Mjølver (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner
m (→Bruka) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 19: | Linje 19: | ||
| postnr = | | postnr = | ||
}} | }} | ||
<onlyinclude><includeonly>{{thumb|Mjølvergrendi.JPG|Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.}}</includeonly> | |||
'''[[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]]''' (Luster, gnr. 202) er ein [[matrikkelgard]] og ei grend ('''Mjølvergrendi''') i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på [[Gjerde (Jostedalen)|Gjerde]] som ligg under matrikkelgardane i [[Krundalen]], og i nord mot garden [[Li (Jostedalen)|Li]]. </onlyinclude> | |||
<onlyinclude>Mjølver har gjeve namn til [[Mjølverdalen]] og til [[Mjølverdalen skule]]. </onlyinclude> | |||
<onlyinclude>I somme versjonar av segna om [[Jostedalsrypa]], vert det hevda at ho kom frå garden [[Bjørkehaugen (Jostedalen)|Bjørkehaugen]]. </onlyinclude> | |||
<onlyinclude>I vest ligg [[Nigardsbreen]] som fram mot 1750 valda ein større naturkatastrofe for dei tre Mjølver-bruka. </onlyinclude> | |||
I vest ligg [[Nigardsbreen]] som fram mot 1750 valda ein større naturkatastrofe for dei tre Mjølver-bruka. | |||
==Ein bra gard== | ==Ein bra gard== | ||
På den fyrste skattelista etter øydetida (1596) er det to brukarar i ''Mieluer'', ''Las'' og ''Anders'', som kvar betalte 18 merker smør ½ pund ost til presten. Lars Øyane meiner at dei høyrde til på bruka [[Nigard (Jostedalen)|Nigard]] og Mjølver, og at dette såleis var dei to opphavlege bruka i grenda. Bjørkehaugen har likevel kome til alt tidleg på 1600-talet, truleg kring 1605. | <onlyinclude>På den fyrste skattelista etter øydetida (1596) er det to brukarar i ''Mieluer'', ''Las'' og ''Anders'', som kvar betalte 18 merker smør ½ pund ost til presten. </onlyinclude> Lars Øyane meiner at dei høyrde til på bruka [[Nigard (Jostedalen)|Nigard]] og Mjølver, og at dette såleis var dei to opphavlege bruka i grenda. Bjørkehaugen har likevel kome til alt tidleg på 1600-talet, truleg kring 1605. | ||
Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. I 1639 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før [[Nigardsbreen]] skaut seg fram utover 16- og 1700-talet. I 1640-åra vart skylda redusert fleire gonger på dei tre bruka, og i 1665 var skylda under halvparten av kva ho hadde vore i 1639. Særleg dramatisk skulle skyldreduksjonen bli for bruka [[Nigard (Jostedalen)|Nigard]] og [[Bjørkehaugen (Jostedalen)|Bjørkehaugen]]. | Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. I 1639 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før [[Nigardsbreen]] skaut seg fram utover 16- og 1700-talet. I 1640-åra vart skylda redusert fleire gonger på dei tre bruka, og i 1665 var skylda under halvparten av kva ho hadde vore i 1639. Særleg dramatisk skulle skyldreduksjonen bli for bruka [[Nigard (Jostedalen)|Nigard]] og [[Bjørkehaugen (Jostedalen)|Bjørkehaugen]]. | ||
Linje 61: | Linje 61: | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Garder i Luster kommune]] | [[Kategori:Garder i Luster kommune]] | ||
{{f1}} | |||
{{Infoboks gardsbruk | {{Infoboks gardsbruk | ||
| navn = Mjølver | | navn = Mjølver |
Sideversjonen fra 23. jun. 2011 kl. 22:57
Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.
Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule.
I somme versjonar av segna om Jostedalsrypa, vert det hevda at ho kom frå garden Bjørkehaugen.
I vest ligg Nigardsbreen som fram mot 1750 valda ein større naturkatastrofe for dei tre Mjølver-bruka.
Ein bra gard
På den fyrste skattelista etter øydetida (1596) er det to brukarar i Mieluer, Las og Anders, som kvar betalte 18 merker smør ½ pund ost til presten. Lars Øyane meiner at dei høyrde til på bruka Nigard og Mjølver, og at dette såleis var dei to opphavlege bruka i grenda. Bjørkehaugen har likevel kome til alt tidleg på 1600-talet, truleg kring 1605.
Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. I 1639 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet. I 1640-åra vart skylda redusert fleire gonger på dei tre bruka, og i 1665 var skylda under halvparten av kva ho hadde vore i 1639. Særleg dramatisk skulle skyldreduksjonen bli for bruka Nigard og Bjørkehaugen.
Bruka
Dei tre eldste bruka under Mjølver er:
- Bnr. 1, Mjølver
- Bnr. 3 og 4, Nigard
- Bnr. 7, Bjørkehaugen
Seinare er desse bruka skilde ut (tomtebruk ikkje medtekne):
- Bnr. 2, Bukveen
- Bnr. 5, Pikhaugen
- Bnr. 6, Aspehaug (Kleivi)
- Bnr. 8, Svori
- Bnr. 9, Hellebø
- Bnr. 10, Opheim (Kleivi)
- Bnr. 11, Havraberg
- Bnr. 13, Fjellheim (pensjonat)
Bnr. 1 Mjølver
Mjølver var det minste av dei opphavlege Mjølver-bruka. Også Mjølver fekk skylda redusert utover på 1600-talet, men mindre enn Nigard og Bjørkehaugen.
Mjølver var av dei bruka Gerhard Munthe fekk hand om då jostedalsgodset vart delt i tre i arveoppgjeret etter Christopher Munthe. Mjølver var eitt av dei tre bruka som Gerhard ikkje selde før han døydde i 1785, så det gjekk vidare til borna Frantz Wilhelm Rieck Munthe og Mette Andrea Rieck Munthe. Brukaren Rasmus Erikson Bergset vart fyrste sjølveigar i Mjølver då han 23. oktober 1787 fekk skøyte på helvta til Frantz Wilhelm og 25. mai 1788 fekk skøyte på helvta til Mette Andrea. Medan Bjørkehaugen vart det andre bruket i Jostedalen som kom på lokale hender (i 1691), vart hovudbruket Mjølver såleis det nest siste. (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 592-661. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Mjølver», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane