Kvinner & familie (magasin)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jun. 2023 kl. 13:34 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (just)
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile av forsiden til Husmoderen anno 1898.

Kvinner & familie er Norges Kvinne- og familieforbund sitt medlemsblad. Fyrste nummer kom ut i 1887 under namnet Husmoderen, dei to fyrste åra som eit gratis tillegg til Norsk Landmandsblad. Bladet gjekk frå januar 1919 inn i det nystarta ukebladet Hjemmenes vel, som igjen gjekk inn i Husmorbladet frå 1929. Bladet skifta namn til Kvinner & familie i 1997 og vert i dag (2018) utgitt tre gonger i året.

I ei kunngjering i Norsk skoletidende frå 1888 står redaktøren for Landmandsbladet, Knut Knutsen Heje, og G. Wankel (truleg Georg Rheinhold Wankel (1843-1907)) som utgjevarar "under medvirken av flere dygtige husmødre".[1] I Norsk bokfortegnelse for same året står dei to også som redaktørar. Bladet kom da ut ein gong i månaden. Frå 1892 kom det ut kvar 14. dag.

Kvinnene vert synlege

Nekrologen over Bertha Heje (f. Kjuus), skrive av statsråd Bernt Holtsmark, kan tyde på at mannen hennar, Knut, ikkje fungerte som redaktør i praksis. Holtsmark skriv at "redaksjonen blev tilbudt fru Heje" allerede da Husmoderen ble startet i 1887 og at hun påtok seg vervet "som hun med dyktighet og fremgang fortsatte inntil 1894, da tidsskriftet ble overtatt av nye eiere".[2] Frå 1894 er ikkje lenger Knut K. Heje nemnd i Bokfortegnelsen, og året etter opptrer husmødrene med namn. Frå dette året trer også hovudredaktøren, frøken Lina Lund, tydeleg fram. Året etter har frøken Marie Jørstad tatt over og sit som redaktør fram til 1913, med unnatak for 1902-årgangen da frøken Marie Bjørnstad sit ved roret.

I tillegg til dei formelle hovudredaktørane nemner Bokfortegnelsen følgjande kvinner som redaksjonsmedlemer mellom 1895 og 1900 (etter dette er berre redaktørane nemnd):

Redaktørar

  • Husmoderen
    • 1887-1888: Formelt: Knut K. Heje og G. Wankel. I praksis (trolig): Bertha Heje.
    • 1889-1893: Formelt: Knut K. Heje. I praksis (trolig): Bertha Heje.
    • 1894: Eit kollektiv av ikkje namngjevne husmødre. Hovudredaktør (trolig): Bertha Heje.
    • 1895: Lina Lund (lærerinne f. 1862?)
    • 1896-1901: Marie Jørstad
    • 1902: Marie Bjørnstad (den samme som denne Marie Bjørnstad?)
    • 1903-1913: Marie Jørstad
  • Hjemmenes vel
  • Husmorbladet
    • 1929-1945: Manny Alteren

Eksterne ressurser

Fotnoter

  1. Norsk skoletidende. Nr. 20. 1888. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Norsk hagetidend. 1933. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder