Gol stavkyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|5515 Gol stavkirkje på Bygdøy.jpg|Gol stavkirkje.|Olve Utne}}
{{thumb|5515 Gol stavkirkje på Bygdøy.jpg|Gol stavkirkje.|Olve Utne}}
'''[[Gol stavkirkje]]''' er ei [[stavkyrkje]] frå [[Gol]] i [[Hallingdalen]] i [[Buskerud fylke|Buskerud]] frå kring [[1200-talet|1200]] som no står på [[Norsk Folkemuseum]] på [[Bygdøy]] i [[Oslo]]. Kirkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsliten og fullstappa at kirkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkirkja skulle rivast, men vart redda av [[Fortidsminneforeningen]] og kong [[Oskar II av Sverige|Oscar II]], som fikk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore før [[reformasjonen]].


'''Gol stavkyrkje''' er ei [[stavkyrkje]] frå [[Gol]] i [[Buskerud fylke|Buskerud]] frå rundt [[1200-talet|1200]] som no står på [[Norsk Folkemuseum]] på [[Bygdøy]] i [[Oslo]]. Kyrkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsliten og fullstappa at kyrkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkyrkja skulle rivast, men vart redda av [[Fortidsminneforeningen]] og kong [[Oskar II av Sverige|Oscar II]], som fekk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore før [[reformasjonen]].
Sidan [[1884]] har kirkja vore eigedommen til [[kongen av Noreg|den regjerande monarken i Noreg]], men folkemuseet held ho ved like. Det er laga fire kopiar av henne — to i [[Noreg]] og to i [[USA]].
 
Kyrkja har sidan [[1884]] vore eigedommen til [[kongen av Noreg|den regjerande monarken i Noreg]], men folkemuseet held ho ved like. Det er laga fire kopiar av henne, to i [[Noreg]] og to i [[USA]].


[[fil:Gol stavkirke, masker.jpg|mini|Masker på toppen av stavane]]
[[fil:Gol stavkirke, masker.jpg|mini|Masker på toppen av stavane]]
==Historie==
==Historie==
[[fil:Gol stavkirke 1846.jpg|mini|venstre|150px|Teikning av J. N. Prahm av stavkyrkja i Gol i 1846]]
[[fil:Gol stavkirke 1846.jpg|mini|venstre|150px|Teikning av J.N. Prahm av stavkirkja i Gol i 1846]]


Opphavleg stod stavkyrkja — ''Garðar kirkja'' — på den gamle kyrkjegarden, 500 meter sørvest for den noverande [[Gol kyrkje]] på Leikvollen i Golreppen. [[Årringsdatering]]ar tyder på at delar av bygningen er oppførte etter [[1216]], men ho har òg element som er frå så tidleg som [[1157]].  
Opprinneleg stod stavkirkja — ''Garðar kirkja'' — på den gamle kirkjegarden, 500 meter sørvest for den noverande [[Gol kirkje]] på Leikvollen i Golreppen. [[Årringsdatering]]ar tyder på at deler av bygninga er oppførte etter [[1216]], men ho har òg element som er frå så tidleg som [[1157]].  


Mange trekk ved kyrkja liknar [[Hegge stavkyrkje]] i [[Valdres]]; truleg har same byggmeister leia bygginga av begge. Ho stod truleg i den opphavlege utforminga si heilt til [[1600-talet]], med [[svalgang]] omkring [[skip i kyrkja|skip]] og kor. Takryttaren vart fornya i [[1694]]. Samtidig vart det lagt inn ei himling over skipet, og i same periode vart det sett inn to vindauge på sørveggen i midtrommet i skipet. Omkring [[1730]] vart det bygd eit galleri på nordsida av skipet. Noko seinare vart kor og [[apsis]] rivne, og eit nytt [[laft]]a  kor sett opp. Men dei gamle materiala vart attbrukte til himling i det nye koret, og slik overlevde veggmåleria slik at dei kunne restaurerast i samband med flyttinga.
Mange trekk ved kirkja liknar [[Hegge stavkirkje]] i [[Valdres]]; truleg har same byggmeister leidd bygginga av begge kirkjene. Ho stod truleg i den opprinelege utforminga si heilt til [[1600-talet]], med [[svalgang]] kring [[kirkjeskip|skip]] og kor. Takryttaren vart fornya i [[1694]]. Samtidig vart det lagt inn ei himling over skipet, og i same periode vart det òg sett inn to vindauge på sørveggen i midtrommet i skipet. Kring [[1730]] vart det bygd eit galleri på nordsida av skipet. Noko seinare vart kor og [[apsis]] rivne, og eit nytt [[laft]]a  kor vart oppsett. Men dei gamle materiala vart oppattbruka til himling i det nye koret, og slik overlevde veggmåleria slik at dei kunne restaurerast i samband med flyttinga.


I [[1802]]–[[1803|03]] vart kyrkja utvida slik at den «tilforn altfor lille Kirke for en saa talrig Almue (var blitt) merkelig større, saa den rummer en Gang til saa mange Tilhørere som tilforn». Svalgangane rundt skipet vart rivne, og nye ytterveggar av bordkledd reisverk vart sette opp omtrent der svalgangsveggane hadde stått. Framfor vestportalen vart det reist eit [[våpenhus]] med saltak. Kyrkja fekk den utsjånaden ho hadde [[J. N. Prahm]] teikna henne i [[1846]].
I [[1802]]–[[1803|03]] vart kirkja utvida slik at den ''“tilforn altfor lille Kirke for en saa talrig Almue (var blivet) merkelig større, saa den rummer en Gang til saa mange Tilhørere som tilforn”''. Svalgangane kring skipet vart rivne, og nye yttervegger av bordkledd reisverk vart oppsette omtrent der svalgangsveggene hadde stått før. Framanføre vestportalen vart det reist eit [[våpenhus]] med saltak. Kirkja fekk da den utsjånaden ho hadde da [[J.N. Prahm]] teikna henne i [[1846]].


===Flytting og atterreising===
===Flytting og atterreising===
[[fil:Gol stavkirke 1883.jpg|mini|venstre|Skisser av [[Torolf Prytz|T. Prytz]], etter oppmåling på Gol i [[1883]]]]
[[fil:Gol stavkirke 1883.jpg|mini|venstre|Skisser av [[Torolf Prytz|T. Prytz]], etter oppmåling på Gol i [[1883]]]]
[[fil:Gol stavkyrkje.jpeg|mini|venstre|Fotografi etter atterreisinga av [[Axel Lindahl]] [[1885]]–[[1890]]]]
[[fil:Gol stavkyrkje.jpeg|mini|venstre|Fotografi etter atterreisinga av [[Axel Lindahl]] [[1885]]–[[1890]]]]
Mot slutten av [[1870-åra]] ville kyrkjelyden i Gol ha ei større og meir tidsmessig kyrkje. [[Fortidsminneforeningen]] oppfordra til å bevare stavkyrkja på staden, men kyrkjelyden ville rive henne og selje materiala. Det enda med at foreininga kjøpte dei opphavlege delane til kyrkja for 200 kroner, på det vilkåret at ho vart fjerna når den nye stod ferdig.
Mot slutten av [[1870-åra]] ville kirkjelyden i Gol ha ei større og meir tidsmessig kirkje. [[Fortidsminneforeningen]] oppfordra til å bevara stavkirkja på staden, men kirkjelyden ville rive henne og selje materiala. Det endte med at foreininga kjøpte dei opprinnelege delene til kirkja for 200 kroner, på det vilkåret at ho vart fjerna når den nye stod ferdig.
 
Foreininga hadde inga tomt til kirkja, men tidleg i [[1881]] vart kong [[Oskar II av Sverige|Oscar II]] sine historiske samlingar — verdas første [[friluftsmuseum]] — etablerte på [[Bygdøy kongsgard]]. Kongen stilte tomt til disposisjon for atterreisinga midt i det planlagte bygningsmuseumet sitt. Inntekta av Fortidsminneforeningen si pengeinnsamling til formålet vart berre 387 kroner, medan totalkostnadene var anslegne til minst 6500 kroner. I mars [[1884]] redda kongen prosjektet ved å ta på seg dei utgiftene som foreininga mangla dekning for. Eigedomsretten til kirkja vart overdregen frå foreininga til den regjerande monarken i Noreg.


Foreininga hadde inga tomt til kyrkja, men tidleg i [[1881]] vart kong [[Oskar II av Sverige|Oscar II]] sine historiske samlingar — verdas fyrste [[friluftsmuseum]] — etablert på [[Bygdøy kongsgard]]. Kongen stilte tomt til disposisjon for atterreisinga midt i sitt planlagde bygningsmuseum. Inntekta av Fortidsminneforeningen si pengeinnsamling til formålet vart berre 387 kroner, medan totalkostnadane var anslått til minst 6500 kroner. I mars [[1884]] redda kongen prosjektet ved å ta på seg dei utgiftene som foreininga mangla dekning for. Eigedomsretten til kyrkja vart overdregen frå foreininga til den regjerande monarken i Noreg.
På grunn av fleire snøfattige vintrar vart demonteringa og transporten til [[Kristiania]] utsett til vinteren [[1884]]. I mellomtida vart oppmålingsteikningar utarbeidde av arkitekten [[Thorolf Prytz]] vinteren [[1882]]–[[1883]]. Prytz vart oppteken med andre oppdrag, så arkitekt [[Waldemar Hansteen]] tok over ansvaret for atterreisinga på Bygdøy med byggmeisteren til kongsgarden, [[Torsten Torstensen]], som utførande arkitekt. Kirkja vart demontert i januar [[1884]]. I mars var sledeføret godt nok til å frakte materiala til [[Krøderen stasjon]]. Derifrå fekk dei gratis skyss med jernbanen og kom uskadde fram til [[Bygdøy stasjon]]. Dei opprinnelege delene var ferdig oppsette i slutten av juli [[1884]], og kirkja stod ferdig som midtpunkt i Kong Oscar sitt friluftsmuseum sommaren [[1885]]. Som museumskirkje vart ho så godt besøkt at ho måtte haldast open kvar dag, ikkje berre på [[sundag]]ar, slik som dei andre bygningane i samlinga til kongen.


På grunn av fleire snøfattige vintrar vart demonteringa og transporten til [[Kristiania]] utsett til vinteren [[1884]]. Oppmålingsteikningar vart i mellomtida utarbeidd av arkitekten [[Thorolf Prytz]] vinteren [[1882]]–[[1883]]. Prytz vart oppteken med andre oppdrag, så arkitekt [[Waldemar Hansteen]] overtok ansvaret for atterreisinga Bygdøy med byggmeisteren til kongsgarden, [[Torsten Torstensen]], som utførande arkitekt. Kyrkja vart demontert i januar [[1884]]. I mars var sledeføret godt nok til å frakte materiala til [[Krøderen]] stasjon. Derifrå fekk dei gratis skyss med jernbanen og kom uskadde fram til Bygdøy stasjon. Dei opphavlege delane var ferdig oppsette i slutten av juli [[1884]], og kyrkja sto ferdig som midtpunkt i Kong Oscar sitt friluftsmuseum sommaren [[1885]]. Som museumskyrkje vart ho så godt besøkt at ho måtte haldast open kvar dag, ikkje berre på [[sundag]]ar, slik som dei andre bygningane i samlinga til kongen.
Dei store endringane gjennom [[1700-talet]] og utvidinga i [[1805]] gjorde det umuleg å atterreise kirkja slik ho stod, men det var det heller ingen som kunne tenkje seg på den tida. Kirkja vart restaurert til det ein trudde var opprinneleg form. Med støtte i bevarte spor og gamle materiale vart skip, kor og apside rekonstruerte. For å kunne halde seg ståande, måtte stavkirkjene stivast av med eit «magebelte» av [[andreaskors]] som gjekk kring heile kirkja,  bogar eller «kne» mellom søylene i kirkja, og i tillegg svalgang kring heile bygninga.<ref>[http://www.tf.uio.no/lo/stavkirker/stavkyrkjer.html www.tf.uio.no]</ref> Takryttar med spir var vanleg på stavkirkjer og [[mellomalderkirkje]]r.<ref>[http://no.wikipedia.org/wiki/T%C3%A5rn «Tårn» Bokmålswikipeda]</ref> Dei fann det difor truleg at skipet hadde vore omgjeve av ein svalgang og hatt ein takryttar, og desse delene vart atterskapte med [[Borgund stavkirkje]] som modell. Gode førebilde til detaljar som [[vindski]]a fann dei ikkje i Borgund, så dei vart laga etter mønster av vindskia i [[Hopperstad stavkirkje]].


Dei store endringane gjennom [[1700-talet]] og utvidinga i [[1805]] gjorde det umogleg å gjenreise kyrkja slik ho stod, men det var det heller ingen som kunne tenkje seg den gongen. Kyrkja vart restaurert til det som ein trudde var opphavleg form. Med støtte i bevarte spor og gamle materiale vart skip, kor og apside rekonstruert. For å kunne halde seg ståande, måtte stavkyrkjene stivast av med eit «magebelte» av [[andreaskross]]ar som gjekk rundt heile kyrkja,  boger eller «kne» mellom søylene i kyrkja og i tillegg svalgang rundt heile bygningen.<ref>[http://www.tf.uio.no/lo/stavkirker/stavkyrkjer.html www.tf.uio.no]</ref> Takryttar med spir var vanleg på stavkyrkjer og middelalderkyrkjer.<ref>[http://no.wikipedia.org/wiki/T%C3%A5rn «Tårn» på Bokmålswikipeda]</ref> Dei fann det difor sannsynleg at skipet hadde vore omgjeve av ein svalgang og hatt ein takryttar, og desse delane vart gjenskapte med [[Borgund stavkyrkje]] som modell. Gode førebilete til detaljar som [[vindski]]a fann ein ikkje i Borgund, så dei vart laga etter mønster av vindskia i [[Hopperstad stavkyrkje]].
Kong Oscar sine samlingar vart overdregne til [[Norsk Folkemuseum]] i [[1907]], etter at museet hadde kjøpt nabotomta til friluftsmuseumet sitt i [[1898]]. Stavkirkja vart likevel verande i kongeleg eige, men ho blir forvalta av museet.
Kong Oscar sine samlingar vart overdregne til [[Norsk Folkemuseum]] i [[1907]], etter at museet hadde kjøpt nabotomta til friluftsmuseumet sitt i [[1898]]. Stavkyrkja vart likevel verande i kongeleg eige, men ho vert forvalta av museet.


==Kyrkjebygningen==
==Kirkjebygninga==
Då kyrkja vart flytta og attreist, ynskte ein berre å ta vare på og restaurere delane frå [[norsk mellomalder|mellomalderen]]. I det ytre er kyrkja difor hovudsakleg ein rekonstruksjon frå [[1880-åra]] av nye materiale. Men store delar av hovudkonstruksjonen i skipet er tekne vare på, dette gjeld ''grunnstokkane'', ''svillene'', ''stavane'', ein stor del av veggtilet og ''stavlegjane''. Mesteparten av det heva midtrommet og avstivingssystemet er òg teke vare på. Kyrkja er av typen med heva midtrom med <!--kva er omgong?--> omgang i eit rektangulært skip. Ho har eit litt smalare [[Kor i arkitekturen|kor]] som vert avslutta med ein [[apside]]. Dei konstruktive delane av kor og apside forsvann ved utvidinga i 1802-03, og det måtte lagast nye ved atterreisinga.
Da kirkja vart flytta og oppattreist, ønskte dei berre å ta vare på og restaurere delene frå [[nordisk mellomalder|mellomalderen]]. I det ytre er kirkja derfor hovudsakleg ein rekonstruksjon frå [[1880-åra]] av nye materiale. Men store deler av hovudkonstruksjonen i skipet er tekne vare på; dette gjeld ''grunnstokkane'', ''svillene'', ''stavane'', ein stor del av [[veggtil]]et og ''stavlegjene''. Mesteparten av det heva midtrommet og avstivingssystemet er òg tekne vare på. Kirkja er av typen med heva midtrom med omgang i eit rektangulært skip. Ho har eit litt smalare [[arkitektonisk kor|kor]] som blir avslutta med ein [[apside]]. Dei konstruktive delene av kor og apside forsvann ved utvidinga i 1802&ndash;03, og det måtte lagast nye ved atterreisinga.


===Eksteriør===
===Eksteriør===
Kyrkja har [[svalgang]] som er laga med [[Borgund stavkyrkje]] som modell. Ein tidlegare svalgang rundt skipet vart riven ned ved utvidinga i 1802&ndash;03. Kyrkja har òg truleg alltid hatt takryttar. Ein takryttar av mellomaldersk type med to klokker vart omtala i rekneskap frå [[1600-talet]]. Han vart fornya i [[1694]]. Den nye vart truleg ståande heilt til flyttinga, men hjelmen fekk skifer i staden for bordtekking i [[1821]]. Denne kan ein sjå på Prahm si teikning frå [[1846]]. Den noverande er ein rekonstruksjon frå [[1880-åra]] med Borgund stavkyrkje som modell. Taka var opphavleg [[spon]]tekte og [[tjærebre]]idde, men vart i 1820-åra tekte med [[skifer]].
Kirkja har [[svalgang]] som er laga med [[Borgund stavkirkje]] som modell. Ein tidlegare svalgang rundt skipet vart riven ned ved utvidinga i 1802&ndash;03. Kirkja har òg truleg alltid hatt takryttar. Ein takryttar av mellomaldersk type med to klokker vart omtala i rekneskap frå [[1600-talet]]. Han vart fornya i [[1694]]. Den nye vart truleg ståande heilt til flyttinga, men hjelmen fekk skifer i staden for bordtekking i [[1821]]. Denne kan ein sjå på Prahm si teikning frå [[1846]]. Den noverande er ein rekonstruksjon frå [[1880-åra]] med Borgund stavkirkje som modell. Taka var opprinneleg [[spon]]tekte og [[tjærebre]]idde, men vart i 1820-åra tekte med [[skifer]].


===Portalar===
===Portalar===
Vestportalen er for det meste slik han opphavleg var. Han er dekorert med kjempande [[drake|drakar]] og bladranker. Nærast opninga har han to halvsøyler med basar og kapitel. Søyleskafta er dekka med planteornamentikk, og i mønsteret er det innarbeidd krona mannshovud. Drakar og bladranker spring ut av to dyremunnar nedst inntil halvsøylene. Ornamentikken er samansett av ein midtdrake, to toppdrakar og to mindre drakar på kvar sideplanke. Dørbladet har mellomalderske smijernsbeslag. Som i mange andre stavkyrkjer vart det hengsla om frå innslåande til utslåande etter brannen i [[Grue kyrkje]], og vart portalplankane sterkt nedhogne. Sørportalen i skipet vart fjerna ved utvidinga i 1802&ndash;03, men delar av han vart brukt i det nye våpenhuset og kunne brukast som haldepunkt for arkitekt Hansteen sin rekonstruksjon. Sørportalen i koret var delvis teke vare på og vart rekonstruert ved atterreisinga. Han er sett direkte inn mellom to profilerte veggplankar.
Vestportalen er for det meste slik han opprinneleg var. Han er dekorert med kjempande [[drake|drakar]] og bladranker. Nærmast opninga har han to halvsøyler med basar og kapitel. Søyleskafta er dekte med planteornamentikk, og i mønsteret er det innarbeidd krona mannshovud. Drakar og bladrankar spring ut av to dyremunnar nedst inntil halvsøylene. Ornamentikken er samansett av ein midtdrake, to toppdrakar og to mindre drakar på kvar sideplanke. Dørbladet har mellomalderske smijarnsbeslag. Som i mange andre stavkirkjer vart det hengsla om frå innslåande til utslåande etter [[brannen i Grue kirkje|brannen]] i [[Grue kirkje]], og da vart portalplankane sterkt nedhogne. Sørportalen i skipet vart fjerna ved utvidinga i 1802&ndash;03, men deler av honom vart bruka i det nye våpenhuset og kunne brukast som haldepunkt for arkitekt Hansteen sin rekonstruksjon. Sørportalen i koret var delvis teken vare på og vart rekonstruert ved atterreisinga. Han er sett direkte inn mellom to profilerte veggplankar.


===Interiør===
===Interiør===
Linje 41: Linje 40:
[[fil:Gol stave church, interior.JPG|mini|Interiørfotografi av John Erling Blad 2005]]
[[fil:Gol stave church, interior.JPG|mini|Interiørfotografi av John Erling Blad 2005]]


Kyrkja har alltid hatt tregolv. Langs veggane i skipet har det truleg vore låge [[benk]]ar, og desse vart rekonstruerte ved atterreisinga. Avstivingssystemet med sjølvgrodde bogekne og med utskorne [[andreaskross]]ar mellom tenger er òg teke vare på. Stavane rundt midtrommet er avslutta øvst med utskorne groteske masker av same type som ein kjenner frå fleire kyrkjer i [[Hallingdal]] og [[Valdres]].  
Kirkja har alltid hatt tregolv. Langs veggene i skipet har det truleg vore låge [[benk]]er, og desse vart rekonstruerte ved atterreisinga. Avstivingssystemet med sjølvgrodde bogekne og med utskorne [[andreaskors]] mellom tenger er òg teke vare på. Stavane rundt midtrommet er avslutta øvst med utskorne groteske masker av same type som ein kjenner frå fleire kyrkjer i [[Hallingdal]] og [[Valdres]].  


Ved atterreisinga vart benkane, [[preikestol]]en i hjørnet i søraust og galleriet på nordsida av skipet sløyfa. Korbogen er ein rekonstruksjon utan sikre haldepunkt.
Ved atterreisinga vart benkene, [[preikestol]]en i hjørnet i søraust og galleriet på nordsida av skipet sløyfa. Korbogen er ein rekonstruksjon utan sikre haldepunkt.


===Inventar===
===Inventar===
[[fil:Gol stavkirke, maleri apside.jpg|mini|venstre|Nattverden. Tresnitt frå Nicolaysen, 1888]]
[[fil:Gol stavkirke, maleri apside.jpg|mini|venstre|Nattverden. Tresnitt frå Nicolaysen, 1888]]


På grunn av ynskjet om å ta vare på og atterskape ei mellomalderkyrkje, vart alt [[reformasjonen|etterreformatorisk]] inventar fjerna, og ho mangla difor benkar, preikestol og døypefont. I staden sette kong Oscar inn ein utskoren benk frå [[Heddal stavkyrkje]]. Men den måla dekoren frå [[1652]] i koret og apsiden overlevde flyttinga og restaureringa. På veggen til apsida er det ei framstilling av [[nattverd]]en, på nordveggen i koret dei fire [[evangelisten Matteus|evangelistane]], og sørveggen er inndelt i felt dekorert med blad, blomar og frukt, og namn på alle som betalte for utsmykkinga. Over korportalen hang det tidlegare eit [[krusifiks]] som kom frå [[Veum stavkyrkje]] i [[Telemark]] og er datert til om lag [[1300]].
På grunn av ønskjet om å ta vare på og atterskapa ei mellomalderkirkje, vart alt [[reformasjonen|etterreformatorisk]] inventar fjerna, og derfor mangla kirkja benker, preikestol og døypefont. I staden sette kong Oscar inn ein utskoren benk frå [[Heddal stavkirkje]]. Men den måla dekoren frå [[1652]] i koret og apsiden overlevde flyttinga og restaureringa. På veggen til apsida er det ei framstilling av [[nattverd]]en, på nordveggen i koret dei fire [[evangelisten Matteus|evangelistane]], og sørveggen er inndelt i felt dekorert med blad, blomar og frukt, og namn på alle som betalte for utsmykkinga. Over korportalen hang det tidlegare eit [[krusifiks]] som kom frå [[Veum stavkirkje]] i [[Telemark]] og som er datert til om lag [[1300]].


==Kopiar==
==Kopiar==
[[fil:Stavkirke Beiarn.JPG|mini|Stavkyrkjekopien i Beiarn. (Foto: Einar B. Skomsvoll)]]
[[fil:Stavkirke Beiarn.JPG|mini|Stavkirkjekopien i Beiarn. {{byline|Einar B. Skomsvoll}}]]


Det er laga fleire kopiar av stavkyrkja. To er av same storleik som den opphavlege kyrkja.  
Det er laga fleire kopiar av stavkirkja. To er av same storleik som den opprinnelege kirkja.  
Kopien på Gol vart reist i 1980-åra og vigsla i [[1994]], og står nær Gol sentrum, langt frå der den opphavlege kyrkja stod. Denne kyrkja vart bygd i tilknyting til Pers hotell i tettstaden, og er del av [[Middelalderparken]] der ho er omkrinsa av rekonstruerte [[vikingtida|vikingtidshus]]. Den andre kopien av kyrkja i full storleik står i [[Scandinavian Heritage Park]] i [[Nord-Dakota]] og vart bygd i [[2000-åra]].
Kopien på Gol vart reist i 1980-åra og vigsla i [[1994]] og står nær Gol sentrum, langt frå der den opprinnelege kirkja stod. Denne kirkja vart bygd i tilknyting til Pers hotell i tettstaden, og er del av [[Middelalderparken]] der ho er omkrinsa av rekonstruerte [[vikingtida|vikingtidshus]]. Den andre kopien av kirkja i full storleik står i [[Scandinavian Heritage Park]] i [[Nord-Dakota]] og vart bygd i [[2000-åra]].


Ein forminska kopi av kyrkja vart bygd til den norske paviljongen i [[EPCOT]] i [[Walt Disney World]] i 1988, og [[bygningssnikkar]]en [[Magnus Stensland]] har laga ein kopi i [[Savjord]] i [[Beiarn]] i [[Nordland]].
Ein forminska kopi av kirkja vart bygd til den norske paviljongen i [[EPCOT]] i [[Walt Disney World]] i 1988, og [[bygningssnikkar]]en [[Magnus Stensland]] har laga ein kopi i [[Savjord]] i [[Beiarn]] i [[Nordland]].


==Bakgrunnsstoff==
== Litteratur ==
* [http://www.stavkirke.org/stavkirker/gol.html Gol stavkyrkje i Stavkirke.org]
* [http://www.stavkirke.org/stavkirker/gol.html Gol stavkyrkje i Stavkirke.org]
* [http://www.kunsthistorie.com/galleri/index.php?album=Norge%2FGol%20stavkirke&sortby=name&order=asc Foto av kyrkja]
* [http://www.kunsthistorie.com/galleri/index.php?album=Norge%2FGol%20stavkirke&sortby=name&order=asc Foto av kyrkja]

Sideversjonen fra 9. jul. 2008 kl. 01:08

Fil:5515 Gol stavkirkje på Bygdøy.jpg
Gol stavkirkje.
Foto: Olve Utne

Gol stavkirkje er ei stavkyrkje frå Gol i Hallingdalen i Buskerud frå kring 1200 som no står på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Kirkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsliten og fullstappa at kirkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkirkja skulle rivast, men vart redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fikk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore før reformasjonen.

Sidan 1884 har kirkja vore eigedommen til den regjerande monarken i Noreg, men folkemuseet held ho ved like. Det er laga fire kopiar av henne — to i Noreg og to i USA.

Fil:Gol stavkirke, masker.jpg
Masker på toppen av stavane

Historie

Fil:Gol stavkirke 1846.jpg
Teikning av J.N. Prahm av stavkirkja i Gol i 1846

Opprinneleg stod stavkirkja — Garðar kirkja — på den gamle kirkjegarden, 500 meter sørvest for den noverande Gol kirkje på Leikvollen i Golreppen. Årringsdateringar tyder på at deler av bygninga er oppførte etter 1216, men ho har òg element som er frå så tidleg som 1157.

Mange trekk ved kirkja liknar Hegge stavkirkje i Valdres; truleg har same byggmeister leidd bygginga av begge kirkjene. Ho stod truleg i den opprinelege utforminga si heilt til 1600-talet, med svalgang kring skip og kor. Takryttaren vart fornya i 1694. Samtidig vart det lagt inn ei himling over skipet, og i same periode vart det òg sett inn to vindauge på sørveggen i midtrommet i skipet. Kring 1730 vart det bygd eit galleri på nordsida av skipet. Noko seinare vart kor og apsis rivne, og eit nytt lafta kor vart oppsett. Men dei gamle materiala vart oppattbruka til himling i det nye koret, og slik overlevde veggmåleria slik at dei kunne restaurerast i samband med flyttinga.

I 180203 vart kirkja utvida slik at den “tilforn altfor lille Kirke for en saa talrig Almue (var blivet) merkelig større, saa den rummer en Gang til saa mange Tilhørere som tilforn”. Svalgangane kring skipet vart rivne, og nye yttervegger av bordkledd reisverk vart oppsette omtrent der svalgangsveggene hadde stått før. Framanføre vestportalen vart det reist eit våpenhus med saltak. Kirkja fekk da den utsjånaden ho hadde da J.N. Prahm teikna henne i 1846.

Flytting og atterreising

Fil:Gol stavkirke 1883.jpg
Skisser av T. Prytz, etter oppmåling på Gol i 1883
Fil:Gol stavkyrkje.jpeg
Fotografi etter atterreisinga av Axel Lindahl 18851890

Mot slutten av 1870-åra ville kirkjelyden i Gol ha ei større og meir tidsmessig kirkje. Fortidsminneforeningen oppfordra til å bevara stavkirkja på staden, men kirkjelyden ville rive henne og selje materiala. Det endte med at foreininga kjøpte dei opprinnelege delene til kirkja for 200 kroner, på det vilkåret at ho vart fjerna når den nye stod ferdig.

Foreininga hadde inga tomt til kirkja, men tidleg i 1881 vart kong Oscar II sine historiske samlingar — verdas første friluftsmuseum — etablerte på Bygdøy kongsgard. Kongen stilte tomt til disposisjon for atterreisinga midt i det planlagte bygningsmuseumet sitt. Inntekta av Fortidsminneforeningen si pengeinnsamling til formålet vart berre 387 kroner, medan totalkostnadene var anslegne til minst 6500 kroner. I mars 1884 redda kongen prosjektet ved å ta på seg dei utgiftene som foreininga mangla dekning for. Eigedomsretten til kirkja vart overdregen frå foreininga til den regjerande monarken i Noreg.

På grunn av fleire snøfattige vintrar vart demonteringa og transporten til Kristiania utsett til vinteren 1884. I mellomtida vart oppmålingsteikningar utarbeidde av arkitekten Thorolf Prytz vinteren 18821883. Prytz vart oppteken med andre oppdrag, så arkitekt Waldemar Hansteen tok over ansvaret for atterreisinga på Bygdøy med byggmeisteren til kongsgarden, Torsten Torstensen, som utførande arkitekt. Kirkja vart demontert i januar 1884. I mars var sledeføret godt nok til å frakte materiala til Krøderen stasjon. Derifrå fekk dei gratis skyss med jernbanen og kom uskadde fram til Bygdøy stasjon. Dei opprinnelege delene var ferdig oppsette i slutten av juli 1884, og kirkja stod ferdig som midtpunkt i Kong Oscar sitt friluftsmuseum sommaren 1885. Som museumskirkje vart ho så godt besøkt at ho måtte haldast open kvar dag, ikkje berre på sundagar, slik som dei andre bygningane i samlinga til kongen.

Dei store endringane gjennom 1700-talet og utvidinga i 1805 gjorde det umuleg å atterreise kirkja slik ho stod, men det var det heller ingen som kunne tenkje seg på den tida. Kirkja vart restaurert til det ein trudde var opprinneleg form. Med støtte i bevarte spor og gamle materiale vart skip, kor og apside rekonstruerte. For å kunne halde seg ståande, måtte stavkirkjene stivast av med eit «magebelte» av andreaskors som gjekk kring heile kirkja, bogar eller «kne» mellom søylene i kirkja, og i tillegg svalgang kring heile bygninga.[1] Takryttar med spir var vanleg på stavkirkjer og mellomalderkirkjer.[2] Dei fann det difor truleg at skipet hadde vore omgjeve av ein svalgang og hatt ein takryttar, og desse delene vart atterskapte med Borgund stavkirkje som modell. Gode førebilde til detaljar som vindskia fann dei ikkje i Borgund, så dei vart laga etter mønster av vindskia i Hopperstad stavkirkje.

Kong Oscar sine samlingar vart overdregne til Norsk Folkemuseum i 1907, etter at museet hadde kjøpt nabotomta til friluftsmuseumet sitt i 1898. Stavkirkja vart likevel verande i kongeleg eige, men ho blir forvalta av museet.

Kirkjebygninga

Da kirkja vart flytta og oppattreist, ønskte dei berre å ta vare på og restaurere delene frå mellomalderen. I det ytre er kirkja derfor hovudsakleg ein rekonstruksjon frå 1880-åra av nye materiale. Men store deler av hovudkonstruksjonen i skipet er tekne vare på; dette gjeld grunnstokkane, svillene, stavane, ein stor del av veggtilet og stavlegjene. Mesteparten av det heva midtrommet og avstivingssystemet er òg tekne vare på. Kirkja er av typen med heva midtrom med omgang i eit rektangulært skip. Ho har eit litt smalare kor som blir avslutta med ein apside. Dei konstruktive delene av kor og apside forsvann ved utvidinga i 1802–03, og det måtte lagast nye ved atterreisinga.

Eksteriør

Kirkja har svalgang som er laga med Borgund stavkirkje som modell. Ein tidlegare svalgang rundt skipet vart riven ned ved utvidinga i 1802–03. Kirkja har òg truleg alltid hatt takryttar. Ein takryttar av mellomaldersk type med to klokker vart omtala i rekneskap frå 1600-talet. Han vart fornya i 1694. Den nye vart truleg ståande heilt til flyttinga, men hjelmen fekk skifer i staden for bordtekking i 1821. Denne kan ein sjå på Prahm si teikning frå 1846. Den noverande er ein rekonstruksjon frå 1880-åra med Borgund stavkirkje som modell. Taka var opprinneleg spontekte og tjærebreidde, men vart i 1820-åra tekte med skifer.

Portalar

Vestportalen er for det meste slik han opprinneleg var. Han er dekorert med kjempande drakar og bladranker. Nærmast opninga har han to halvsøyler med basar og kapitel. Søyleskafta er dekte med planteornamentikk, og i mønsteret er det innarbeidd krona mannshovud. Drakar og bladrankar spring ut av to dyremunnar nedst inntil halvsøylene. Ornamentikken er samansett av ein midtdrake, to toppdrakar og to mindre drakar på kvar sideplanke. Dørbladet har mellomalderske smijarnsbeslag. Som i mange andre stavkirkjer vart det hengsla om frå innslåande til utslåande etter brannen i Grue kirkje, og da vart portalplankane sterkt nedhogne. Sørportalen i skipet vart fjerna ved utvidinga i 1802–03, men deler av honom vart bruka i det nye våpenhuset og kunne brukast som haldepunkt for arkitekt Hansteen sin rekonstruksjon. Sørportalen i koret var delvis teken vare på og vart rekonstruert ved atterreisinga. Han er sett direkte inn mellom to profilerte veggplankar.

Interiør

Fil:Gol stavkyrkje interiør.jpeg
Interiørfotografi av Axel Lindahl 1885–1890
Fil:Gol stave church, interior.JPG
Interiørfotografi av John Erling Blad 2005

Kirkja har alltid hatt tregolv. Langs veggene i skipet har det truleg vore låge benker, og desse vart rekonstruerte ved atterreisinga. Avstivingssystemet med sjølvgrodde bogekne og med utskorne andreaskors mellom tenger er òg teke vare på. Stavane rundt midtrommet er avslutta øvst med utskorne groteske masker av same type som ein kjenner frå fleire kyrkjer i Hallingdal og Valdres.

Ved atterreisinga vart benkene, preikestolen i hjørnet i søraust og galleriet på nordsida av skipet sløyfa. Korbogen er ein rekonstruksjon utan sikre haldepunkt.

Inventar

Fil:Gol stavkirke, maleri apside.jpg
Nattverden. Tresnitt frå Nicolaysen, 1888

På grunn av ønskjet om å ta vare på og atterskapa ei mellomalderkirkje, vart alt etterreformatorisk inventar fjerna, og derfor mangla kirkja benker, preikestol og døypefont. I staden sette kong Oscar inn ein utskoren benk frå Heddal stavkirkje. Men den måla dekoren frå 1652 i koret og apsiden overlevde flyttinga og restaureringa. På veggen til apsida er det ei framstilling av nattverden, på nordveggen i koret dei fire evangelistane, og sørveggen er inndelt i felt dekorert med blad, blomar og frukt, og namn på alle som betalte for utsmykkinga. Over korportalen hang det tidlegare eit krusifiks som kom frå Veum stavkirkje i Telemark og som er datert til om lag 1300.

Kopiar

Fil:Stavkirke Beiarn.JPG
Stavkirkjekopien i Beiarn.
Foto: Einar B. Skomsvoll

Det er laga fleire kopiar av stavkirkja. To er av same storleik som den opprinnelege kirkja. Kopien på Gol vart reist i 1980-åra og vigsla i 1994 og står nær Gol sentrum, langt frå der den opprinnelege kirkja stod. Denne kirkja vart bygd i tilknyting til Pers hotell i tettstaden, og er del av Middelalderparken der ho er omkrinsa av rekonstruerte vikingtidshus. Den andre kopien av kirkja i full storleik står i Scandinavian Heritage Park i Nord-Dakota og vart bygd i 2000-åra.

Ein forminska kopi av kirkja vart bygd til den norske paviljongen i EPCOT i Walt Disney World i 1988, og bygningssnikkaren Magnus Stensland har laga ein kopi i Savjord i Beiarn i Nordland.

Litteratur

  • Gol stavkyrkje i Stavkirke.org
  • Foto av kyrkja
  • Blindheim, Martin: Ristningene i stavkirken fra Gol, i By og bygd 10. årgang, Oslo 1956 s. 11-54.
  • Bugge Gunnar, Mezzanotte Bernadino, Stavkirker, Oslo 1994 s. 45, ISBN 82-504-2072-1
  • Christie, Håkon: Da Fortidsminnesmerkeforeningen reddet stavkirkene, i Fortidsminneforeningens Årbok 1978 s. 43-62
  • Christie, Sigrid og Håkon: Gol kirke, i Norges kirker – Buskerud, Oslo 1981 bind 1, s. 39-60. ISBN 82-05-13123-6
  • Hegard, Tonte: Romantikk og fortidsvern. Historien om de første friluftsmuseene i Norge, Oslo 1984.
  • Jensenius, Jørgen H., Fra en omvisning i Gol Stavkirke, Middelalderforum, nr.2/1996, side 15-23
  • Liestøl, Aslak, Runeskriftene i Gol stavkyrkje, i By og bygd 10. årgang, Oslo 1956 s. 55-70.
  • Nicolaysen, N.: Gols kirke paa Bygdø, i Bygninger fra Norges Middelalder hvilke Hans Maj. Kong Oscar den anden har ladet flytte til Bygdø Kongsgaard, Christiania 1888
  • Roede, Lars: The open air museum – an early contribution, i Report 15th Meeting of the Association of European Open-Air Museums, Stockholm 1991 s.6 9-72
  • Ulsaker, H.: Gamletida, i Gol kyrkje – Hemsedal kyrkje 1882-1982 – Festskrift, Gol 1982

Fotnotar

Mal:Nynorsk Wikipedia