Hellisøy fyrstasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. aug. 2022 kl. 12:27 av Cnyborg (samtale | bidrag) (omsett til nynorsk pga bygdebokprosjekt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hellisøy fyrstasjon
Hellisøy-fyrstasjon.jpg
Foto: Svein-Magne Tunli
Oppretta: 1855
Status: Automatisert og avfolka 1992
Funksjon: Kystfyr
Eier: Staten v/ Kystverket
Fylke: Vestland
Kommune: Fedje kommune
Vernestatus: Freda etter lov om kulturminner

Hellisøy fyrstasjon ligg på ei lita øy utafor Fedje. Anlegget har eit 32,2 m høgt fyrtårn i støpejern, som står på ein låg granittsokkel. Tårnet er på same måte som Eigerøy fyr i Rogaland fora med teglstein og gråstein som sikring mot bølgeslag. Fyret har 3. ordens linseapparat frå 1903 og maskinhus, bustad, naust og landing, samt tuft etter assistentbustad. Ein støypt veg fører frå landinga opp til bustaden og vidare over ei bru bort til fyret. Hellisøy har forholdsvis gode landingsforhold. Fyrstasjonen ligg mellom to område verna som naturreservat etter lov om naturvern.

Fyrstasjonen har stor aldersverdi med landets nest eldste støpejernsfyr. Fyrstasjonen har høg grad av opprinneligheit, med linseapparatet framleis i drift. Anlegget har stor miljøskapande verdi sett i samanheng med bygningsmiljø og kulturlandskap på Fedje, og den gamle handelsstaden på Kræmmerholmen.

Fedje kommune gjer omvisningar og leiger ut fyret.

Eksterne lenkjer

Kjelder

Koordinater: 60.75209° N 4.7107° Ø