Kruna (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(mellomtittel: mellomaldergard)
(onlyinclude-justering)
Linje 21: Linje 21:




<onlyinclude>'''[[Kruna (Jostedalen)|Kruna]]''' (Luster, gnr. 208) er ein [[matrikkelgard]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Garden har gjeve namnet til [[Krundalen]] og grensar i aust mot [[Hellegård (Jostedalen)|Hellegård]] og i vest mot [[Snøtun (Jostedalen)|Snøtun]]. Heimane under Kruna sokna til [[Krundalen skule]] fram til krinsen vart nedlagd i 1963.  
<onlyinclude>'''[[Kruna (Jostedalen)|Kruna]]''' (Luster, gnr. 208) er ein [[matrikkelgard]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Garden har gjeve namnet til [[Krundalen]] og grensar i aust mot [[Hellegård (Jostedalen)|Hellegård]] og i vest mot [[Snøtun (Jostedalen)|Snøtun]]. Heimane under Kruna sokna til [[Krundalen skule]] fram til krinsen vart nedlagd i 1963. </onlyinclude>


==Mellomaldergard==
==Mellomaldergard==
Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19.</onlyinclude><ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=114 Diplom 1318-19] (Jostedal historielag)</ref> <onlyinclude>Kruna er ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet.</onlyinclude><ref>Sivertsen 2006</ref>
<onlyinclude>Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19.</onlyinclude><ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=114 Diplom 1318-19] (Jostedal historielag)</ref> <onlyinclude>Kruna er ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. </onlyinclude><ref>Sivertsen 2006</ref>


==Bruksdeling==
==Bruksdeling==
Linje 60: Linje 60:


==Kronen turiststasjon==
==Kronen turiststasjon==
I andre halvdel av 1800-talet, truleg kring 1880, vart det etablert turiststasjon i stova på Kruna. ''Kronen Turistasjon'' var eit knutepunkt for turistar som gjekk over breen til og frå Nordfjord. Verten for turiststasjonen, [[Tøger Larsson Kronen]], vart patentførar ei tid etter at Den Norske Turistforening i 1890 innførte patentførarordninga. Frå kring 1880 dreiv han òg landhandel i stova på Kruna. Denne verksemda vart avvikla då han døydde i 1909, men turiststasjonen vart driven vidare.
<onlyinclude>I andre halvdel av 1800-talet, truleg kring 1880, vart det etablert turiststasjon i stova på Kruna. ''Kronen Turistasjon'' var eit knutepunkt for turistar som gjekk over breen til og frå Nordfjord. Verten for turiststasjonen, [[Tøger Larsson Kronen]], vart patentførar ei tid etter at Den Norske Turistforening i 1890 innførte patentførarordninga. Frå kring 1880 dreiv han òg landhandel i stova på Kruna. Denne verksemda vart avvikla då han døydde i 1909, men turiststasjonen vart driven vidare.</onlyinclude>


==Personar frå Kruna==
==Personar frå Kruna==

Sideversjonen fra 22. mai 2012 kl. 11:27

Mal:Infoboks gard (nynorsk)


Kruna (Luster, gnr. 208) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden har gjeve namnet til Krundalen og grensar i aust mot Hellegård og i vest mot Snøtun. Heimane under Kruna sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Mellomaldergard

Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19.[1] Kruna er ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. [2]

Bruksdeling

Kruna vart fyrste gongen delt kring 1667 i to bruk som fekk jamstor skyld. Kring 1698 vart dei to bruka igjen slegne saman til eitt bruk.

I 1760 vart Kruna delt på ny, men no slik at det eine av dei to bruka fekk 2/3 av skylda. Desse to bruka vart drivne som to einingar fram til 1791 bortsett frå åra 1773-1780 då dei vart drivne som ei eining.

Frå 1791 var det igjen berre eitt bruk på Kruna, det som i dag er bnr. 1. Dette bruket fekk då den skylda som dei to bruka samla hadde hatt før 1791.

I åra frå kring 1880 til 1894 var hovudbruket på nytt delt i to bruk. Noko klårt skilje var det likevel ikkje før i 1909 då Kruna vart oppdelt i heile fem bruk:

Bruka i hovudtunet:

  • Bnr. 1 Kruna (Kronen) - det opphavlege bruket, lagt inn under bnr. 2 i 1959
  • Bnr. 2 Kruna (Kronstad) - utskild 1909, har seinare vorte hovudbruket
  • Fredheim - utskild 1909, lagt inn under bnr. 2 i 1987

Andre bruk:

  • Bnr. 4 Kvam - utskild 1909, rydda kring 1887 som husmannsplassen Hanehaug
  • Bnr. 5 Øygarden (Kronøygarden) - utskild 1909, tidlegare husmannsplass
  • Bnr. 6 Øygarden (Neretun) - utskild 1946 frå Kronøygarden

Dei tre bruka i hovudtunet har sidan 1987 såleis igjen vore eitt bruk.

Husmannsplassar

Det har vore tre husmannsplassar under Kruna:

Daveplassen vart visstok rydda i fyrste del av 1790-åra, rett nedanfor dagens bygdeveg midt mellom Kruna og Kvam. Plassen fekk namnet etter den siste brukaren, Dave Johnson. Plassen vart teken av ei snøskrede i 1849 og vart då lagd ned.

Kronøygarden skal òg ha vorte rydda i fyrste del av 1790-åra. Utskild som bnr. 5 i 1909.

Hanehaug (Kvam) vart rydda kring 1887. Utskild som bnr. 4 i 1909.

Krunestova

Det eldste stovehuset som står på Kruna i dag, er den tømra stova som vart bygd mellom 1805 og 1808. Det er nytta særs tjukke stokkar i bygningen. Etter ein lokal tradisjon vedda brukaren Tøger Larsson Kruna med bror sin Rasmus Larsson FåbergNedre Fåberg kven som kunne byggja tyngste huset, og det var Tøger som vann med Steinstova i Fåberg. Då Kruna ei tid var delt i to bruk, gjekk grenda rett gjennom både stovebygninen og fjøset slik at dei to brukarfamiliane brukte ein halvdel kvar. Stova vart bygt på i høgda mot slutten av 1800-talet slik at det vart to fulle høgder i bygningen.[3]

Kronen turiststasjon

I andre halvdel av 1800-talet, truleg kring 1880, vart det etablert turiststasjon i stova på Kruna. Kronen Turistasjon var eit knutepunkt for turistar som gjekk over breen til og frå Nordfjord. Verten for turiststasjonen, Tøger Larsson Kronen, vart patentførar ei tid etter at Den Norske Turistforening i 1890 innførte patentførarordninga. Frå kring 1880 dreiv han òg landhandel i stova på Kruna. Denne verksemda vart avvikla då han døydde i 1909, men turiststasjonen vart driven vidare.

Personar frå Kruna

Notar

  1. Diplom 1318-19 (Jostedal historielag)
  2. Sivertsen 2006
  3. Øyane 1994, s. 690 og 820

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 818-838. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Sivertsen, Ann Katrine. (2006). Jordbruks- og busetnadsutvikling i Jostedalen. Med utgangspunkt i punktundersøkingar i innmarka på gardane Nedrelid og Kruna. Masteroppgåve i arkeologi. Universitetet i Bergen.
  • «Kruna», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk

Mal:Koordinater