Jostein Fet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostein Fet (fødd 10. september 1924 i Sykkylven, død 16. juli 2023) var litteraturhistoriker, og var helt til det siste tilknytta Høgskulen i Volda som fri forskar. Gjennom forsking på lesing i bondestanden frå kring 1600 til 1850, der han mellom anna leste gjennom meir enn 16 000 skifte frå Sunnmøre, viste han at langt fleire enn vi hadde trudd kunne lese og eigde bøker óg før allmugeskulen vart innført.

Slekt og familie

Han var son av gardbrukar Ole Johan Ludvig Nikolaisen Fet (f. 1885) og Lovise Sofie Jensdotter Fet (f. 1889). Dei hadde åtte born.

Liv og verke

Han vaks opp på garden Fet i Sykkylven, eit klyngetun i Velledalen. Familien var oppteke av lokal- og kulturhistoria og av folkemusikk, noko han tok med seg vidare i livet.

Etter examen artium frå Eids gymnas i Nordfjord i 1947, vart Fet cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1954, med ei avhandling om Olav Duun. Støttefaga var engelsk og historie. Året etter fekk han jobb som lektor ved Telemark landsgymnas, og i 1958 byrja han på Volda lærarhøgskule med ansvar for norskfaget. Då Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda vart oppretta i 1970 vart han undervisningsleiar der. Fet hadde vore ein forkjempar for å få ein høgskule på Volda. Han vart i 1988 dosent i norsk språk og litteratur, og gjekk av med pensjon i 1990. I 1994 vart lærarhøgskulen og distriktshøgskulen slått saman til Høgskulen i Volda.

Det største forskingsarbeidet gjorde han som pensjonist. I 1995 kom Lesande bønder : litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Her kunne han avlive myten om at nær sagt alle bøndar var analfabeter til inn på 1800-talet. I 2003 følge han opp med Skrivande bønder : skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850, der han viste at mange ikkje berre kunne lese, men óg skrive. Både bøker er viktige referanseverk i skandinavisk forsking på lese- og skrivekunne. Han har óg publisert bokhistorie og kulturhistorie, og ein nær komplett oversikt over alt som vart prenta på Aarflots prenteverkEkset mellom 1809 og 1935. Den siste boka kom i 2015, då han var 91 år gamal; Den gløymde litteraturen er ei fortsetjing av forskinga på lese- og skrivekunne. Her presenterer han 609 bøker og prent frå før 1840 som er i privat eige på Sunnmøre.

Han byrja som ung gut å spele fele, og lærte gamle slåttar av spelemenn i Velledalen. I 1993 var han sentral i gjenreisinga av Sunnmøre Spelemannslag. Han ga i 1999 ut boka Folkemusikken i Møre og Romsdal. Fet leia óg Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.

I 2004 fekk han Kongens fortenstmedalje i gull. I 2017 vart han æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

Bibliografi

  • Sunnmørsdiktarar 1600-1975. Utg. Samlaget. 1977. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Neset, Borghild. Den gamle garden : stadnamn og tradisjon frå Fet i Sykkylven. Utg. Gardsfolket på Fet. 1977. Digital versjonNettbiblioteket. (medforfattar)
  • New Norse literature in English translation 1880-1982 : a bibliography. Utg. Møreforsking and Møre og Romsdal distriktshøgskule. no. 1985. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Allmugens diktar : Niels Olsen Svee i norsk religiøs folkesong. Utg. Universitetsforlaget. 1987. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Fet, Jostein. Helsetkalenderen : skrivekunne i Volda på 1700-talet. Utg. Møre og Romsdal distriktshøgskule. 1993. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Fet, Jostein. Lesande bønder : litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Utg. Universitetsforl.. 1995. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Fet, Jostein. Mellom springdansar og salmetonar : Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal 1990-2000 : eit jubileumsskrift. Utg. Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda. 2000. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Fet, Jostein. Skrivande bønder : skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600-1850. Utg. Samlaget. 2003. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Lesande og skrivande bønder : foredrag frå eit symposium. Utg. Høgskulen i Volda. 2005. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Fet, Jostein. Eksetiana : Aarflots prenteverk 1809-1935 : bibliografi og kulturhistorie. Utg. Samlaget. 2006. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Sunnmørske tunnamn : individ, samfunn, landskap. Utg. Snøhetta. 2010. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Fet, Jostein. Stemmer frå ei fjern tid : forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn : 1550-1814. Utg. Samlaget. 2014. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Den gløymde litteraturen : gamle bøker og skrifter i privat eige på Sunnmøre. Utg. Samlaget. 2015. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur