Harald Ramm Østgaard (1855–1908): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Tilleggsoppl. Kjeldetilvisingar)
(Tillegg)
Linje 20: Linje 20:
{{thumb høyre|NordreOy1.JPG|Garden Nørdre Øy, som Harald Ramm Østgaard åtte. Målarstykke av Astrid Østgaard (1884-1958), dotter av H.R. og Gabrielle Østgaard}} Lensmannsdistriktet omfatta den gongen både Lom og [[Skjåk]]. Østgaard kjende etter måten godt til desse traktene gjennom arbeidet sitt i Turistforeininga. Han hadde i det heile teke reist mykje rundt i landet i den tida, og framheldt sjølv «at der mellem Lindesnes og Hammerfest ikke er mange strækninger som han ikke har berørt».<ref>Studenterne fra 1872.</ref> Faren hans hadde også i si tid vore i Lom og skildra besøket i boka ''Fra Skov og Fjeld''.  
{{thumb høyre|NordreOy1.JPG|Garden Nørdre Øy, som Harald Ramm Østgaard åtte. Målarstykke av Astrid Østgaard (1884-1958), dotter av H.R. og Gabrielle Østgaard}} Lensmannsdistriktet omfatta den gongen både Lom og [[Skjåk]]. Østgaard kjende etter måten godt til desse traktene gjennom arbeidet sitt i Turistforeininga. Han hadde i det heile teke reist mykje rundt i landet i den tida, og framheldt sjølv «at der mellem Lindesnes og Hammerfest ikke er mange strækninger som han ikke har berørt».<ref>Studenterne fra 1872.</ref> Faren hans hadde også i si tid vore i Lom og skildra besøket i boka ''Fra Skov og Fjeld''.  


Den nye lensmannsfamilien budde fyrst på Synstad, som var lensmannsgard under forgjengaren [[Peder Alfstad]]. I 1891 kjøpte Østgaard garden Nørder-Øy nedst i [[Bøverdalen]] nær [[Fossbergom]] (sentrum i Lom). Folketeljinga 1900 gjev oss eit blikk inn i eit «kondisjonert» hushald i fjellbygda.<ref>[http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f00514&gardpostnr=242&merk=242#ovre Folketeljinga 1900, Digitalarkivet.]</ref> Det omfatta 15 personar, eller 14 når ein ikkje reknar med sonen Erling som gjekk på [[Kristiania tekniske skole]]. Hushaldet stakk seg ut i bygdesamfunnet mellom anna ved å omfatte guvernante og kontorist. Det var tre faste tenestefolk: stuepike, budeie og ein tenestekar. Dessutan hjelpte «tante Margrethe», Gabrielle Østgaards ugifte og «ubemidlede» syster, til i hushaldet. Østgaard-familien snakka riksmål, men borna brukte visstnok dialekt i omgang med bygdefolket. Borna fekk privatundervisning av guvernanter, mellom anna i framandspråk og pianospel.<ref>Hosar, Aase 2002 side 7.</ref>  
Den nye lensmannsfamilien budde fyrst på Synstad, som var lensmannsgard under forgjengaren [[Peder Alfstad]]. I 1891 kjøpte Østgaard garden Nørder-Øy nedst i [[Bøverdalen]] nær [[Fossbergom]] (sentrum i Lom). Folketeljinga 1900 gjev oss eit blikk inn i eit «kondisjonert» hushald i fjellbygda.<ref>[http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f00514&gardpostnr=242&merk=242#ovre Folketeljinga 1900, Digitalarkivet.]</ref> Det omfatta 15 personar, eller 14 når ein ikkje reknar med sonen Erling som gjekk på [[Kristiania tekniske skole]]. Hushaldet stakk seg ut i bygdesamfunnet mellom anna ved å omfatte guvernante og kontorist. Det var tre faste tenestefolk: stuepike, budeie og ein tenestekar. Dessutan hjelpte «tante Margrethe», Gabrielle Østgaards ugifte og «ubemidlede» syster, til i hushaldet. Østgaard-familien snakka riksmål, men borna brukte visstnok dialekt i omgang med bygdefolket. Borna fekk privatundervisning av guvernanter, mellom anna i framandspråk og pianospel. Familien hadde mykje omgang med doktoren, sokneprestane i Lom og Skjåk og sorenskrivaren i Vågå, men også med «de likeste gardbrukerne».<ref>Hosar, Aase 2002 side 7.</ref>  


Østgaard vart verande i lensmannsstillinga i Lom til han døydde i 1908, 53 år gammal. Enkja selde da snart Nørder-Øy, og ho og borna flytta til Kristiania. Det har skjedd før folketeljingstidspunktet 1910 (1. desember), for da er familien etablert i Jacob Aallsgate 9.<ref>[http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036392064790/ Folketeljinga 1910, Digitalarkivet.]</ref>  
Østgaard vart verande i lensmannsstillinga i Lom til han døydde i 1908, 53 år gammal. Enkja selde da snart Nørder-Øy, og ho og borna flytta til Kristiania. Det har skjedd før folketeljingstidspunktet 1910 (1. desember), for da er familien etablert i Jacob Aallsgate 9.<ref>[http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036392064790/ Folketeljinga 1910, Digitalarkivet.]</ref>  

Sideversjonen fra 25. jan. 2011 kl. 04:40

Mal:Thumb høyreHarald Ramm Østgaard (fødd i Vestre Aker 29. januar 1855, død i Lom 1908) var cand.jur., sekretær i Den Norske Turistforening 1881-1884 og lensmann i Lom 1884-1908. I Lom var han aktiv i kommunalt styre og stell, i sparebanken, telefonselskapet o.a., og han var på fylkesplan med i det førebuande arbeidet for jernbane gjennom Gudbrandsdalen.


Familie, oppvekst og utdanning

Foreldra var jurist og forfattar, seinare fut, Nicolai Ramm Østgaard (1812-1873) og Anna Gunhilda (Gunelia) fødd Neergaard (1828–1910). Harald Ramm Østgaard gifta seg i Skien 9. juli 1881 med Gabrielle Augusta Winsnes (1850-1918), dotter av sokneprest i Fron Christian Lind Winsnes og Barbra Eleonore Petronelle Kjerulff. Harald og Gabrielle Østgaard fekk fem born, fødde i tidsrommet 1882-1891.

Harald Ramm Østgaard hadde sine fyrste barneår i Vestre Aker. Da faren vart fut i Sør-Østerdal futedømme i 1859, flytta familien til Elverum. Der fekk Harald dels undervisning i heimen av guvernanter, dels gjekk han på privatskule hjå sorenskrivar G.R.Schirmer på Elverum. I 1868 tok han til på latinskulen på Lillehammer, der han gjekk i fire år og tok examen artium i 1872. Våren 1873 tok han andreeksamen ved universitetet, og byrja studere teologi. Familien fekk økonomiske vanskar da faren døydde i januar 1873, og Harald måtte av den grunn førebels gje opp studiane. Han bestemte seg for å dra til sjøs, men fortel sjølv at kvelden før han skulle hyre på, fekk han tilbod om huslærarpost hjå presten Jarmann i Nord-Fron. Harald vart såleis lærar og dreiv også det han sjølv kallar «qvasikapelanvirksomhed» der i to år. Hausten 1875 byrja han igjen på universitetsstudiar i Kristiania, nå jus. Studiane finansierte han dels ved legatmidlar, dels ved lønna arbeid ved sida av. Han tok juridisk embetseksamen i desember 1879.


Sekretær i turistforeininga og anna yrkeserfaring til 1884

I studietida hadde han ekstraarbeid i vikariat hjå advokat C.H.Schweigaard og på Kristiania stiftskontor, for statssekretariatet o.a. I 1877 vart han engasjert av Røroskommisjonen til å ta avskrifter av dokument i Riksarkivet. Året etter vart han tilsett som arkivassistent i Riksarkivet.

I 1881 vart Østgaard tilsett som sekretær i Den norske turistforening og sat i denne stillinga til våren 1884, da han vart tilsett som lensmann i Lom. Han hadde i tida i Turistforeininga samstundes behalde stillinga i Riksarkivet til i mars 1884.


Lensmann i Lom 1884-1908

Mal:Thumb høyre Lensmannsdistriktet omfatta den gongen både Lom og Skjåk. Østgaard kjende etter måten godt til desse traktene gjennom arbeidet sitt i Turistforeininga. Han hadde i det heile teke reist mykje rundt i landet i den tida, og framheldt sjølv «at der mellem Lindesnes og Hammerfest ikke er mange strækninger som han ikke har berørt».[1] Faren hans hadde også i si tid vore i Lom og skildra besøket i boka Fra Skov og Fjeld.

Den nye lensmannsfamilien budde fyrst på Synstad, som var lensmannsgard under forgjengaren Peder Alfstad. I 1891 kjøpte Østgaard garden Nørder-Øy nedst i Bøverdalen nær Fossbergom (sentrum i Lom). Folketeljinga 1900 gjev oss eit blikk inn i eit «kondisjonert» hushald i fjellbygda.[2] Det omfatta 15 personar, eller 14 når ein ikkje reknar med sonen Erling som gjekk på Kristiania tekniske skole. Hushaldet stakk seg ut i bygdesamfunnet mellom anna ved å omfatte guvernante og kontorist. Det var tre faste tenestefolk: stuepike, budeie og ein tenestekar. Dessutan hjelpte «tante Margrethe», Gabrielle Østgaards ugifte og «ubemidlede» syster, til i hushaldet. Østgaard-familien snakka riksmål, men borna brukte visstnok dialekt i omgang med bygdefolket. Borna fekk privatundervisning av guvernanter, mellom anna i framandspråk og pianospel. Familien hadde mykje omgang med doktoren, sokneprestane i Lom og Skjåk og sorenskrivaren i Vågå, men også med «de likeste gardbrukerne».[3]

Østgaard vart verande i lensmannsstillinga i Lom til han døydde i 1908, 53 år gammal. Enkja selde da snart Nørder-Øy, og ho og borna flytta til Kristiania. Det har skjedd før folketeljingstidspunktet 1910 (1. desember), for da er familien etablert i Jacob Aallsgate 9.[4]

I Lom hadde Østgaard mange kommunale verv, og var engasjert i anna verksemd. Han var i kommunestyret, i likningsnemnda, og var forlikskommisær. Han var kommunens representant i førebuingane til Gudbrandsdalsbanen i andre halvparten av 1880-åra, og vart medlem i Kristian amts jernbanekomite som representant for Nord-Gudbrandsdalen. Østgaard var styreformann i Lom og Skjåk sparebank, og medstiftar av og direksjonsformann i Loms telefonselskap.


Litterær åre?

Østgaard har etterlate seg vers og anna som viser at han var ein habil leilighetsdiktar, helst i familiesamanheng. Ut over dette fortel Østgaard i 25-årsberetninga om studentane frå 1872: «Uagtet jeg er søn af en digter og muligens kan have været i besiddelse af en liden aare, har min litterære virksomhed indskrænket sig til udgivelse af turistforeningens aarbøger 1881-83; mine øvrige ”opera” henligger i manuskript og vil forhaabentlig og til beroligelse for menneskeheden aldrig se dagens lys.»


Kjelder og litteratur

  • Hosar, Aase: Mine livsminner. Trykt 2002 og distribuert privat til familie o.a. interesserte.
  • Kolden, Jon: Bygdabok for Lom, bd. 2 og 3. Lom kommune 2005.
  • Studenterne fra 1872. Kristiania 1897. (Sjølbigrafiar skrivne i samband med 25-års jubileet som artianarar.)


Referansar