Mjølver (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 42: Linje 42:
*Bnr. 2, Bukveen
*Bnr. 2, Bukveen
*Bnr. 5, Pikhaugen
*Bnr. 5, Pikhaugen
*Bnr. 6, Aspehaug (Kleivi)
*[[Kleivi (Jostedalen)|Bnr. 6, Aspehaug (Kleivi)]]
*Bnr. 8, Svori
*Bnr. 8, Svori
*Bnr. 9, Hellebø
*Bnr. 9, Hellebø
*Bnr. 10, Opheim (Kleivi)
*[[Kleivi (Jostedalen)|Bnr. 10, Opheim (Kleivi)]]
*Bnr. 11, Havraberg
*Bnr. 11, Havraberg
*Bnr. 13, [[Fjellheim]] (pensjonat)
*Bnr. 13, [[Fjellheim]] (pensjonat)

Sideversjonen fra 11. apr. 2011 kl. 11:43

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule.

I somme versjonar av segna om Jostedalsrypa, vert det hevda at ho kom frå garden Bjørkehaugen.

I vest ligg Nigardsbreen som fram mot 1750 valda ein større naturkatastrofe for dei tre Mjølver-bruka.

Ein bra gard

På den fyrste skattelista etter øydetida (1596) er det to brukarar i Mieluer, Las og Anders, som kvar betalte 18 merker smør ½ pund ost til presten. Lars Øyane meiner at dei høyrde til på bruka Nigard og Mjølver, og at dette såleis var dei to opphavlege bruka i grenda. Bjørkehaugen har likevel kome til alt tidleg på 1600-talet, truleg kring 1605.

Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. I 1639 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet. I 1640-åra vart skylda redusert fleire gonger på dei tre bruka, og i 1665 var skylda under halvparten av kva ho hadde vore i 1639. Særleg dramatisk skulle skyldreduksjonen bli for bruka Nigard og Bjørkehaugen.

Bruka

Dei tre eldste bruka under Mjølver er:

Seinare er desse bruka skilde ut (tomtebruk ikkje medtekne):

Bnr. 1 Mjølver

Mjølver var det minste av dei opphavlege Mjølver-bruka. Også Mjølver fekk skylda redusert utover på 1600-talet, men mindre enn Nigard og Bjørkehaugen.

Mjølver var av dei bruka Gerhard Munthe fekk hand om då jostedalsgodset vart delt i tre i arveoppgjeret etter Christopher Munthe. Mjølver var eitt av dei tre bruka som Gerhard ikkje selde før han døydde i 1785, så det gjekk vidare til borna Frantz Wilhelm Rieck Munthe og Mette Andrea Rieck Munthe. Brukaren Rasmus Erikson Bergset vart fyrste sjølveigar i Mjølver då han 23. oktober 1787 fekk skøyte på helvta til Frantz Wilhelm og 25. mai 1788 fekk skøyte på helvta til Mette Andrea. Medan Bjørkehaugen vart det andre bruket i Jostedalen som kom på lokale hender (i 1691), vart hovudbruket Mjølver såleis det nest siste. (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 592-661. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Mjølver», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk

Mal:Koordinater