Lensmenn i Jostedalen

Dette er ei førebels liste over kven som hadde lensmannsembetet i Jostedalen fram til andre verdskrigen. Lista er ufullstendig og dårleg kvalitetssikra, og ho byggjer i hovudsak på ei liste av førebels karakter laga av Jon Laberg. Sjå elles detaljar og kjeldeopplysningar under kvar einskild lensmann. Før 1700 referer årstala til når vedkomande er nemnd i embetet.


År Namn Merknader
1600?, 1613 Ole Myklemyr
1611, 1614-19 Knut Åsen
1622, , 1631, 1638 Daniel Kjeppe
1647 Sjur Paulson Kruna
1648-1655 Torstein Espe
1690 Knut Olson Nedrelid
1660, 1705? Ole Arneson Åsen
1706-1728 Anders Olson Åsen Nemnd 1703[1]
1728-1734 Sjur Anderson Åsen
1734-1758 Tøger Ottoson Snøtun
1758-1768 Otto Tøgerson Snøtun
1768-1795 Lars Tøgerson Snøtun
1808-1816 Hans Urdal Bringe Saman med Luster
1816-1850 Ola Hansson Urdal Saman med Luster
1850-1881 Lars Rasmusson Faaberg
1881-1913 Hermund Tvedt
1913-1938 Lars Stølen
Frå 1938 Anders Fosøen

For å kvalitetssikre og utvide lista, er det naudsynt med ein gjennomgang av primærkjeldene, særleg tingbøkene.

Notar

Kjelder