Homme (Kvinesdal gnr. 175): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Meir info)
(Meir info)
Linje 152: Linje 152:
<nowiki>*</nowiki>tal på oppsitjarar
<nowiki>*</nowiki>tal på oppsitjarar


Ved matrikuleringa i 1665 blei skulda til Homme auka til seks engelsk – eller ei halv hud.
Ved matrikuleringa i 1665 blei skulda til Homme auka til seks [[Leksikon:Engelsk|engelsk]] – eller ei halv [[Leksikon:Hudlag|hud]].


== Delingar og utskiftingar ==
== Delingar og utskiftingar ==
Linje 176: Linje 176:
[[kategori:Kvinesdal kommune]]
[[kategori:Kvinesdal kommune]]
[[kategori:Fjotland]]
[[kategori:Fjotland]]
== Folket i Homme ==
'''Den udelte garden'''
* '''Helga Ormsdotter (n. 1669)'''
* '''Jo Knutsson (1608-n. 1669)'''
** '''Øyu (1634-n. 1664) Sjå nedanfor'''
** '''Orm (1614*-n. 1664) Sjå nedanfor'''
** Roddu (1644-n. 1664) Sjuk i 1664
<nowiki>*</nowiki>Fødselsåret, som er henta frå manntalet i 1664, er anten feil eller det kan vera tale om ein annan Orm.
Helga var dotterdotter av Øyu Åmland, som er nemnd som ein av dei som kjøpte «Helles gods» på slutten av 1500-talet. Sjå meir om han under [[Åmland (Kvinesdal gnr. 176)|Åmland]]. Det er usikkert kor Jo Knutsson kom i frå. Det kan sjå ut til at garden blei delt mellom dei to eldste sønene til Helga og Jo; Øyu og Orm. Orm var oppført som einaste eigar i 1700, men me har kjelder som fortel at etterkommarar av Øyu satt med halve garden frå 1720-åra.
-
=== Øyu Josson etterkommarars bruk ===
''Fråskilt omlag 1660''
* '''Olav Knutsson Risøya (f. før 1666 - d. før 1722)'''
* '''Ingeborg Tronsdotter Nedre Kvinlog (n. 1738)'''
** '''Tron (1696-1738) Sjå nedanfor'''
** Knut (1705-) g. m. Steinvor Nilsdotter Haugland.<ref>Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, ''Gards- og ættesoge : Fjotland,'' 1979, [https://www.nb.no/items/265452d975eaac055b36693302d97362?page=361&searchText=hagen Digital versjon] på [[Nettbiblioteket]], s. 358</ref> På Lista i 1741.
** Asgerd, g. m Lars Annbjørnsson Herestøl*
** Dorte (d. 1762), g. 1752 m. Tosten Eilefsson Indre Revøy (1694-1758) Til Lyngdal<ref>Lian, Oddleif: ''Lyngdal 5-6''. Utg. Lyngdal kommune. 1994. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2017030348003}}, s. 41</ref>
<nowiki>*</nowiki>Asgerd og Lars er nemnde i Gards- og ættesoge : Fjotland, men finst ikkje i andre kjelder.<ref>Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, ''Gards- og ættesoge : Fjotland,'' 1979, [https://www.nb.no/items/265452d975eaac055b36693302d97362?page=361&searchText=hagen Digital versjon] på [[Nettbiblioteket]], s. 358</ref>
Olav var son av Knut Øyusson Homme på Risøya, som var son av før nemnde Øyu Ormsson Homme att. Olav var truleg fødd på [[Risøya (Kvinesdal gnr. 174)|Risøya]].
-
* '''Tron Olsson (1696-1738)'''
* '''Anna Josdotter i Lien, Eiken.'''
** Olav (1722-1790) g. 1748 m. Abel Helene Stenersdotter Birkeland i Lyngdal (1713-1792). Kalla «Olav Lens». Var i Drammen i 1741. Kom til Markøy under Kjepsøy i Lyngdal.<ref>Lian, Oddleif: ''Lyngdal 5-6''. Utg. Lyngdal kommune. 1994. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2017030348003}}, s. 183</ref>
** Berte Margrete (1728- d. f. 1738)
Buet etter Tron var fallitt i 1738. Fyrst hadde Olav, far til Tron, pantsett bruket. Tron klarte aldri å løysa inn pantet, og då buet skulle gjerast opp satt Annbjørn Jespersson Omland med dei tre [[Leksikon:Engelsk|engelskane]]. Det var ingenting å fordela til arvingane. Etter Tron og Anna kom:
-
* '''Olav Oddsson Farhommen i EIken (1714-1788)'''
* '''g. 1739 med Anna Andresdotter frå [[Spikkeland (Kvinesdal gnr. 173)|Spikkeland]] og Borhommen (1711-1787)'''
Dei var i Homme frå 1739-1751 før dei flytta til [[Risøya (Kvinesdal gnr. 174)|Risøy]], sjå meir om familien der. Så kom:
-
* '''Osmund Reidarsson Nedre Kvinlog (1720-1800)''' g1. 1749 m. '''Åsa Kidelsdotter Farhommen (1732-1775),''' g. 2. g. 1776 m. '''Anna Atlaksdotter Håland (1739-1810)'''
Anna og Osmund kom frå Farhommen der Osmund hadde vore gift tidlegare. Dei var ei stund i Homme før dei kjøpte eit bruk på [[Mygland (Kvinesdal gnr. 204)|Mygland]]. Sjå meir om familien der. Son deira, Atlak, kom seinare til Saurfid.
-
Begge dei to sist nemnde para må ha vore [[Leksikon:Leilending|leiglendingar]] fordi bruket følgde arvingane etter Jesper Annbjørnsson Åmland. Fyrst overtok sonen, Annbjørn Annbjørnsson, som pantsette til broren Ingvor Annbjørnsson Åmland. I 1783 gjorde dei om pantet til kjøp. Familien til Ingvor er nemnd på [[Åmland (Kvinesdal gnr. 176)|Åmland]]. Sonen Jesper på det andre bruket tok over, noko som samla dei to bruka. Sjå Orm Jonssons bruk.
-
=== Orm Jonssons bruk ===
''Skilt ut omlag 1660''
* '''Orm Jonsson (1614-n. 1664)'''
* '''[ukjent]'''
** '''Øyu (1670-n. 1718) Sjå nedanfor'''
Me veit ikkje kven kona til Orm var. Ein Orm fødd i 1614 er nemnd i Homme i 1664, fødeåret er anten feil eller det kan vera tale om ein annan Orm. Sambandet mellom Orm og sonen kan heller ikkje stadfestast sikkert i kjeldene, men ein kontinuitet i personnamna og at dei begge var eigarar av same bruket, gjer samanhengen svært sannsynleg.
-
* '''Øyu Ormson (1670-n. 1718)'''
* '''Mari Tostensdotter Eikeland (f. før 1668)'''
** '''Jo (1702-1763) Sjå nedanfor'''
** Tosten g. 1732 m. Torgerd Tollaksdotter Bjåstøl. Sjå Bjåstøl
Mari hadde òg sonen Olav Jonsson (1695-1773) frå fyrste ekteskap med Jon Olsson, sjå Eikeland. Siste gongen me høyrer om Øyu, er i 1718. I 1723 var det sonen som stod som eigar
-
* '''Jo Øyusson (1702-1763)'''
* '''g1. med Gjøa Annbjørnsdotter Omland (1673-)'''
** Ingen born
* '''g2. 1742 med Åsa Torgrimsdotter Fjotland'''
** Øyu (1744-d. f. 1760)
** '''Jo (1746-) Sjå nedanfor'''
* '''g3. 1761 med Joren Olsdotter Netlandsnes (1717-)'''
** Ingen born
Jo var 18 år og Gjøa var 47 år då dei gifte seg. Det kan vera utsiktene til å ta over på Åmland som kan ha vore motivasjonen for Jon til å gifta seg med ei så mykje eldre kvinne utan stor von om å avla etterkomarar. Brørne til Gjøa var gifte til andre gardar eller døde. Men i 1723 var storebror hennar, Jesper, tilbake på Åmland, og Jo og Gjøa var i Homme. Jo overlevde Gjøa, gifta seg på nytt med Åsa Torgrimsdotter Fjotland og fekk minst to born. Han gifta seg tredje gong med Joren Olsdotter Netlandsnes. Dei fikk ikkje born saman, men Jo og Åsa sin son Jo gifta seg med Joren sin Anna og dei tok over Homme.
-
* '''Jo (1746-)'''
* '''g. 1764 med Anna Torjesdotter Netlandsnes (1739-1815)'''
** Åsa (1765-)
** Joren (1767-) Var hjå foreldra på Flatebø i 1801.
** Mari (1769-)
** Ingeborg (1772-)
** Jon (1775-) g. 1805 m. Gunhild Olsdotter Ramsland i Spangereid. Han var soldat i 1801 og tok over bruket på Flatebø i Spangereid.
** Tønnes (1778-) Sjømann i 1801
** Olav (1780-1792)
** Øyu (1783-) Matros i 1801
Jo selde garden i 1783, og kom først til [[Knibestøl (Kvinesdal gnr. 217)|Knibestøl]] der Øyu blei fødd. Dei kom til Flatebø i Spangereid ein gong før 1792. Her var dei [[Leksikon:Leilending|leiglendingar]] og Jon arbeidde for [[Daglønner|dagløn]] i 1801. Jo selte til Jesper Ingvorsson.
-
{{nn}}{{Kvinesdal bygdebok nn}}
{{nn}}{{Kvinesdal bygdebok nn}}

Sideversjonen fra 29. sep. 2021 kl. 15:58

Homme ytre
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 175
Ant. bruksnr.: 6 (2018)
Type: Matrikkelgard

Homme ytre er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 175, og hadde tidlegare gnr. 6 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 177 og gamalt matrikkelnummer 386.

Geografi

Homme ligg sørvendt i ei bukting i fjellet på nordsida av Hommevatnet. Garden ligg ved den gamle ridevegen og kyrkjevegen frå Vesterdalen og Helle til Fjotland. Vegen gjekk vidare over Saurfid, Åmland og Åsen før den steig ned til Fjotlandvatnet og kyrkja.    

Utmarka til Helle er lik ein kile inn mellom Engedal og Åmlands gardsmarker. Bytet med Åmland går frå nord og sørover midt i Reinsdalen i nesten rett line ned til Nedre Åmlandsvatnet og langs med vestsida av vatnet og over innmarka. Bytet med Engedal går frå toppen av Migansheia og jamt med vasskilje ned til garden og Hommevatnet. Homme eig også eit stykke i lia aust for Årland under Helle.

Gardsnamnet

Homme kjem av det gammelnorske «hvammr», som tyder liten dal eller avkrok omgitt av høge bakkar eller fjell. På Austlandet kjenner ein att det same opphavet i Hvam og Kvam.[1]

Namnet er vanskeleg å tidfesta med bakgrunn i namneforma. «Hom» har vore nytta i samansette gardsnamn fleire stader i Kvinesdal, både i bestemt og ubestemt form eintal – og i fleirtal.

Lokal uttale er «Hommå».

Under Homme finn ein Saurfid òg. Dette namnet er sett saman av to komponentar. «Saur» i meininga «myrete» eller «blautt». «Fid» tydar «eng» eller «frodig eng» ved vatn. Finnes att i til dømes Feda, Fidjan, Fitjar og Fetsund.[2] Samansett kan namnet tyda «Myrlendt eng» eller «blautt jorde».

Namn i innmark og utmark

Noko aust for hovudbølet i Homme finn ein namnet Tranland. I dag er denne plassen ein åker vendt austover mot Tjødne, men namnet kan tyda på at det i mellomalderen låg ein gard her som blei lagt øyde i ettertid, og som ikkje blei rydda att på 1600-talet. Elles kan det også vera slik at tuftene blei flytta til dit Homme i dag ligg ved oppattakinga. Det skulle tyda ulukke å byggja på den gamle plassen då ein rydda ein øydegard. At jorda ofte var utarma nær dei gamle tuftene kan ha vore vel så viktig.

Elles er garden omgjeven av knutar og småfjell; ein har Knuden, Hommeknuden og Stormyrknuden. Rokkedalsknuden over Årland ligg òg innanfor gardsgrensa.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

Med unntak for 1801 har talet på busette etter at garden kom inn i statistikkane, vore stabilt. Dei seks mennene som blei registrerte her i 1664 blei til 12 personar totalt i 1865, og det same i 1900. Tala fortel om ein gard som tidleg fann potensialet i inn- og utmark. I 1664 hadde dei fire kyr, medan i 1865 blei det registrert seks kyr på garden.

I 1723 blei det oppført at dei hadde ei flaumkvern og at dei hadde skog nok til brensle og anna heimebehov. Garden blei beskriven som ein tungdriven landgard i solli.

Kor mange busette (M: Berre vaksne menn)

1665 1801 1865 1900 1920
6M 4 12 12 3

Jordbruk og husdyrhald

1664 1723 1865 1939
Korn 1 ¼ t 3 t 3 13/24 t
Jordeple - - 8 ½ t
Hestar 1
Storfe 4 5 6
Småfe 6 10 20

Kulturminne

Ved utløpet av Tjødne nedanfor Nedre Åmlandsvatnet er det ein demning. I bekken nedanfor er det restar etter ei kvern og ei sag. Saga skal ha vore driven fram til 1960, men rasa saman i 1969.

Kyrkjevegen frå Helle over Åsen til Fjotland – som vart rusta opp i 1670 – går òg over Homme. Bakken opp mot Homme blei kalla Ryggjesbrode og mange historier er knytte til denne tunge bakken. Det er også bevart restar etter Ryggjesbrodbrauna som gjekk over bekken frå Stormyr.

Eigedomsforhold

Første gong ein finn Homme i dei skriftlege kjeldene er i 1643. Då blei garden ført opp i lensrekneskapen som skattytar med ei skuld på 1/3 hud. Det var mange nyryddingar og oppattaking av gamle gardar i perioden fram mot ca. 1650. Då fekk ein omlag den same gardsstrukturen som ein kjenner i dag. Gardane og plassane som blei etablerte eller reetablerte i denne perioden, fekk stort sett eigne gardsnummer i matrikkelen. Plassane som kom til etter dette, blei lagde under ein større gard og fekk etter kvart bruksnummer under ein større gard. Myndigheitene var redde for stor oppdeling og for små einingar, noko som kunne føra til lågare skatteevne.

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 148 386 177 6 6 175
Skuld 4 ksk ½ h 6 eng 6 eng 5 ort 70 sk. -
Tal på bruk 2 1 1 5 5 8

*tal på oppsitjarar

Ved matrikuleringa i 1665 blei skulda til Homme auka til seks engelsk – eller ei halv hud.

Delingar og utskiftingar

Delingshistoria til Homme er prega av at det nok ikkje var meir enn eit bruk som var drivverdig på garden. Gjentekne forsøk på å skilja ut gardpartar førte berre til at partane blei slegne saman etter få år.

I 1723 blei det registrert to oppsitjarar i Homme; Tron Olsson og Jon Øyusson. Dei hadde truleg halve garden kvar. Omlag 1800 kjøpte Jesper Ingvorsson begge halvpartane, men selde att i 1811 til Atlak Torgrimsson. To år seinare selde Atlak vidare til Markus Didriksson, men heldt tilbake løpenr. 654b det som seinare skulle bli bruksnr. 5; Saurfid. I 1839 fekk Markus òg hand om Jespers part, og garden blei nok ein gong samla, med unntak for Saurfid. I 1877 gjorde dei ei ny deling og ny eigar kom inn på stykket som fekk løpenr. 654a2, seinare bnr. 2. Eit stykke utmark – Åseheia – blei også selt same året (lnr. 654a3, bnr. 4) til Øyu Olsson Åsen. Men dei to gardpartane bnr. 1 og 2 blei fort samla att. Dei fekk same eigar att i 1878. No hadde rett nok Martin Børelsson halde av ein part til far sin (lnr. 654a1b, bnr. 3). Denne gardparten bestod for seg sjølv fram til 1914, då han på nytt blei føydd saman med dei resterande gardpartane bnr. 1 og 2. I seinare tid har bnr. 1 og 2 blitt slegne saman i 1997. I 2007 blei den gamle hovudbygningen skild ut som eige bruksnummer (bnr. 8) og ny bustad oppført på sørsida av Hommebekkjen.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Homme Ytre 654a1a 0 mark 64 øre Fredrik Tjølsen Peder T. Homme
2 Homme Ytre bruk 1 1877 654a2 0 mark 83 øre Fredrik Tjølsen Peder T. Homme
5 Saurfid Fritid bruk 1 1856 654b 0 mark 14 øre Sigbjørn Larsen Theodor Røstøl
8 bruk 1 2007

Folket i Homme

Den udelte garden

  • Helga Ormsdotter (n. 1669)
  • Jo Knutsson (1608-n. 1669)
    • Øyu (1634-n. 1664) Sjå nedanfor
    • Orm (1614*-n. 1664) Sjå nedanfor
    • Roddu (1644-n. 1664) Sjuk i 1664

*Fødselsåret, som er henta frå manntalet i 1664, er anten feil eller det kan vera tale om ein annan Orm.

Helga var dotterdotter av Øyu Åmland, som er nemnd som ein av dei som kjøpte «Helles gods» på slutten av 1500-talet. Sjå meir om han under Åmland. Det er usikkert kor Jo Knutsson kom i frå. Det kan sjå ut til at garden blei delt mellom dei to eldste sønene til Helga og Jo; Øyu og Orm. Orm var oppført som einaste eigar i 1700, men me har kjelder som fortel at etterkommarar av Øyu satt med halve garden frå 1720-åra.

-

Øyu Josson etterkommarars bruk

Fråskilt omlag 1660

  • Olav Knutsson Risøya (f. før 1666 - d. før 1722)
  • Ingeborg Tronsdotter Nedre Kvinlog (n. 1738)
    • Tron (1696-1738) Sjå nedanfor
    • Knut (1705-) g. m. Steinvor Nilsdotter Haugland.[3] På Lista i 1741.
    • Asgerd, g. m Lars Annbjørnsson Herestøl*
    • Dorte (d. 1762), g. 1752 m. Tosten Eilefsson Indre Revøy (1694-1758) Til Lyngdal[4]

*Asgerd og Lars er nemnde i Gards- og ættesoge : Fjotland, men finst ikkje i andre kjelder.[5]

Olav var son av Knut Øyusson Homme på Risøya, som var son av før nemnde Øyu Ormsson Homme att. Olav var truleg fødd på Risøya.

-

  • Tron Olsson (1696-1738)
  • Anna Josdotter i Lien, Eiken.
    • Olav (1722-1790) g. 1748 m. Abel Helene Stenersdotter Birkeland i Lyngdal (1713-1792). Kalla «Olav Lens». Var i Drammen i 1741. Kom til Markøy under Kjepsøy i Lyngdal.[6]
    • Berte Margrete (1728- d. f. 1738)

Buet etter Tron var fallitt i 1738. Fyrst hadde Olav, far til Tron, pantsett bruket. Tron klarte aldri å løysa inn pantet, og då buet skulle gjerast opp satt Annbjørn Jespersson Omland med dei tre engelskane. Det var ingenting å fordela til arvingane. Etter Tron og Anna kom:

-

  • Olav Oddsson Farhommen i EIken (1714-1788)
  • g. 1739 med Anna Andresdotter frå Spikkeland og Borhommen (1711-1787)

Dei var i Homme frå 1739-1751 før dei flytta til Risøy, sjå meir om familien der. Så kom:

-

  • Osmund Reidarsson Nedre Kvinlog (1720-1800) g1. 1749 m. Åsa Kidelsdotter Farhommen (1732-1775), g. 2. g. 1776 m. Anna Atlaksdotter Håland (1739-1810)

Anna og Osmund kom frå Farhommen der Osmund hadde vore gift tidlegare. Dei var ei stund i Homme før dei kjøpte eit bruk på Mygland. Sjå meir om familien der. Son deira, Atlak, kom seinare til Saurfid.

-

Begge dei to sist nemnde para må ha vore leiglendingar fordi bruket følgde arvingane etter Jesper Annbjørnsson Åmland. Fyrst overtok sonen, Annbjørn Annbjørnsson, som pantsette til broren Ingvor Annbjørnsson Åmland. I 1783 gjorde dei om pantet til kjøp. Familien til Ingvor er nemnd på Åmland. Sonen Jesper på det andre bruket tok over, noko som samla dei to bruka. Sjå Orm Jonssons bruk.

-

Orm Jonssons bruk

Skilt ut omlag 1660

  • Orm Jonsson (1614-n. 1664)
  • [ukjent]
    • Øyu (1670-n. 1718) Sjå nedanfor

Me veit ikkje kven kona til Orm var. Ein Orm fødd i 1614 er nemnd i Homme i 1664, fødeåret er anten feil eller det kan vera tale om ein annan Orm. Sambandet mellom Orm og sonen kan heller ikkje stadfestast sikkert i kjeldene, men ein kontinuitet i personnamna og at dei begge var eigarar av same bruket, gjer samanhengen svært sannsynleg.

-

  • Øyu Ormson (1670-n. 1718)
  • Mari Tostensdotter Eikeland (f. før 1668)
    • Jo (1702-1763) Sjå nedanfor
    • Tosten g. 1732 m. Torgerd Tollaksdotter Bjåstøl. Sjå Bjåstøl

Mari hadde òg sonen Olav Jonsson (1695-1773) frå fyrste ekteskap med Jon Olsson, sjå Eikeland. Siste gongen me høyrer om Øyu, er i 1718. I 1723 var det sonen som stod som eigar

-

  • Jo Øyusson (1702-1763)
  • g1. med Gjøa Annbjørnsdotter Omland (1673-)
    • Ingen born
  • g2. 1742 med Åsa Torgrimsdotter Fjotland
    • Øyu (1744-d. f. 1760)
    • Jo (1746-) Sjå nedanfor
  • g3. 1761 med Joren Olsdotter Netlandsnes (1717-)
    • Ingen born

Jo var 18 år og Gjøa var 47 år då dei gifte seg. Det kan vera utsiktene til å ta over på Åmland som kan ha vore motivasjonen for Jon til å gifta seg med ei så mykje eldre kvinne utan stor von om å avla etterkomarar. Brørne til Gjøa var gifte til andre gardar eller døde. Men i 1723 var storebror hennar, Jesper, tilbake på Åmland, og Jo og Gjøa var i Homme. Jo overlevde Gjøa, gifta seg på nytt med Åsa Torgrimsdotter Fjotland og fekk minst to born. Han gifta seg tredje gong med Joren Olsdotter Netlandsnes. Dei fikk ikkje born saman, men Jo og Åsa sin son Jo gifta seg med Joren sin Anna og dei tok over Homme.

-

  • Jo (1746-)
  • g. 1764 med Anna Torjesdotter Netlandsnes (1739-1815)
    • Åsa (1765-)
    • Joren (1767-) Var hjå foreldra på Flatebø i 1801.
    • Mari (1769-)
    • Ingeborg (1772-)
    • Jon (1775-) g. 1805 m. Gunhild Olsdotter Ramsland i Spangereid. Han var soldat i 1801 og tok over bruket på Flatebø i Spangereid.
    • Tønnes (1778-) Sjømann i 1801
    • Olav (1780-1792)
    • Øyu (1783-) Matros i 1801

Jo selde garden i 1783, og kom først til Knibestøl der Øyu blei fødd. Dei kom til Flatebø i Spangereid ein gong før 1792. Her var dei leiglendingar og Jon arbeidde for dagløn i 1801. Jo selte til Jesper Ingvorsson.

-

1037 Kvinesdal komm.png Homme (Kvinesdal gnr. 175) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 

  1. Norsk stadnamnleksikon; Hom-.
  2. Norsk stadnamnleksikon; Saur- og Fit-
  3. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, Gards- og ættesoge : Fjotland, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, s. 358
  4. Lian, Oddleif: Lyngdal 5-6. Utg. Lyngdal kommune. 1994. Digital versjonNettbiblioteket, s. 41
  5. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, Gards- og ættesoge : Fjotland, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, s. 358
  6. Lian, Oddleif: Lyngdal 5-6. Utg. Lyngdal kommune. 1994. Digital versjonNettbiblioteket, s. 183