Kvinner & familie (magasin)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile av forsiden til Husmoderen anno 1898.

Kvinner & familie er Norges Kvinne- og familieforbund sitt medlemsblad. Fyrste nummer kom ut i 1887 under namnet Husmoderen, dei to fyrste åra som eit gratis tillegg til Norsk Landmandsblad. Bladet gjekk frå januar 1919 inn i det nystarta ukebladet Hjemmenes vel, som igjen gjekk inn i Husmorbladet frå 1929. Bladet skifta namn til Kvinner & familie i 1997 og i dag (2018) vert . utgitt tre gonger i året.

I ei kunngjering i Norsk skoletidende frå 1888 står redaktøren for Landmandsbladet, Knut Knutsen Heje, og G. Wankel (truleg Georg Rheinhold Wankel (1843-1907)) som utgjevarar "under medvirken av flere dygtige husmødre".[1] Bladet kom da ut ein gong i månaden. I Norsk bokfortegnelse for same året står dei to også som redaktørar.

Kvinnene vert synlege

Frå 1894 er ikkje lenger Heje nemnd i Bokfortegnelsen, og året etter opptrer husmødrene med namn. Frå dette året trer også hovedredaktøren, frøken Lina Lund, tydeleg fram. Året etter har frøken Marie Jørstad tatt over og sit som redaktør fram til 1913, med unnatak for 1902-årgangen da frøken Marie Bjørnstad sit ved roret.

I tillegg til hovudredaktørane nemner Bokfortegnelsen følgjande kvinner som redaksjonsmedlemer mellom 1895 og 1900 (etter dette er berre redaktørane nemnd):

Redaktørar

  • Husmoderen
    • 1887-1888: Knut K. Heje og G. Wankel
    • 1889-1893: Knut K. Heje
    • 1894: Eit kollektiv av ikkje namngjevne husmødre
    • 1895: Lina Lund
    • 1896-1901: Marie Jørstad
    • 1902: Marie Bjørnstad
    • 1903-1913: Marie Jørstad
  • (Ukebladet) Hjemmenes vel
  • Husmorbladet (for by og bygd)
    • 1929-1945: Manny Alteren

Eksterne ressurser

Fotnoter

  1. Norsk skoletidende. Nr. 20. 1888. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Asta Lie-Isaachsen i HBR
  3. pd00000004633986

Kjelder