Fedje og folket

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. aug. 2022 kl. 07:41 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''''Fedje og folket''''' er ei gards- og ættesoge for Fedje kommune. Forfattaren er Arvid Skogseth, og boka kom ut i 1997 med kommunen som utgjevar. Skogseth har seinare…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk


Fedje og folket er ei gards- og ættesoge for Fedje kommune. Forfattaren er Arvid Skogseth, og boka kom ut i 1997 med kommunen som utgjevar. Skogseth har seinare oppdatert boka fram til 2022 med tanke på digital publisering. Manus vart levert til Norsk lokalhistorisk instituttNasjonalbiblioteket i august 2022.

Fedje kommune fekk si første bygdebok i 1984, då Oskar Tangen gav ut Bygdebok for Fedje. Dette var ei kultursoge, og nemnda fann ikkje at dei hadde kapasitet til å gje ut ei gards- og ættesoge. I 1994 vart det så beslutta å starte opp arbeidet med ei gards- og ættesoge. Det ble nedsett ei redaksjonsnemnd: Arvid Skogseth, Olav Kongestøl, Karl Storhaug, Gro Tallis og Frank Johnsen. Egil Nysæter frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart konsulent for boka.

Det første opplaget var på 1000 eksemplar, og boka var utsolgt etter fem år. I 2003 vart det trykt opp 1000 nye eksemplar. 25 år seinare var det mange som lurte på om ein ikkje kunne oppdatere boka, og i 2021 vedtok kommunestyret at Skogseth kunne byrje med arbeidet. I tillegg til at tida etter 1997 er dekka, er det òg mykje nytt frå tida før det. Digitalarkivet vart lansert i 1998, og ein har òg fått Nettbiblioteket og andre digitale ressursar som gjer det mogleg å finne fram nye fakta. Antalet bilete vart auka frå king 550 til 660, og det vil òg vere høve til å legge til fleire bilete i den digitale utgåva på Lokalhistoriewiki.

Litteratur og kjelder

  • Skogseth, Arvid: Fedje og folket. Utg. Fedje kommune. no#. 1997. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Føreord til den digitale utgåva, lenkje kjem når det er publisert på Lokalhistoriewiki.