Jens Bjelke: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 46: Linje 46:
Jens Bjelke er mest kjend som Norges rikes kansler, eit embete han vart utnemnd til [[7. desember 1614]], og som han hadde til sin død. Embetet og Jens Bjelkes kvalifikasjonar elles medførte at han vart nytta til ei mengd oppdrag i kongelege kommisjonar til å undersøkje og stundom dømme i saker av dei mest ulike typar. Det kunne vere private tvistemål, bondeklager og økonomiske og politiske tilhøve meir generelt. Den mest kjende av desse kommisjonane er [[Bjelkekommisjonen]] 1632. Saman med ein annan adelsmann, [[Pros Knudsen]], fekk Jens Bjelke i oppdrag å reise kring i landet for å granske bøndenes klagemål. Det galdt i fyrste rekkje klager på overgrep frå futane, men også jordleigetilhøve, offentlege og private tyngsler osv.  

Jens Bjelke var i periodar lensherre i hovudlena [[Bergenhus len|Bergenhus]] (1633-1641) og Stavanger (1641-1646). Han var elles tilgodesett med ei lang rad forleningar som vederlag for tenestene sine for kongen:
Jens Bjelke var i periodar lensherre i hovudlena [[Bergenhus len|Bergenhus]] (1633-1641) og [[Stavanger len|Stavanger]] (1641-1646). Han var elles tilgodesett med ei lang rad forleningar som vederlag for tenestene sine for kongen:

*[[Reins klostergods]] med [[Tautra]] og [[Viksgodset]] i [[Sør-Trøndelag]] 5. april 1611 – 1614.
*[[Reins klostergods]] med [[Tautra]] og [[Viksgodset]] i [[Sør-Trøndelag]] 5. april 1611 – 1614.
Linje 54: Linje 54:
*[[Bispegodset]] (ei offentleg godssamling som kongen hadde overteke i samband med reformasjonen, lokalisert mest i Østfold og Akershus) 25. oktober 1622-1660
*[[Bispegodset]] (ei offentleg godssamling som kongen hadde overteke i samband med reformasjonen, lokalisert mest i Østfold og Akershus) 25. oktober 1622-1660
*Tollen av ladestadene [[Elinkilen]] (1622-) og [[Krogstadkilen]] 1. mai 1623-
*Tollen av ladestadene [[Elinkilen]] (1622-) og [[Krogstadkilen]] 1. mai 1623-
*Bergenhus len 1. juni 1633-1. mai 1641
*[[Bergenhus len]] 1. juni 1633-1. mai 1641
*Stavanger len 1. mai 1641-1. mai 1646
*[[Stavanger len]] 1. mai 1641-1. mai 1646
*[[Maria kyrkje prostigods og Rakkestad len]] ([[Hobøl]] og [[Rakkestad]] i [[Østfold]], [[Vestre Bærum]] i [[Akershus]], [[Helgøya]] i [[Ringsaker]] i [[Hedmark]] og ein del strøgods) 30. mai 1646- 1661

Sideversjonen fra 30. mar. 2009 kl. 07:15

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Jens Bjelke (fødd 2. februar 1580, død 7. november 1659), var ein norsk adelsmann, godseigar, lensherre og Norges rikes kanslar.

Familie, utdanning, ekteskap

Jens Bjelke var fødd på Austrått i nåverande Ørland kommune i Sør-Trøndelag. Foreldra var Åge Jensen Bjelke (1552-1603) og Margrethe Clausdotter Thott (død ein gong i 1640-åra). Han hadde ei syster, Vibeke, som var gift med Gerlof Nettelhorst til Os (i nåverande Halden kommune).

Etter å ha gått på katedralskolen i Trondheim, studerte Jens Bjelke i tidsrommet 1600-1605 i Tyskland ved universiteta i Rostock, Leipzig og i Leiden (Holland). Deretter var han i nokre år tilsett som sekretær ved Danske kanselli i København. I 1609 vende han attende til Noreg med offentlege oppdrag og for å ordne med skiftet av familiens jordegods etter farens død.

I 1610 gifta Jens Bjelke seg med Sophie Brockenhus (1587-1656). Ho var dotter til Henrik Brockenhus til Elingård (1542-1588) og Dorte Juel (død etter 1625).

Jens Bjelke og Sophie Brockenhus fekk desse borna:

1. Ove (1611-1674), m.a. Norges rikes kansler og stiftamtmann over Trondheim stift.
2. Dorothea (1612-1674), gift med Daniel Knudsen Bildt til Morlandsgård, og i sitt andre ekteskap med Gabriel Rosenskjøld.
3. Henrik (1615 -1683), riksadmiral, gift med Edele Christopherdotter Ulfeld til Næsbyholm.
4. Elisabeth (1616-1658?), gift med generalmajor Chr. Fr. Gersdorff.
5. Christian (1616-1642)
6. Eiler, død som spebarn.
7. Eiler Erik, død ung.
8. Birgitte, gift med Daniel Ottesen Bildt til Hafslund, i andre ekteskap med Fredrik von Offenberg.
9. Jørgen (1621-1696), generalløytnant, gift med Magdalene Sibylle Joachimsdotter Gersdorff.

10. Margrethe (1622-1698) gift med Johan Fredrik Marschalck, Norges rikes kanslar.

11. Maren (1624-1652), gift med Børge Rosenkrantz.

12. Sophie, gift med oberst Otte Schade til Tanderup, i andre ektseskap med generalløytnant Hans Løwenhielm til Veirup.

13. Herman (1627-1647).

14. Corfits, død ugift.

Familien har budd fleire stader i landet, men truleg mest på Elingård i Onsøy i nåverande Fredrikstad kommune. Etter at Elingård brann ned i 1648 eller rett før, flytta dei til ein annan av Jens Bjelkes setegardar i Østfold, Sande i Tune i nåverande Sarpsborg kommune i Østfold. Jens Bjelke døydde der den 7. november 1659.

Offentleg verksemd og forleningar

Jens Bjelke er mest kjend som Norges rikes kansler, eit embete han vart utnemnd til 7. desember 1614, og som han hadde til sin død. Embetet og Jens Bjelkes kvalifikasjonar elles medførte at han vart nytta til ei mengd oppdrag i kongelege kommisjonar til å undersøkje og stundom dømme i saker av dei mest ulike typar. Det kunne vere private tvistemål, bondeklager og økonomiske og politiske tilhøve meir generelt. Den mest kjende av desse kommisjonane er Bjelkekommisjonen 1632. Saman med ein annan adelsmann, Pros Knudsen, fekk Jens Bjelke i oppdrag å reise kring i landet for å granske bøndenes klagemål. Det galdt i fyrste rekkje klager på overgrep frå futane, men også jordleigetilhøve, offentlege og private tyngsler osv.

Jens Bjelke var i periodar lensherre i hovudlena Bergenhus (1633-1641) og Stavanger (1641-1646). Han var elles tilgodesett med ei lang rad forleningar som vederlag for tenestene sine for kongen:

Litterær produksjon

Jordegods

Kjelder og litteratur

  • Bratberg, Terje: «Bjelke, Jens» i Norsk biografisk leksikon
  • Hosar, Hans P.: Herre og bønder ved Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet. Ein studie i føydal utbytting i Norge. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Oslo, haust 1981
  • Nielsen, Yngvar: Jens Bjelke til Østråt. Norges riges kantsler. Kristiania 1872.