Marie (Megård) Sandblåst: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(HBR-lenke etc.)
m (Teksterstatting – «[[Kategori:f» til «[[Kategori:F»)
 
(2 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 9: Linje 9:
== Arbeid som lærarinne ==
== Arbeid som lærarinne ==


Etter at Sandblåst slutta som aktiv forkynnar, vart ho lærar i barneskulen. Lengst fartstid fekk ho ved [[Hustad skule]] i dåverande [[Fræna kommune]]. Også i denne tida var ho aktivt med på kristelege møte rundt om i bygdene, med tale og song. Ei tid var ho ho også leiar i eit barnemusikklag.  
Etter at Sandblåst slutta som aktiv forkynnar, vart ho lærar i barneskulen. Lengst fartstid fekk ho ved [[Hustad skule]] i dåverande [[Fræna kommune]]. Også i denne tida var ho aktivt med på kristelege møte rundt om i bygdene, med tale og song. Ei tid var ho også leiar i eit barnemusikklag.  


== Siste åra i Elnesvågen ==
== Siste åra i Elnesvågen ==
Linje 29: Linje 29:
[[Kategori:Indremisjon]]
[[Kategori:Indremisjon]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:fødsler i 1922]]
[[Kategori:Fødsler i 1922]]
[[Kategori:dødsfall i 2011]]
[[Kategori:Dødsfall i 2011]]
{{Kvinner i lokalhistoria}}
{{Kvinner i lokalhistoria}}
{{nn}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 25. nov. 2023 kl. 22:48

Marie (Megård) Sandblåst (fødd 28. april 1922Lillehammer, død 16. oktober 2011 i Elnesvågen) var lærarinne og forkynnar i Det Vestlandske Indremisjonsforbund (seinare Indremisjonsforbundet, ImF). Sandblåst fekk oppveksten sin i Kristiansund. Her opplevde ho bombinga og evakueringa i 1940.

Engasjement i kristeleg verksemd

Sandblåst var aktiv i Den Indre Misjon (seinare Kristiansund Indremisjon), først i søndagsskulen, seinare i yngreslag og ungdomsforening. I 1942-1943 gjekk ho på Bibelskolen i Bergen (seinare Bildøy Bibelskole). Under dette året opplevde ho å få stadfesting på kallet til å verta forkynnar.

Etter dette vart Sandblåst forkynnar i Nordmøre krins av Det Vestlandske Indremisjonsforbund. På mange av stadane ho forkynte braut det ut vekkingar, mellom anna på Lesund i 1948.

Arbeid som lærarinne

Etter at Sandblåst slutta som aktiv forkynnar, vart ho lærar i barneskulen. Lengst fartstid fekk ho ved Hustad skule i dåverande Fræna kommune. Også i denne tida var ho aktivt med på kristelege møte rundt om i bygdene, med tale og song. Ei tid var ho også leiar i eit barnemusikklag.

Siste åra i Elnesvågen

Dei tre siste åra av livet sitt budde Sandblåst i Elnesvågen. Også her var ho med i bedehusmiljøet. Marie Sandblåst vart gravlagt ved Myrbostad kyrkje 21. oktober 2011.

Kjelder og lenkjer