Møre infanteriregiment nr 11 under andre verdenskrig: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 93: Linje 93:
Styrken ved riksvegen vart òg sterkt pressa, og begge dei to mitraljøsetroppane måtte trekke seg opp i fjellet der dei gjekk i oppløysing som stridande avdelingar. Kp 3 klarte å trekkje seg attende nede i dalen. Bataljonen mista altså kp 2 og kp 4 denne dagen (24. april), men berre ein fenrik vart lettare såra ved Elstadkleiva. Det som var att av bn I var kp 1, kp 3 og stabskompaniet med bombekastartroppen. Desse einingane vart så samla att ved [[Rosten]] nord for [[Sel]] dagen etter.
Styrken ved riksvegen vart òg sterkt pressa, og begge dei to mitraljøsetroppane måtte trekke seg opp i fjellet der dei gjekk i oppløysing som stridande avdelingar. Kp 3 klarte å trekkje seg attende nede i dalen. Bataljonen mista altså kp 2 og kp 4 denne dagen (24. april), men berre ein fenrik vart lettare såra ved Elstadkleiva. Det som var att av bn I var kp 1, kp 3 og stabskompaniet med bombekastartroppen. Desse einingane vart så samla att ved [[Rosten]] nord for [[Sel]] dagen etter.


===Bn II i forsvarskamp ved Vinstra 25. april===
===Bn II (Kjøs) i forsvarskamp ved Vinstra 25. april===
(meir tekst kjem)
(meir tekst kjem)



Sideversjonen fra 6. aug. 2010 kl. 09:36

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Møre infanteriregiment nr 11 (forkorta IR 11) kunne som det einaste i Sør-Noreg[1] mobilisere tilnærma normalt i dagane etter det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940. Regimentet skulle ved mobilisering sette opp desse avdelingane på Setnesmoen ved Åndalsnes:

  • Feltbataljon I (forkorta bn I) med stabskompani, 3 geværkompani (kp 1, 2 og 3) og 1 mitraljøsekompani (kp 4), sjef kaptein Gunnar Juel
  • Feltbataljon II (forkorta bn II) med stabskompani, 3 geværkompani (kp 5, 6 og 7) og 1 mitraljøsekompani (kp 8), sjef kaptein Ivar Navelsaker
  • Landvernbataljon (forkorta lvbn) med stabskompani, 3 landvernkompani (Landvkp 1, 2 og 3) og 1 mitraljøsekompani (Mitrkp), sjef major Einvald Uri

I tillegg fekk regimentet snart tilført ei avdeling som 9. april var oppsett i Trondheim, den såkalla magasinvakta. 23. april meldte regimentet til Hærens overkommando at det var sett opp ein ny bataljon av tilleggsmannskap frå IR 11 og Sør-Trøndelag infanteriregiment nr 12 (IR 12). Bataljonen hadde 3 geværkompani og 2 mitraljøsetropper, og major Alf Kjøs fra Oppland infanteriregiment nr 5 (IR 5) var sjef. Denne er seinare omskrive både som feltbataljon III (forkorta bn III) og som 4. (eller IV) bataljon av IR 11. Alle avdelingar er elles òg omskrive med namnet til sjefen (t.d. «bataljon Kjøs», «kompani Sandnes») i samsvar med eldre militær tradisjon.

Av desse avdelingane va bn II den einaste som var samøvd under kommando. Bataljonen hadde vore inne til nøytralitetsvakt på Madla ved Stavanger i ca 2 månader og vart dimittert 1. april. Ved innleveringa vart delar av utrustninga merkt med namnet til dei soldatane som hadde brukt ho slik at ny utleverings skulle kunne skje raskt.

Operasjonane regimentet var involvert i

Landvernbataljonen (Uri): vakthald i Romsdalen og sikring av engelske styrkar

Landvernbataljonen vart i første del av felttoget utgruppert på Åndalsnes, Veblungsnes og Hen i Isfjorden med to kompani (begge forsterka med mitr.tropp) for vakthald og forsvar mot sjøen. Resten av bataljonen vart forlagt til vakthald oppover Romsdalen. (meir tekst kjem)

Utgruppering av bn II (Navelsaker) på Dombås 13. april

Mellom anna på grunn av måten innleveringa etter nøytralitetsvakta vart avslutta 1. april var bn II meldt stridsklar allereie 13. april og vart kl 1930 av Hærens Overkommando beordra til Dombås. Bataljonen marsjerte frå Setnesmoen over Grøttørbrua og lasta opp på Raumabanen. Styrken var framme på Dombås kl 2300.

Grunnen til at bataljonen vart sendt til Dombås var ikkje at HOK venta tysk fallskjermangrep, men at bn skulle sikre kommunikasjonsknutepunktet mot sabotasje og flybombing, og seinare delta i eit alliert forsøk på å ta att Trondheim.

Bataljonen vart gruppert ut slik:

  • Kp 5 (kapt Olav Sandnes) sør for Dombås stasjon med front nedover dalen
  • Kp 6 (kapt Olav Kavli) og kp 7 (lt Olaf Rypdal) nord og nordvest for stasjonen
  • Kp 8 (lt Mathias Berstad) med 3 mitraljøsetroppar ved stasjonen
  • Bataljonsstaben og stabskompaniet på Dombås turisthotell

Kamp mot dei tyske fallskjermjegrane på Dombås 14. - 19. april

Søndag 14. april kl 1100 fekk øvstkommanderande for dei tyske invasjonsstyrkane i Oslo ordre direkte frå Der Führer i Berlin om å sette seg fast på Dombås ved hjelp av fallskjermsoldatar. Hensikten var å sperre jernbanen for engelske styrkar tyskarane feilaktig trudde hadde gått i land på Åndalsnes dagen før.

Kl 1700 tok så mellom 12 og 15 tyske transportfly av frå Fornebu med eit kompani på ca 180 mann (Kp 1 av I/Fallschirmjägerregiment 1) med løytnant Herbert Schmidt som sjef. Veret var vanskeleg, flya vart spreidde og fallskjermjegrane sleppte over eit stort område. Berre 7 fly kom attende til Fornebu; resten måtte naudlande eller vart skotne ned av norske styrkar.

Hovudstyrken av tyskarane, 63 mann, samla seg sør for Dombås, kjempa hardnakka og sperra Gudbrandsdalen for nesten all trafikk i nesten fem døgn før dei vart nedkjempa av norske styrkar frå IR 11 og IR 5.

Samanstøyt med Kp 5 ved Li 14. april

Lt Schmidt med ein del av hovudstyrken sette straks i mars mot Dombås i ein drosje som dei rekvirerte frå sjåføren, medan bn II om kvelden 14. april sendte ut patruljar i fleire retningar for å fange fallskjermjegrane. To lastebilar med mannskap frå Kp 5 og magasinvakta frå Trondheim køyrde sørover Dombåsbakkane til Li der dei støytte saman med ein del av tyskarane som var på veg mot Dombås og kom i kamp. Dei norske opna eld først, men tyskarane angreip attende med automatvåpen og handgranatar. Her vart den tyske sjefen hard såra.

Nordmennene trakk seg så attende til Dombås, medan tyskarane trakk seg om lag 2 km sørover til Rausandhaugen, eit område med bratte sandmelar ovanfor tunet på Hågåvollen der dei etablere forsvarsstilling.[2] Samstundes sendte dei sprengningsfolk opp på jernbanelina som kl 2300 vart sprengd på tre stader.

Kp 5 angriper tyskarane ved Rausandhaugen om morgonen 15. april

Sjefen for kp 5, kaptein Sandnes, fekk kl 0707 denne dagen ordre om å angripe den tyske gruppa ved Ulekleiv med ca 70 mann og ein mitr. tropp frå kp 8. Dei køyrde med lastebilar ned til Øyen, eit bruk under Engum, der tyskarane hadde overnatta. Kona på garden gav informasjon om tyskarane, og ein geværtropp under løytnant Alfred Gjærde starta ei forsiktig framrykking sørover.

Tyskarane opna eld med fleire maskingevær da troppen var ca 300-400 m nord for Rausandhaugen, og tre soldatar frå regimentet fall. Også eit tysk kampfly, ein Ju 52, kom til og skaut mot avdelinga, men mitr.troppen frå kp 8 skaut attende og flyet styrta. Styrken trakk seg likevel attende til Dombås.

Styrke frå IR 5 under kaptein Austlid blir nedkjempa ved Rausandhaugen 15. april

Kaptein Eiliv Austlid vart ved mobiliseringa av Oppland infanteriregiment nr 5Terningmoen ved Elverum sjef for Kp 4, eit mitraljøsekompani oppsett med 4 små troppar a 2 mitraljøselag. Kompaniet var 14. april beordra til Hamar for sikring av byen, men da Hærens overkommando fekk melding om angrepet på Dombås vart Austlid med halvparten av kompaniet beordra til å dra til Dombås med tog.

Styrken gjekk av toget ved Brennhaug stasjon 15. april kl 0700, lasta over på bilar og rykka nordover mot Dovre sentrum og Dombås. På same tid var store delar av regjeringa på Brennhaug og dei følgde etter soldatane. På Dovre vart det pause der kaptein Austlid hadde telefonsamband med bnsjef Navelsaker på Dombås og vart orientert om samanstøytet med Kp 5 tidlegare på dagen. Men Navelsaker visste på det tidspunktet ikkje at tyskarane hadde ei stilling med front sørover ved Hågåvollen, knapt ein km sør for Ulekleivstillinga.

Kaptein Austlids bilkolonne køyrde rett inn i tyskarane sine skotfelt ved Hågåvollen og vart tekne under eld. Austlid gjekk til motangrep og fall saman med 6 andre soldatar frå kompaniet. Resten, 28 mann, vart tekne til fange av tyskarane. Tidlegare skildringar av hendingane har framstilt Austlid framrykking frå Dovre som «uaktsom» og «feilaktig situasjonsbedømmelse»[3], men nyare forsking har påvist at Austlid vart utsett for utilbørleg press frå sentrale regjeringsmedlemer og han vart i 2009 tildelt Noregs høgste militære dekorasjon, Krigskorset med sverd, post mortem, for innsatsen ved Hågåvollen.[4].

Nytt framstøt mot stillinga ved Rausandhaugen nordfra 15. april

(meir tekst kjem)

Nytt angrep frå Kp 5, tyskarane rømmer stillinga ved Rausandhaugen 16. april

(meir tekst kjem)

Delar av bn I forsterkar bn II på Dombås 17. april

Tidleg om morgonen 17. april bad bn II regimentet om å få forsterkingar, eitt geværkompani og eit mitraljøsekompani. Kort tid etter kom det ordre frå HOK om at regimentet skulle sende eit mitr.kompani til forsterking av bn II. Styrken vart sett opp frå bn I med kp 1, 2 mitr.troppar frå kp 4 og bombekastartroppen frå stabskompaniet med kaptein Hroar Hovden som sjef. Styrken kom til Dombås ca kl 1800. I rapportane etter felttoget er denne styrken ofte kalla «detasjementet Hovden».

Styrken vart straks transportert fram til kampområdet for å avløyse dei delane av bn II som låg der.

Avsluttande angrep på tyskarane på Lindsø 18.-19. april

(meir tekst kjem)

Bn I (Juel) i kamp ved Fåvang og Ringebu 24. april

Den delen av bn I som deltok ved Dombås - Lindsø returnerte til hovudstyrken ved Bjorli om kvelden 19. april. Bataljonen heldt fram med vaktteneste øvst i Romsdalen og bortover Lesja. Bataljonen fekk rett nok alt ved midnatt 19. april ordre om snarast å laste opp på tog for avmarsj til Gudbrandsdalen, men transporten vart ikkje gjennomført før natta til tysdag 23. april. Bataljonen vart da sendt til Fåvang og underlagt 2. divisjon. Divisjonen beordra ei forsvarsstilling langs elva Tromsa ved Fåvang med ein kombinert styrke frå IR 5, Garden, Dragonregiment nr 2 i tillegg til bn I / IR 11 under leiing av major E. Torkildsen.

Bn I / IR 11 under kaptein Juel var den av desse einingane som var mest utkvild, og Torkildsen disponerte derfor den der han venta det hardaste tyske åtaket, langs riksvegen gjennom Fåvang sentrum. Her kjem Tromsa ned eit bratt og djupt juv frå Brekkom, før lendet vidar seg ut ved Tromsnes-gardane nord for elva.

Juel grupperte avdelingane sine slik:

  • Kp 1 (kapt Jens A. Amundsen) nedafor riksvegen ved Tromsnes og kp 4 (mitraljøsekompaniet, kapt Hroar Hovden) ovafor riksvegen ved Flye på nordsida av Tromsa - dette var hovudstillinga
  • Kp 2 (kapt Andreas P. Hagaas) i ei lang line lenger oppe i dalen
  • Kp 3 (kapt Johannes N. Gausemel) ved Trøståker og bombekastartroppen i reserve knapt 3 km nord for hovudstillinga.

Bataljonskommandoplassen med stabskompaniet (kapt Kristian Lerheim) vart òg lagt til Trøståker. Major Torkildsens kommandoplass vart etablert ved Odlo, ca 2 km lenger nord ved den øvre bygdevegen.

Det fanst ikkje panservernvåpen i desse avdelingane.

Kampane ved Tromsnes

Natt til onsdag 24. vart så vegbruene over Tromsa og Losna (Lågen) sprengde, og om lag kl 0600 dukka dei fremste tyske avdelingane fram ved Løysnes. Dei bestod av stridsvogner og infanteri. Kp 1 og 4 opna eld, men verknaden var dårleg mot panseret, og vognene klarte å krysse Tromsa inn mot stillingane til kp 1 sjølv om brua var sprengd.

Kp 1 vart derfor pressa nordover. Dermed risikerte òg kp 2 og kp 4 å bli omringa, så begge desse kompaniet trakk seg derfor attende etter den gamle kongevegen til området kring Trøståker.

Bataljonssjefen planla så ei reorganisering av styrken og sendte ut ordre med ordonnansar. Kommandoplassen og bombekastarane vart flytt ca 3 km lenger nord til Elstad, forbi den berglendte Elstadkleiva, det det vart klargjort for sprenging. Men ordrane kom ikkje fram til avdelingane. Kp 1 held fram nordover langs riksvegen, kp 2 trekte seg nordover langs den øvre bygdevegen medan kp 4 vart trekt attende til Elstad. Sjefen for kp 4, kaptein Hroar Hovden, gjekk seg inn i ei tysk avdeling og vart teken til fange.

På formiddagen denne dagen hadde òg tyskarane fått fram styrkar på vestsida av Losna, og skyting frå desse la hindringar i vegen særleg for tilbaketrekkinga til kp 1. Under tilbaketrekkinga langs den øvre bygdevegen mot Odlo og Ringebu tok kp 2 tyskarane under eld ved fleire høve, og forstyrra slik frammarsjen deira. Men den tyske framrykkinga langs riksvegen førte til at kp 2 vart avskore. Dei trekte da opp i fjellet og gjekk gruppevis nordover. Kompaniet vart ikkje samla att seinare under felttoget.

Strid ved Elstadkleiva

Om formiddagen onsdag vart fjellsprenginga ved Elstadkleiva utført, etter at kp 1 og kp 4 var passert. Kp 1 vart så sendt vidare nordover, medan kp 3 og kp 4 skulle gå i stilling og dekke sprengingstaden. Alle andre avdelingar under kommando av major Torkildsen var på dette tidspunktet trekt attende, så bn I var åleine i kampområdet.

Saman med kp 3 vart dei tre mitraljøsetroppane i kp 4 gruppert nord for Elstadkleiva. Den eine mitraljøsetroppen gjekk i stilling oppe ved bygdevegen, ved den smale brua over Svartåa der dei bygde sperring. Ein tysk styrke som eigentleg skulle angripe kp 2 heldt fram langs bygdevegen, men vart stoppa i mange timar ved brua. Denne troppen kunne òg gje flankerande dekningseld til dei avdelingane som forsvarte riksvegen. Men da tyskarane klarte å passere Elstadkleiva vart òg denne troppen avskore og laut trekkje seg til fjells under kraftig tysk eld.

Styrken ved riksvegen vart òg sterkt pressa, og begge dei to mitraljøsetroppane måtte trekke seg opp i fjellet der dei gjekk i oppløysing som stridande avdelingar. Kp 3 klarte å trekkje seg attende nede i dalen. Bataljonen mista altså kp 2 og kp 4 denne dagen (24. april), men berre ein fenrik vart lettare såra ved Elstadkleiva. Det som var att av bn I var kp 1, kp 3 og stabskompaniet med bombekastartroppen. Desse einingane vart så samla att ved Rosten nord for Sel dagen etter.

Bn II (Kjøs) i forsvarskamp ved Vinstra 25. april

(meir tekst kjem)

Bn III (Kjøs) i kamp ved Innset og i Folldalen 26. - april -

Bn III vart altså organisert med mannskap frå forskjellige avdelingar og meldt oppsett 23. april med desse underavdelingane[5]:

  • Kp 1 (kapt U. Rabben IR 13, frå 25.4 fenr Rolf Alnes IR 12 og frå 27.4. kapt Johan Hinsværk, tidlegare kp. sjef ved Berkåk bataljon), mannskap i hovudsak frå IR 12
  • Kp 2 (kapt Arne Telle IR 7), alt mannskap frå IR 11
  • Kp 3 (løytnant O. Ranes IR 13), mannskap i hovudsak frå IR 12
  • Mitraljøsetropp (fenr Arne Sørli IR 12)
  • Stabsavdeling (kapt J. Nørbech IR 12) med sambands-, sanitets- og trentropp.

Dagen etter - 24. april - vart bataljonen beordra til Dombås for å ta over bn IIs ansvarsområde etter at den var sendt sørover Gudbrandsdalen. Bn III kom fram til Dombås i løpet av 25. april. Om kvelden denne dagen fekk regimentet ordre om å sende den til nordover Hjerkinn og Ulsberg.

Ordinær mobilisering i Sør-Trøndelag hadde ikkje vore muleg pga. den tyske erobringa av Trondheim 9. april. Forsvaret i området sør for Trondheim og nord for Dovrefjellet vart i dagane etter 9. april organisert på Berkåk med vernepliktige mannskap og befal som ikkje hadde nådd fram til sine mobiliseringseiningar og friviljuge. Avdelingar vart oppsette etter kvart som det kom til mannskap og befal og gruppert på Bjørset - Berkåk for å kunne hindre tysk framrykking sørover Soknedalen og Orkdalen. Ingen av desse avdelingane hadde altså - på same viset som bn III - noko form for samøving før krigen.

Oberstløytnant Nils Eggan, opphavleg sjef for Trøndelag ingeniørbataljon, tok leiinga. HOK nytta seinare under felttoget nemninga «gruppen Eggan» om styrkane i dette området. I dagane før bn III vart innsett - 23. og 24. april - hadder tyske styrkar brote igjennom forsvaret av Østerdalen, teke Tynset og var på frammarsj langs vegen frå over Kvikne og mot Folldalen.

Ein del av kp 3, ca 50 mann oppsett med ski, vart sendt til Folldalen og stilt til disposisjon for forsvaret der (sjå nedafor).[6]

Resten av styrken, to små geværkompani og ein mitraljøsetropp, lasta av på Ulsberg stasjon kl 02.30 natt til 26. april.

Folldalen - Einunna bru

I Folldalen hadde vakthald og sikring mot fallskjermangrep blitt organisert av ca 450 skytterlagsfolk, derav ca 100 med uniformar, resten med armbind i nasjonalfargane. Styrken organiserte og brøyting av vegane i området. 25. og 26. april kom einingar frå IR 5 under major Trygve Sandvik til Folldalen etter kampane i Østerdalen, og dei overtok ansvaret. Forsvarsstillingar vart etablert ved brua over Einunna mellom Folldal og Alvdal og Dalholen mellom Hjerkinn og Folldal.

Styrken frå bn III saman med to troppar friviljuge vart utgruppert ved Einunna bru under kommando av lt Ranes. Om ettermiddagen 26. april kom ein tysk styrke på ca 100 mann fram mot brua, som vart sprengt. Dei norske styrkane opna eld, og kampen gjekk føre seg i ca ein halv time før tyskarane trekte seg attende og returnerte til Tynset. Dei hadde da 2 falne og 10 såra. Ein nordmann vart såra.

Stillinga ved Einunna vart utbetra, men tyskarane prøvde seg ikkje att i Folldalen før dei norske styrkane vart trekte attende mot Dombås og Romsdalen 29. april.

Kampane ved Nåverdalen - 26. april

Hovuddelen av bn III vart altså sett inn mot den tyske framrykkinga frå Tynset over Kvikne mot Usberg 26.-28. april. Om morgonen fekk bataljonen operasjonsordre. Forsvaret skulle organiserast i Nåverdalen mellom Innset og Kvikne, der riksvegen kryssa Orkla over Nåverdalsbrua og deretter over Nåva. Nordvest for sjølve Nåverdalen er terrenget trangt og var vanskeleg å forsere for militære styrkar i 1940.

Delar av kp 1 (fenr Alnes) skulle danne høgre flankesikring i fjellet vest for Nåverdalen. Kp 2 (Telle) vart sett som reserve ved Innset. Mitraljøsetroppen (fenr Sørli) vart avgjeve til hovudstyrken og gruppert i dalsida nord-nordvest for Orkla og Nåva.

Avdelingane frå Eggan-gruppa var framme i stillingane ved Nåverdalen 26.5. kl 05.00 og kom i kamp med tyske patruljar ca kl 09.15. Mitr. troppen bn III kom til kampområdet før kl 11.00, men da var første trefninga avslutta. Styrken gjekk i tilvist stilling, men utan å kome i kamp denne dagen; det gjorde dei fremste avdelingane. Tyskarane fekk òg fram tre stridsvogner, men dei norske stillingane ved brua over Orkla heldt til om kvelden, og da trekte tyskarane seg attende. Samstundes trekte òg dei norske seg attende til nye stillingar nord for Nåva.

Kp 2 vart så sendt fram til Nåverdalen om kvelden og gruppert nordvest for Nåva

Eininga frå kp 1, høgre flankesikring, kom ikkje i kamp, men heldt ei vaktline til morgonen 27.4. da dei vart avløyst. Heile kp 1 vart samla att på Innset om morgonen 27. april, kapt Hindsværk overtok som sjef og kp vart sett som reserve.

Kampane ved Nåverdalen - 27. april

Retrett og demobilisering 25. april - 2. mai

(meir tekst kjem)

Kjelder og litteratur

  • Brevig, Hans Olaf 2001: Et regiment i krig og fred. IR 11, 1911 - 1995. Nytt i Ukas Forlag, Ålesund.
  • Bull, Arne Marensius 2002: Oppland regiment 1657-2002. Elanders Publishing AS.
  • Jensen, Jørgen 1956: Krigen i Norge 1940. Operasjonene i Sør-Trøndelag og nordre del av Hedmark fylke. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag.
  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Bind II. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag.
  • Rapport fra Møre infanteriregiment nr 11. Krigen i Romsdal og Nordre Gudbrandsdal i tiden 11/4 - 2/5 1940. Stensilert kopi ved biblioteket Høgskulen i Volda, udatert, men truleg skrive saman til 50-årsmarkeringa av operasjonane i 1990.
  • Årflot, Odd 1985: Soldat, april 1940. Det Norske Samlaget.

Referanser

  1. Løseth, Arnljot 1996: Likskap og lagdeling. Fylkeshistorie for Møre og Romsdal III 1920-1972 s. 255.
  2. Årflot s. 54 påpeiker at dette området i litteratur om desse kampane er kalla Ulekleiv, men at dei gardane ligg litt lenger nord.
  3. M.a. Munthe-Kaas 1955 s. 36.
  4. Krigskorset utdeles for første gang på 60 år på Regjeringen.no
  5. Jensen 1956 s. 60 og 211f, Rapport IR 11 bilag 1 og 3, Brevig s. 209.
  6. Tilgjengelege kjelder er noko uklare m.h.p. når dette skjedde. Jensen s. 162 opplyser at avdelinga kom til brua over Einunna 24. april kl 17.00. Brevig s. 248f skriv at HOK «omgående» (utan datering) beordra styren til Folldalen, men dette er så vidt ein kan sjå ikkje nemnt i rapporten frå IR 11.