Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja

Øverlismoen er eit området like vest for Strande, i nyare tid best kjent som Lisser, men som er nemnt med dette namnet da eigarane i 1855 selde tomt til Lesjaskog kyrkje til Lesja kommune.[1] Kring Lisser og austover til kyrkja, eigentleg til Mølmsåe er det samla mange kulturminner innafor eit nokså lite område. Ein finn i alle fall minne frå 1600-talet, kyrkja (sjølv om ho ikkje kom hit før i 1855) og trekolproduksjon, frå driftsformer i landbruket (kunstig vatning), samferdsel, sosiale samlingar, turisme, dramatiske krigshandlingar, forsøk på museumsdrift med meire.

Utsyn mot kulturminneområdet i 1963. I framgrunnen Mølmshaugen.
Foto: Widerøe's Flyveselskap

Gjennom fleire synfaringar dukkar det opp stadig fleire spor etter menneskeleg verksemd. Av den grunn vart området tilretteleggagt for oversynsskilt og skilt ved kvart kulturminne i 2022. Desse har namna på kulturminnet og ein QR-kode som viser til omtalen her på lokalhistoriewiki. Lesjaskog skule deltek i prosjektet, som har fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.

Førebels er det omtale av desse kulturminna:

Området var ferdig skilta og vart opna ved ei enkel markering 10. juli 2022, men fleire artiklar blir oppdaterte etterkvart.

Bilde frå området

Referansar

Koordinater: 62.23297° N 8.34714° Ø

  1. Avskrift av gåvebrev datert 16. april 1855 trykt i Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog desember 1976.