Lesja bygdebokarkiv: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 13: Linje 13:
Kjelland bygde relativt tidleg opp kompetanse i elektronisk databehandling av kjelder og manusskriving ved hjelp av tekstbehandling. Alt i 1983 skreiv han eit lite delkapittel i Jørn Sandnes: ''Handbok i lokalhistorie'' (Universitetsforlaget), om desse problemstillingane. I 1984–85 etablerte han eit samarbeid med den relativt nyetablerte [[Registreringssentral for historiske data]] ved Universitetet i Tromsø om registrering av folketeljingar for Lesja (1865, 1875 og 1900). Litt seinare starta dei første registreringane av kyrkjebøkene for Lesja, samt ein god del andre kjelder. Her må [[Skifte|dødsbuskifta]] og samleoversyn over personar som emigrerte til USA nemnast særskilt.
Kjelland bygde relativt tidleg opp kompetanse i elektronisk databehandling av kjelder og manusskriving ved hjelp av tekstbehandling. Alt i 1983 skreiv han eit lite delkapittel i Jørn Sandnes: ''Handbok i lokalhistorie'' (Universitetsforlaget), om desse problemstillingane. I 1984–85 etablerte han eit samarbeid med den relativt nyetablerte [[Registreringssentral for historiske data]] ved Universitetet i Tromsø om registrering av folketeljingar for Lesja (1865, 1875 og 1900). Litt seinare starta dei første registreringane av kyrkjebøkene for Lesja, samt ein god del andre kjelder. Her må [[Skifte|dødsbuskifta]] og samleoversyn over personar som emigrerte til USA nemnast særskilt.


Som eigne prosjekt, dels eller i hovudsak finansiert gjennom arbeidsmarknadsmidlar, vart det i løpet av 1980-åra sett i gang innsamling av gamle bilde og livsminne, og medarbeidarane gjorde eit ikkje lite kvalitetssikringsarbeid på eit stadnamninnsamlingsprosjekt i regi av [[Lesja historielag]] i samarbeid med [[Stadnamnarkivet]] ved Universitetet i Oslo.
Som eigne prosjekt, dels eller i hovudsak finansiert gjennom arbeidsmarknadsmidlar, vart det i løpet av 1980-åra sett i gang innsamling av gamle bilde og livsminne, og medarbeidarane gjorde eit ikkje lite kvalitetssikringsarbeid på eit stadnamninnsamlingsprosjekt i regi av [[Lesja historielag]] i samarbeid med [[Seksjon for Namnegransking|Stadnamnarkivet]] ved Universitetet i Oslo.


== Hovudordninga ==
== Hovudordninga ==
Store delar av arkivsamlinga er fordelt mellom ringpermar, arkivskap og arkivboksar. Desse har vore samla i eit arkivrom i kommunehuset i Lesja sentrum, men utan at utanforståande har hatt tilgang.
To av arkivskapa er nå flytta til [[Lesja bibliotek]] der dei skal gjerast lettare tilgjengeleg for interesserte.
== Gardsmappene ==
Ein viktig del av arkivet er eitt arkivskap med dei såkalla gardsmappene. Det er mapper med kjeldestoff ordna dels etter [[Namnegard|namnegardane]], dels etter [[Matrikkelgard|matrikkelgardane]] og dels etter [[Gardsbruk|enkeltbruk]] og / eller [[Husmannsplass|husmannsplassar]]. Mappene er ordna frå nordlegaste (etter det lokale talemålet, elles vestlegaste) garden [[Stuguflotten (Lesja gnr 1)|Stuguflotten]], deretter sørover (austover) til den [[Joramoen (Lesja gnr 141)|Joramoen]], nabo til [[Dombås]] i [[Dovre kommune]].
Mappene kan ha nokså variabelt innhald. Dei eldste gardane har naturleg nok mest, medan enkelt mapper for husmannsplassar kan vere nokså tynne. Ikkje alle bruk har eigne mapper; både nyare bruk og plassar kan ha materiale liggande i mappa for den eininga dei vart frådelt frå eller var plass under.
[[Kategori:Lesja kommune]]
[[Kategori:Lesja kommune]]
[[Kategori:Arkivsamlinger]]
[[Kategori:Arkivsamlinger]]

Sideversjonen fra 12. nov. 2020 kl. 16:23

Lesja bygdebokarkiv er eigentleg ei arkivsamling, ein kombinasjon av:

  1. Sjølve prosjektarkivet: brev, sakspapir, møtereferat, budsjettnotat, trykketilbod osv. som gjeld planlegging og gjennomføring av arbeidet med prosjektet, og som må sjåast på som eit eige arkiv.
  2. Ei omfattande og delvis ordna samling av kopiar av originale arkivsaker frå forskjellige offentlege arkivinstitusjonar, der dei viktigaste er Riksarkivet og Statsarkivet i Hamar. Finst i hovudsak i form av kopiar og mikrofilm. Visse kjeldeseriar er altså dataregistrerte.
  3. Originale dokument samla inn/produsert gjennom prosjektet: spørjeskjema, intervju, ikkje tinglyste eldre dokument (t.d. husmannskontraktar), bilde, livsminne, stadnamn o.a.

Bakgrunn

Arbeidet med bygdeboka for Lesja (gards- og slektshistoria) starta i 1972 da Lesja kommune sette ned den første bygdeboknemnda. Denne kjøpte arkivet etter avdøde overlærar Per Berg, Hamar, som voks opp på Steinbakken u. Stavem. Han hadde i meir enn 50 år drive systematisk avskriving av stort sett eldre historisk kjeldemateriale frå Lesja, med vekt på skattelister frå 1600-talet, tingbøkene (justisprotokollane) frå 16- og 1700-talet, kyrkjebøkene og forskjellige manntal og folketeljingar. Berg ordna òg dette stoffet til ein viss grad, m.a. tok han utskrifter frå tingbøkene på lappar for kvar einskild gard, og sorterte desse. Han gjennomførte òg delvis rekonstruksjon av familiane, slik at han kunne levere slektslister på førespurnad.

I nokre år sist i 1970-åra var to personar – Arne Amundgård og Egil Mølmen – engasjert for å bearbeide stoffet etter Per Berg til ei bygdebok for Lesja. Det arbeidet stoppa forskjellige grunnar opp. I 1980 vart så Norsk lokalhistorisk institutt i Oslo kontakta og bede om råd, og via professor Jørn Sandnes i Trondheim vart så Arnfinn Kjelland tilbode engasjement. Han starta i engasjementet hausten 1981. Første band av bygdeboka vart gjeve ut i 1987, band 2 i 1992 og band 3 i 1996.

I første del av prosjektperioden organisert Kjelland relativt omfattande stoffinnsamling i tillegg til det som var innkjøpt etter Per Berg. Det galdt m.a. ein god del fotostatkopiar og mikrofilm av forskjellige kjelder, samt minne- og bildeinnsamling rundt om i bygda. Av andre innsamlingsprosjekt må særleg nemnast stadnamn- og sefrak-registreringar, samt etter kvart nokså omfattande dataregistrering av kjelder.

Kjelland bygde relativt tidleg opp kompetanse i elektronisk databehandling av kjelder og manusskriving ved hjelp av tekstbehandling. Alt i 1983 skreiv han eit lite delkapittel i Jørn Sandnes: Handbok i lokalhistorie (Universitetsforlaget), om desse problemstillingane. I 1984–85 etablerte han eit samarbeid med den relativt nyetablerte Registreringssentral for historiske data ved Universitetet i Tromsø om registrering av folketeljingar for Lesja (1865, 1875 og 1900). Litt seinare starta dei første registreringane av kyrkjebøkene for Lesja, samt ein god del andre kjelder. Her må dødsbuskifta og samleoversyn over personar som emigrerte til USA nemnast særskilt.

Som eigne prosjekt, dels eller i hovudsak finansiert gjennom arbeidsmarknadsmidlar, vart det i løpet av 1980-åra sett i gang innsamling av gamle bilde og livsminne, og medarbeidarane gjorde eit ikkje lite kvalitetssikringsarbeid på eit stadnamninnsamlingsprosjekt i regi av Lesja historielag i samarbeid med Stadnamnarkivet ved Universitetet i Oslo.

Hovudordninga

Store delar av arkivsamlinga er fordelt mellom ringpermar, arkivskap og arkivboksar. Desse har vore samla i eit arkivrom i kommunehuset i Lesja sentrum, men utan at utanforståande har hatt tilgang.

To av arkivskapa er nå flytta til Lesja bibliotek der dei skal gjerast lettare tilgjengeleg for interesserte.

Gardsmappene

Ein viktig del av arkivet er eitt arkivskap med dei såkalla gardsmappene. Det er mapper med kjeldestoff ordna dels etter namnegardane, dels etter matrikkelgardane og dels etter enkeltbruk og / eller husmannsplassar. Mappene er ordna frå nordlegaste (etter det lokale talemålet, elles vestlegaste) garden Stuguflotten, deretter sørover (austover) til den Joramoen, nabo til Dombås i Dovre kommune.

Mappene kan ha nokså variabelt innhald. Dei eldste gardane har naturleg nok mest, medan enkelt mapper for husmannsplassar kan vere nokså tynne. Ikkje alle bruk har eigne mapper; både nyare bruk og plassar kan ha materiale liggande i mappa for den eininga dei vart frådelt frå eller var plass under.