Hjelp:Gjenbruk av materiale på Lokalhistoriewiki: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kat.)
(språkfiks)
 
(2 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 6: Linje 6:


== Kva slags materiale kan eigne seg for Lokalhistoriewiki? ==
== Kva slags materiale kan eigne seg for Lokalhistoriewiki? ==
[[Nasjonalbiblioteket]] har digitalisert alle bøker utgjevne i Noreg og lagt dei ut i [[Nettbiblioteket]]. Du kan få tilgang til dei fleste av dei frå di eiga stova. Vi ønskjer ikkje å duplisere Nettbiblioteket, men tekstar som har potensial for korrigering og utviding, kan vere interessante for Lokalhistoriewiki. Nøkterne, leksikalske artiklar eignar seg oftast best for ombruk.   
[[Nasjonalbiblioteket]] har digitalisert dei fleste bøkene som er utgjevne i Noreg og lagt dei ut i [[Nettbiblioteket]]. Desse kan anten få tilgang til heimefrå eller frå eit bibliotek. Vi ønskjer ikkje å duplisere Nettbiblioteket, men tekstar som har potensial for korrigering og utviding, kan vere interessante for Lokalhistoriewiki. Nøkterne, leksikalske artiklar eignar seg oftast best for ombruk.   


Du kan få ein peikepinn om aktuelt materiale i oversikta over [[Delprosjekter i Lokalhistoriewiki|Delprosjekt]]. Om du klikkar på "Type prosjekt", sorterer du kolonna og får mellom anna fram tidlegare publisert materialet. Her er til dømes lokalhistoriske leksika med korte artiklar og bindsterke gards- og slektshistorier i reviderte utgåver. Dessutan er fleire daude eller døyande nettstader integrert i wikien.  
Blant prosjekta vi har av denne typen på wikien, er gards- og slektshistorier, som [[Forside:Fedje og folket|Fedje og folket]], og lokalhistoriske leksikon, som [[Budstikkas store Asker og Bærum-leksikon|AB-leksikon]].
 
== Korleis gjer ein det? ==
For å leggje ut materiale som er publisert andre stader tidlegare, må du ha informert samtykke frå opphavspersonen. Det tyder at opphavspersonen må ha lese og forstått lisensen cc-by-sa, sjå [https://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/deed.no Creativecommons.org]. Dette må du kunne dokumentere med til dømes ein e-post.
 
Når ein tekst i wikien opphavleg er skrive av ein einskildperson som ikkje er brukar i wikien eller henta frå ein tidligare utgjeven publikasjon, er det nødvendig å oppgi dette. Årsaka til det er at opphavet ikkje vil kome direkte fram i historikken til artikkelen, som er det som elles gjeld som kreditering. Det er ulike måtar å gjere dette på:  
 
* Leggje det inn i fyrste redigeringskommentar. Sjå til dømes [https://lokalhistoriewiki.no/index.php?title=Andreas_Garman_Album&action=histor Andreas Garman Album] og [https://lokalhistoriewiki.no/index.php?title=Asker_Badminton_Klubb&action=history Asker Badminton Klubb].
* Leggje det inn under kjelder i forma "basert på", "opphavleg versjon" eller liknande. Sjå til dømes [[Nøstetangen glassverk]].
* I eigen mal. Sjå til dømes [[Plåterud (Lørenskog)]].
 
Uansett skal Lokalhistoriewiki sine brukarar kunne arbeide vidare med artikkelen, slik lisensen cc-by-sa seier.  


=== Malar for tidlegare publisert materiale ===
=== Malar for tidlegare publisert materiale ===
Vi har eigne rutinar for handsaming av tidlegare publisert stoff Lokalhistoriewiki. Viktigast er [[:Kategori:Delprosjektmaler|malane]] som syner til opphaveleg utgjeving, lisens og at artikkelen er open for vidare redigering. Malen samlar også artiklane i prosjektet.  
Ved publisering av ei større mengd materiale frå same kjelde, nyttar vi gjerne malar, for å merke artiklane, slik at opphavleg utgjeving vert kreditert rett vis. Malen skal også nemne lisens og at artikkelen er open for vidare redigering. Han er i tillegg nyttig for å samle artiklane i prosjektet.  


== Spesielt om artiklar frå Wikipedia ==
=== Spesielt om artiklar frå Wikipedia ===
Vi brukar tilsvarande malar på stoff henta frå nettstader med fri lisens, som Wikipedia. Lokalhistoriewiki har sine [[lokalhistoriewiki.no:Lokalhistorisk_relevans|eigne særtrekk]]. Oftast er det best å skrive artiklar frå grunnen av her, men av og til kan det vera aktuelt å overføre ein artikkel frå Wikipedia eller ein annan nettstad som bruker MediaWiki-programvaren (og med lisens som tillet gjenbruk). Den beste måten å gjera dette på å ''eksportere'' artikkelen derifrå til ei fil, og så ''importere'' denne fila hit. På den måten kan historikken av brukarbidrag og versjonar inkluderast her. Dette er ein klår fordel i forhold til lisensieringa av artikkelen.
Vi brukar tilsvarande malar på stoff henta frå nettstader med fri lisens, som Wikipedia. Lokalhistoriewiki har sine [[lokalhistoriewiki.no:Lokalhistorisk_relevans|eigne særtrekk]]. Oftast er det best å skrive artiklar frå grunnen av her, men av og til kan det vera aktuelt å overføre ein artikkel frå Wikipedia eller ein annan nettstad som bruker MediaWiki-programvaren (og med lisens som tillet gjenbruk). Den beste måten å gjera dette på å ''eksportere'' artikkelen derifrå til ei fil, og så ''importere'' denne fila hit. På den måten kan historikken av brukarbidrag og versjonar inkluderast her. Dette er ein klår fordel med tanke på lisensieringa av artikkelen.


Lokalhistoriewiki krev at du legg følgjande [[Mal:Wikipedia|malar på artiklar som blir importerte frå Wikipedia]]:  
Lokalhistoriewiki krev at du legg følgjande [[Mal:Wikipedia|malar på artiklar som blir importerte frå Wikipedia]]:  
Linje 22: Linje 33:


I tillegg til å lenkje til opphavleg artikkel på Wikipedia, oppmoder malane brukarane til å omarbeide han, slik at han passar inn i [[Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia|profilen til Lokalhistoriewiki]].  
I tillegg til å lenkje til opphavleg artikkel på Wikipedia, oppmoder malane brukarane til å omarbeide han, slik at han passar inn i [[Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia|profilen til Lokalhistoriewiki]].  
=== Korleis gjer du? ===


For å ''eksportere'' ei side, går du til [[special:export]] på wikien du vil eksportere frå. Her er nokre snarvegar til eksportsider som kan vera nyttige:  
For å ''eksportere'' ei side, går du til [[special:export]] på wikien du vil eksportere frå. Her er nokre snarvegar til eksportsider som kan vera nyttige:  

Nåværende revisjon fra 17. okt. 2023 kl. 13:36

Hjelp:Gjenbruk av materiale på Lokalhistoriewiki er ein artikkel om korleis du kan bruke tekstar her i wikien, som tidlegare har vore publisert andre stader, anten på trykk eller på nett. Vi har ein tilsvarande artikkel om bruk av bilete.

Ein føresetnad for å leggje ut tidlegare publisert materiale, er at det har fri lisens, slik at wikibrukarane kan arbeide vidare med tekstane. Om du har fått løyve frå rettshavaren til å leggje ut tekstar som i utgangspunktet ikkje var frie, må du sende ei stadfesting på dette til oss på Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket.

Om du vurderer å leggje ut tidlegare publisert materiale i Lokalhistoriewiki, oppmoder vi deg til å ta kontakt med oss på NLI.

Kva slags materiale kan eigne seg for Lokalhistoriewiki?

Nasjonalbiblioteket har digitalisert dei fleste bøkene som er utgjevne i Noreg og lagt dei ut i Nettbiblioteket. Desse kan anten få tilgang til heimefrå eller frå eit bibliotek. Vi ønskjer ikkje å duplisere Nettbiblioteket, men tekstar som har potensial for korrigering og utviding, kan vere interessante for Lokalhistoriewiki. Nøkterne, leksikalske artiklar eignar seg oftast best for ombruk.

Blant prosjekta vi har av denne typen på wikien, er gards- og slektshistorier, som Fedje og folket, og lokalhistoriske leksikon, som AB-leksikon.

Korleis gjer ein det?

For å leggje ut materiale som er publisert andre stader tidlegare, må du ha informert samtykke frå opphavspersonen. Det tyder at opphavspersonen må ha lese og forstått lisensen cc-by-sa, sjå Creativecommons.org. Dette må du kunne dokumentere med til dømes ein e-post.

Når ein tekst i wikien opphavleg er skrive av ein einskildperson som ikkje er brukar i wikien eller henta frå ein tidligare utgjeven publikasjon, er det nødvendig å oppgi dette. Årsaka til det er at opphavet ikkje vil kome direkte fram i historikken til artikkelen, som er det som elles gjeld som kreditering. Det er ulike måtar å gjere dette på:  

Uansett skal Lokalhistoriewiki sine brukarar kunne arbeide vidare med artikkelen, slik lisensen cc-by-sa seier.

Malar for tidlegare publisert materiale

Ved publisering av ei større mengd materiale frå same kjelde, nyttar vi gjerne malar, for å merke artiklane, slik at opphavleg utgjeving vert kreditert på rett vis. Malen skal også nemne lisens og at artikkelen er open for vidare redigering. Han er i tillegg nyttig for å samle artiklane i prosjektet.

Spesielt om artiklar frå Wikipedia

Vi brukar tilsvarande malar på stoff henta frå nettstader med fri lisens, som Wikipedia. Lokalhistoriewiki har sine eigne særtrekk. Oftast er det best å skrive artiklar frå grunnen av her, men av og til kan det vera aktuelt å overføre ein artikkel frå Wikipedia eller ein annan nettstad som bruker MediaWiki-programvaren (og med lisens som tillet gjenbruk). Den beste måten å gjera dette på å eksportere artikkelen derifrå til ei fil, og så importere denne fila hit. På den måten kan historikken av brukarbidrag og versjonar inkluderast her. Dette er ein klår fordel med tanke på lisensieringa av artikkelen.

Lokalhistoriewiki krev at du legg følgjande malar på artiklar som blir importerte frå Wikipedia:

  • {{Wikipedia|nn}}
  • {{Wikipedia|no}}

I tillegg til å lenkje til opphavleg artikkel på Wikipedia, oppmoder malane brukarane til å omarbeide han, slik at han passar inn i profilen til Lokalhistoriewiki.

For å eksportere ei side, går du til special:export på wikien du vil eksportere frå. Her er nokre snarvegar til eksportsider som kan vera nyttige:

I tekstboksen skal du fylle ut nøyaktig namn på artikkelen du vil eksportere. Vil du eksportere fleire artiklar, så skriv namnet på kvar artikkel på ei ny line. Hugs å avmarkere valet «Berre siste versjon». Marker «Lagre som fil» og trykk på «Eksporter».

For å importere ei side går du til Spesial:Import.