Kristiansund: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 11: Linje 11:

Fosen eller Fosna kjem truleg frå norrønt ''folksn'', som tyder 'gøymestad', som må vere ein referanse til ei trygg hamn fra storhavet utenfor. Det gammelnorske verbet fela betyr å skjule seg. (skjulested). Det opprinnelige namn har vært Folsken.  

Fosna gård er Kristiansunds eldste gård og den som byen har oppstått fra. Den lå godt i le på Kirkelandet. Det var dette stedet som ble kalt Lille-Fosen. Såvel Kirkelandet (Lille-Fosen) med Gomalandet som Nordlandet (Auma) og Innlandet (Hunsa) tilhørte opprinnelig Fosna gård. Den var krongods fram til 1660 da en Jens Baltzersen fikk den i eie. Deretter i lang tid i familien Mühlenphort si eie.

I 1742 fekk byen namnet Christianssund etter Christian VI. Dette var gjeldande skrivemåte fram til byrjinga av 1900-talet, då forma Kristiansund vart innførd.  
I 1742 fekk byen namnet Christianssund etter Christian VI. Dette var gjeldande skrivemåte fram til byrjinga av 1900-talet, då forma Kristiansund vart innførd.  

Sideversjonen fra 6. apr. 2024 kl. 06:49

Kristiansund sett fra Tustna.
Foto: Olve Utne (2011).

Kristiansund er ein by og administrasjonssenter i Kristiansund kommuneNordmøre. Han strekk seg over tre øyer med eit samla areal på 22 kvadratkilometer. Busetninga i området var opphavleg kjend som Lille-Fosen, som på 1600-tallet fekk status som ladestad. Den 29. juni 1742 gav Christian VI status som kjøpstad, og gav byen namnet Christiansund etter seg sjølv. Byen var identisk med Kristiansund kommune fram til 1964, då den vesle øykommunen Grip og ein del av Bremsnes kommune vart innlemma. Då Frei også vart innlemma i 2008 vart kommunen omkring fire gonger så stor som sjølve byen.

Kristiansund ligg på tre øyar: Nordlandet, Gomalandet/Kirklandet og Innlandet. Heilt sidan 1876 har sundbåtane gått mellom øyane og knytt dei saman. Gomalandet og Kirklandet er knytta saman av eit smalt eid inst i Vågen. Dette er eit kunstig eid laga av fyllmasse; det var opphavleg to øyar.

Byen vart kjend som eit sentrum for produksjon og eksport av klippfisk, ei historie som bland anna formidlast av Norsk klippfiskmuseum i Kristiansund. I seinare år har byen vorte eit administrasjonssenter for olje- og gassindustrien på Haltenbanken. Den er også regionssenter for Nordmøre.

Tettstaden Kristiansund strekk seg ikkje ut over kommunegrensene. Det bor 18 355 personar i tettstaden (2016), noko som er meir enn to tredjedeler av kommunen sin befolkning.'

Bynamnet

Fosen eller Fosna kjem truleg frå norrønt folksn, som tyder 'gøymestad', som må vere ein referanse til ei trygg hamn fra storhavet utenfor. Det gammelnorske verbet fela betyr å skjule seg. (skjulested). Det opprinnelige namn har vært Folsken.

I 1742 fekk byen namnet Christianssund etter Christian VI. Dette var gjeldande skrivemåte fram til byrjinga av 1900-talet, då forma Kristiansund vart innførd.

I 1929 var det ein folkeavstemming over eit forslag om at byen skal heitte Fosna i staden. 4740 innbyggjarar stemte, og berre 41 av dei stemte for Fosna som nytt namn.

Kristiansund sitt byvåpen er basert på ein feiltolking av det gamle namnet. Dei som fastsette det trudde at Fosen viste til ein foss, og la inn det motivet.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 63.115937° N 7.7133975° Ø