]] frå [[Fåberg]], [[Kr. Ourum]] frå [[Øyer]] og [[Bjørner Vigerust]] frå [[Dovre]].
Dølaringen vart stifta på årsmøtet til [[Austmannalaget]] på [[Dovre]] den 4. januar 1914. Det vart gjort etter framlegg frå [[Stefan Frich]]. Føremålet var å danne ein «målring» for Gudbrandsdalen innafor den større samskipnaden Austmannalaget. Det vart valt eit styre med tre medlemmer, [[Olav Åsmundstad]], [[Olav Aukrust]] og [[Trond Vigerust]], truleg med den fyrste som leiar. Eit nytt styre frå 1919 bestod av [[Aksel Hattestad]] frå [[Fåberg]], [[Kr. Ourum]] frå [[Øyer]] og [[Bjørner Vigerust]] frå [[Dovre]].
Den eldste møteprotokollen til Dølaringen er frå 1924, og dette blir stundom rekna som grunnleggingsåret.  


Frå fyrst av var Dølaringen eit samlag for dei lokale mållaga i Gudbrandsdalen. Dølaringen var i sin tur tilslutta [[Austmannalaget]]. Frå 1933 vart føremålet utvida noko ut over målsaka. Dølaringen skulle «verne om dølakulturen i mål og minne, i sed og skikk, i arbeid og kunst» (lover vedtekne på årsmøtet på [[Otta]] 16. juli 1933). Laget skulle også ha for auga å hjelpe til med opplæring av ungdomen «på heimleg grunn».   
Frå fyrst av var Dølaringen eit samlag for dei lokale mållaga i Gudbrandsdalen. Dølaringen var i sin tur tilslutta [[Austmannalaget]]. Frå 1933 vart føremålet utvida noko ut over målsaka. Dølaringen skulle «verne om dølakulturen i mål og minne, i sed og skikk, i arbeid og kunst» (lover vedtekne på årsmøtet på [[Otta]] 16. juli 1933). Laget skulle også ha for auga å hjelpe til med opplæring av ungdomen «på heimleg grunn».   
Linje 20: Linje 22:
*Hovdhaugen, Einar: «Årbok for Gudbrandsdalen gjennom 50 år» i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1982''.
*Hovdhaugen, Einar: «Årbok for Gudbrandsdalen gjennom 50 år» i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1982''.
*Hovstad, Bernhard: «Gudbrandsdal Historielag 50 år», i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1969''.
*Hovstad, Bernhard: «Gudbrandsdal Historielag 50 år», i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1969''.
*''Norigs Maalag 1906-1914'', ved skrivaren premierløytnant Edv. Os. Oslo (sic!) 1915. [http://krundalen.no/tekstar/NM_1906-1914.pdf Digital utgåve] på nettstaden [http://www.krundalen.no/blogg/ Krundalsbloggen]


[[Kategori:Foreninger i Oppland]]
[[Kategori:Foreninger i Oppland]]
Linje 25: Linje 28:
[[Kategori:Historielag]]
[[Kategori:Historielag]]
[[Kategori:Austmannalaget]]
[[Kategori:Austmannalaget]]
[[Kategori:Etableringer i 1918]]
[[Kategori:Etableringer i 1914]]

Sideversjonen fra 21. mai 2011 kl. 04:47

Dølaringen er ein samskipnad som arbeider for å fremje interessa for kultur, historie, nynorsk og dialektbruk i Gudbrandsdalen. Samskipnaden vart grunnlagt i 1914. Både enkeltpersonar og lag kan vere medlemmer. Ei hovudoppgåve for Dølaringen frå og med 1930 har vore å gje ut Årbok for Gudbrandsdalen, frå 1933 i samarbeid med Gudbrandsdal Historielag. Saman med historielaget eig og driv Dølaringen eit forlag med namnet Dølaringen boklagLillehammer.

Dølaringen vart stifta på årsmøtet til AustmannalagetDovre den 4. januar 1914. Det vart gjort etter framlegg frå Stefan Frich. Føremålet var å danne ein «målring» for Gudbrandsdalen innafor den større samskipnaden Austmannalaget. Det vart valt eit styre med tre medlemmer, Olav Åsmundstad, Olav Aukrust og Trond Vigerust, truleg med den fyrste som leiar. Eit nytt styre frå 1919 bestod av Aksel Hattestad frå Fåberg, Kr. Ourum frå Øyer og Bjørner Vigerust frå Dovre.

Den eldste møteprotokollen til Dølaringen er frå 1924, og dette blir stundom rekna som grunnleggingsåret.

Frå fyrst av var Dølaringen eit samlag for dei lokale mållaga i Gudbrandsdalen. Dølaringen var i sin tur tilslutta Austmannalaget. Frå 1933 vart føremålet utvida noko ut over målsaka. Dølaringen skulle «verne om dølakulturen i mål og minne, i sed og skikk, i arbeid og kunst» (lover vedtekne på årsmøtet på Otta 16. juli 1933). Laget skulle også ha for auga å hjelpe til med opplæring av ungdomen «på heimleg grunn».

I samsvar med det utvida føremålet vedtok Dølaringen det same året å samle tilfang til ei kulturhistorie for Gudbrandsdalen. Fyrst etter krigen, i regi av Kulturhistorisk samskipnad for Gudbrandsdalen, kunne dette arbeidet nyttast i Sigurd Griegs og Fartein Valen Sendstads Gudbrandsdalen i middelalderen i tre band (1956-1958).

Vendinga mot kulturhistorie frå 1933 gjorde det naturleg å innleie det tette hopehavet med Gudbrandsdal Historielag som har stått ved lag alt sidan. Samarbeidet om årboka tok til det same året. Frå 1935 har dei to laga hatt felles årsmøte. Med ei avtale frå 1975 vart samarbeidet ytterlegare styrka med sams rekneskap og årsmelding for Dølaringen, historielaget og boklaget. Men da det i 1988 kom forslag om å sameine dei to laga fullt og heilt, gjekk ikkje dette gjennom. Ein ottast nok at det spesifikke ved Dølaringens føremål, særleg arbeidet for målsaka, kunne svinne i ei samanslåing med det kulturideologisk meir nøytrale historielaget. På eit eige årsmøte for Dølaringen 26. august 1990 vart dette vedtaket gjort: «Dølaringen held fram som eigen organisasjon. Arbeidet for styrking av dialektane og nynorskbruk blir prioritert høgare. Samarbeidet med Gudbrandsdal Historielag held fram som før.»

I følgje årsmeldinga for 2008 hadde Dølaringen 86 enkeltpersonar og to mållag som medlemmer.


Kjelder og litteratur

  • Nettstaden til Dølaringen boklag
  • Nettstaden til Gudbrandsdal Historielag
  • Forseth, Iver: «Dølaringen - ein kulturberar i Gudbrandsdalen», i Årbok for Gudbrandsdalen 1996.
  • Hattestad, Aksel: Gudbrandsdal historielag 1919-1949, i Årbok for Gudbrandsdalen 1949.
  • Hosar, Kristian: «75 årbøker om Gudbrandsdalen» i Årbok for Gudbrandsdalen 2007.
  • Hovdhaugen, Einar: «Årbok for Gudbrandsdalen gjennom 50 år» i Årbok for Gudbrandsdalen 1982.
  • Hovstad, Bernhard: «Gudbrandsdal Historielag 50 år», i Årbok for Gudbrandsdalen 1969.
  • Norigs Maalag 1906-1914, ved skrivaren premierløytnant Edv. Os. Oslo (sic!) 1915. Digital utgåve på nettstaden Krundalsbloggen