Evre Dysje (Bykle gnr 8/1)

Evre Dysje, eller berre Dysje, var ein av Dysjegardane i Bykle kommune. Som det går fram av bolka om den udela garden vart garden dela i 1815, og den fyrste eigaren og brukaren på det øvre av dei to bruka var Olav Gunnarsson, son åt Gunnar Knutsson Nesland og kona, Gunhild Asbjørnsdotter, fødd Stavenes.

Evre Dysje
Dysje 4.jpg
Evre Dysje fotografert av Folke Nesland i 1967.
Alt. namn: Dysje
Stad: Botnen
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 8
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Olav og kona hans budde hjå foreldra hans i Systog Nesland dei fyrste åra dei var gifte, men då dei døypte ei dotter frå Dysje 1.4. 1819, reknar me med at dei seinast hadde flutt hit hausten 1818. Flytjedagar var etter gamalt 14. oktober og 14. april.

  • Olav Gunnarsson Nesland, f 1781, d 1863
g 1810 m Tone Tarjeisdotter Mosdøl, f 1790, d 1867. Born:
  • Gunnar, f 1811, g 1845 m Ingjerd Jonsdtr. Brotteli, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1814, g 1833 m Åsmund Torleivsson Trydal, sjå Stigamoen
  • Ingebjørg, f 1816, g 1836 m Hallvard Olavsson Skolås, sjå Skolås, gnr 9, bnr 2
  • Tone, f 1819, d 1819
  • Jorunn, f 1820, g 1. 1846 m Hallvard Åsmundsson Hisdal, g 2. m Peder Johannessen Riveland, sjå Hisdal, gnr 20, bnr 3
  • Tone, f 1832, g 1846 m Torstein Olsson Ljosådalen, sjå Hagen Berdalen, gnr 3, bnr 5
  • Tarjei, f 1825, g 1. 1853 m Ingebjørg Arnesdtr. Berdalen, g 2. 1870 m Ingebjørg Eivindsdtr. Stavenes, sjå Skolås, gnr 9, bnr 2
  • Knut, f 1827, til Amerika, g m Ragnhild, sjå nedanfor
  • Knut, f 1830, d 1833
  • Sigrid, f 1835, g 1875 m Ånund Ånundsson Tveiten, jfr nedanfor, sjå også Lislestog

Tone Tarjeisdotter kom frå Berget Mosdøl, foreldra hennes var Tarjei Tovsson Mosdøl og Jorunn Jonsdotter, fødd Brotteli. Desse flutte sidan til Holen, men i denne boka er dei omtala under bnr 2 i Mosdøl.

Av dei 10 borna i flokken var det heile 8 som vaks opp. Av desse vart 6 verande i Bykle, ei var ei tid i Valle, men flutte sidan til Stavanger, og ein drog til Amerika.

Den sistomtala, Knut Olavsson, fekk attest for å flytje til Hjelmeland i Ryfylke i 1846. I 1854 drog han vidare til USA. Han reiste ut frå Stavanger, og den rekonstruerte emigrantprotokollen derifrå gjev opp at han hadde budd på Åse i Årdal. I 1860 budde han på ein farm ved Hamburg, Wisconsin. Han var då 33 år, gift med ei Ragnhild, som også var 33, og hadde ein son på 2, som heitte Olav. I 1880 var Knut og Ragnhild framleis på same farmen, Olav budde og arbeidde på ein farm ikkje langt unna, i Dunn Township, Dane County, og dei borna som då budde hjå foreldra var Elizabeth(17); Louis (16) og Malin (11).

I 1842 kaupte Olav Gunnarssson ein slåtteteig kalla Flotti innåt garden. Seljarane var oppsitjarane på Løyland og Dale, og prisen var 45 speciar. Me trur dette var den same teigen som Gunstein Tarjeisson på Bratteland hadde ført rettssak om med Løyland- og Dalebøndene 90 år tidlegare (sjå Bratteland). Olav kaupte også Nordstog Bratteland, me meiner det må ha vore eingong i åra 1852-54, og sat med det til han døydde, Odd Tarjeisson leigde det bruket av han. Etter at Olav var død løyste Odd ut ervingane hans.

Olav dreiv Evre Dysje til 1844, då han tok foddog og skøytte bruket over på eldstesonen:

  • Gunnar Olavsson Dysje, f 1811, d 1896
g 1845 m Ingjerd Jonsdtr. Brotteli, f 1819, d 1893. Born:
  • Knut, f 1844, d 1845
  • Tone, f 1846, d 1899, ug
  • Olav, f 1848, d 1894, ug
  • Jon, f 1852, d 1902, ug
  • Gunhild, f 1857, d 1899, ug
  • Knut, f 1861, d 1862
  • Tone, f 1865, d 1865

Ingjerd kom frå Brotteli, og var dotter åt Jon Andresson Brotteli og kona, Gunhild Knutsdotter, fødd Nesland.

Etter at Gunnar var død i 1896 gjekk bruket på auksjon. Kauparen då var Ånund Ånundsson Tveiten, som var gift med yngste syster åt Gunnar. Ånund budde aldri her, han budde og dreiv handel i Lislestog i Byklum, gnr 14, bnr 39. Kaupesummen i 1896 var 1300 kr.

Tarjei og Ingebjørg Bratteland ein gong kring 1970.

{{thumb| I 1900-folketeljinga står det at bruket ved det leitet var «ubeboet» og at her då korkje var sånad eller krøterhald. Kor lenge her sto tomt, veit me ikkje, men i 1907 fann iallfall Ånund tida inne til å selje. Kauparen denne venda var formelt Tarjei Helleiksson Bratteland, men Tarjei var då berre 13 år, så i røynda var det far hans som sto for kaupet. Han heitte Helleik Auversson, og er i denne boka nærare omtala under Bratteland, gnr 9, bnr 1, som han også åtte.

Så vidt me kan skjøne flutte Helleik med huslyden sin frå Bratteland til Dysje straks etter kaupet, og budde her i mange år.

I 1918 vart det tinglyst at Tarjei skulle yte foddog til foreldra, så frå det tidspunktet var han røynleg eigar og oppsitjar.

  • Tarjei Helleiksson Bratteland f 1894, d 1990
g 1922 m Ingebjørg Hallvardstr. Berg, f 1901, d 1986. Born:
  • Solveig Kristine, f 1947
  • Åse, f 1966
  • Bjørg Tone, f 1969
  • Mai Helene, f 1971
  • Sigrunn, f 1976
  • Margit, f 1926, syerske med sveinebrev, husmor, g m Halvor Rui, f 1915 i Fyresdal, busett Røros, born:
  • Tora Margrete, f 1952
  • Torgeir Helge, f 1958
  • Olav, f 1966
  • Borghild, f 1928, d 1929
  • Borghild, f 1930, husmor, g m Thor Rødberg, f 1921, d 2005, busett Sør-Audnedal , born:
  • Inge Torvald, f 1951
  • Inger Brit, f 1955
  • Åge Vidar, f 1961
  • Hallvard, f 1932, byggmeister, g m Anne Valborg Skomedal, f 1939 busett Kristiansand. Born:
  • Ingun, f 1965
  • Gunstein, f 1970
  • Ingebjørg, f 1934, husmor, g m Reidar Lie, Valevåg, f 1931, busett Valevåg, born:
  • Frank Roy, f 1959
  • Henning, f 1960
  • Inge Tommy, f 1963
  • Reidun Aina, f 1966
  • Tone, f 1939, d 1939
  • Eivind, f 1940, professor i konstruksjonsteknikk, g m Britt Hassel, Trondheim, f 1946, busett Trondheim. born:
  • Bjørg, f 1974, d 2002
  • Tarjei, f 1975

Ingebjørg var frå Ryningan, Åmli, gnr 50, bnr 1, i Valle, og dotter åt Hallvard Eivindsson Berg og andre kona, Margit Jacobsdotter, fødd Hisdal (jfr. Valle III, 436).

Tarjei og huslyden hans budde på Dysje til 1954. Då flutte dei til Skreros, og sidan til Hovland i Vegusdal (nåverande Birkenes kommune), der Tarjei var forpaktar og skogsarbeidar. Som pensjonist flutte han til Vågsbygd, og budde der livet ut.

I 1969 overtok eldstesonen Helleik bruket frå faren. Sidan har syskena fått frådela tomter på eigedomen og sett seg opp hytter. Den gamle hovudbygningen har Helleik teke ned, og flutt til ein fritidseigedom han har på Moisund i Hornnes. På Dysje har også han sett seg opp ei hytte.

I 1999 overdrog han bruket til eldste dottera, Åse.

Eksterne lenkjer


  Evre Dysje (Bykle gnr 8/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Dysje • Neste bolk: Neire Dysje

Koordinater: 59.31762° N 7.09658° Ø