Lesja prestegjeld: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(tilleggsinformasjon)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 40: Linje 40:
{{DEFAULTSORT:Lesja prestegjeld}}
{{DEFAULTSORT:Lesja prestegjeld}}
[[Kategori:Lesja kommune]]
[[Kategori:Lesja kommune]]
[[Kategori:Prestegjeld]]
[[Kategori:Prestegjeld i Oppland]]
[[Kategori:Prestegjeld i Oppland]]
{{F1}}
{{F1}}

Sideversjonen fra 23. sep. 2009 kl. 13:52

Lesja prestegjeld omfatta frå 1500-talet Lesja hovudsokn og Dovre annekssokn. Sist på 1600-talet vart Lesjaskog annekssokn etablert som følgje av oppbygginga av Lesja jernverk. Frå 1747 skulle sokneprestane i Lesja og Tynset skifte på å halde gudstenester i kyrkja i Folldalen, og Øvre Folldal vart etter kvart rekna som annekssokn under Lesja. I 1861 vart Øvre Folldal og Dovre (med Dombåsgrenda skilt ut frå Lesja prestegjeld som Dovre prestegjeld.

«Dette Giæld kan med Rette regnes til dem, som blandt alle i Norge har den vidløftigste Strækning ... » skreiv Gerhard Schøning i 1775.

Prestegjeldet har desse kyrkjene:

Eldre kyrkjer i prestegjeldet, sjå under Stavkirker i Oppland.

I stykket: Indikasjoner_på_udokumenterte_kirker_i_Oppland er det òg nemnt nokre mulege eldre kyrkjestader i Lesja.

I Eid kyrkje står det ein døypefont med årstallet 1519 som skal vere frå Lesja.

Prestgarden (opphavleg namn: Hov) ligg like nedafor Lesja kyrkje.

Lesja prestegjeld høyrde til Gudbrandsdal prosti fram til 1871, deretter til Nord-Gudbrandsdal prosti. Frå reformasjonen til 1864 høyrde Lesja til Oslo bispedømme, deretter Hamar bispedømme.

Prestar i Lesja prestegjeld fram til 1724:

  • Orm prest var vitne ved gardhandel i 1326.
  • Gudbrand Gunnarsson nemnt som prest i Lesja i 1400 og 1417.
  • Erik Olafsson nemnt som prest i Lesja ca 1450. Var prest på Fron før han kom hit.
  • Olaf Jakobsson var prest i 1491.
  • Olaf Jonsson Korne («Kånne») var i tenest frå før 1521 til ca 1556 og var siste katolske og fyrste protestantiske presten i Lesja. Etter Stockflet skulle han vera bondeson frå Stor-Tande.
  • Svein var neste prest, kring 1560.
  • Jens Jensson Staby visstnok frå Ribe i Danmark, var prest her frå ca 1570 til 1602 da han vart prost i Gudbrandsdalen og prest i Øyer.
  • Jens Jensson d.y. vart prest etter far sin fram til han døydde i 1639.
  • Sigvart Engebretsson Munk frå Storhove i Fåberg (ca. 1590-1694) kom som huskapellan i 1636, styrte kallet frå 1639 og vart utnemnt til sokneprest i 1641. Døydde i Lesja 1694, 104 år gamal ifølgje Hiorthøy. Var av Munk-slekta frå Blakar i Lom.
  • Christen Christenss. Gammelgaard (ca 1642-1731) overtok ifølgje Ivar Kleiven som sokneprest etter Munk i 1670. Men ifølgje Hiorthøy var Gammelgård kapellan heilt til Munk døydde, før han vart sokneprest frå 1695 til han gjekk av i 1724 og flytte til ei dotter i Gran og til sist til ei anna på FrisvollEid.

Kjelder

Litteratur