Mjølver (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jun. 2012 kl. 09:59 av Oddloho (samtale | bidrag) (→‎Ein bra gard: ny seksjon: Mjølver frå minst til størst)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule.

I somme versjonar av segna om Jostedalsrypa, vert det hevda at ho kom frå garden Bjørkehaugen.

I vest ligg Nigardsbreen som fram mot 1750 valda ein større naturkatastrofe for dei tre opphavlege Mjølver-bruka. Nigard vart i 1742 heilt stroken av matrikkelen og Bjørkehaugen fekk skylda kraftig sett ned. Berre Mjølver var nokolunde uskadd.

Ein bra gard

På den fyrste skattelista etter øydetida (1596) er det to brukarar i Mieluer, Las og Anders, som kvar betalte 18 merker smør og eit halvt pund ost til presten. I skattelistene frå 1596, 1600 og 1603 er det nemnt to brukarar.[1] Den neste bevarte skattelista frå 1611 har tre brukarar.[2]

Listene over leidangsskatten frå 1617 til 1640-åra nemner fire brukarar i Mjølver mange år, og listene over pengeskatten på same tida fortel at det mange år var tre bønder og ein øydegardsmann/husmann. Men berre tre bruk i Mjølver betalte leiglendingsskatt frå jostedalsbøndene byrja med det i 1627/28, og matriklane frå 1647, 1666 og 1723 (utkast) hadde tre bruk.

Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet.

Det samla skyldtalet vart så nedsett i fleire omgangar til det i matrikkelen frå 1666 vart liggjande på 2 laupar smør.

Listene over leidangsskatten frå 1611 og nokre tiår framover fortel at bruka i Mjølver stod for 14-15 % av det samla skyldtalet for Jostedalen, men Mjølver tapte gradvis terreng i høve til resten av dalen. I 1647-matrikkelen stod Mjølver-bruka for kring 10 % av det samla skyldtalet, i 1666-matrikkelen kring 7 %, og i matrikkelutkastet frå 1723 kring 6 %. Etter øydeleggingane til Nigardsbreen var Mjølver etter 1742 nede i berre 3 % av det samla skyldtalet for Jostedalen. I 1838-matrikkelen var dette auka til drygt 5 %.[3]

Mjølver-bruket: Frå minst til størst

I skattelistene frå 1596, 1600 og 1603 er det berre nemnt to bruk i Mjølver, og det er vanskeleg å seie kva for to bruk dette var.[4]

Frå og med 1611 har Mjølver tre bruk. I leidangsskatt frå 1611 til 1660-åra betalte det største bruket 8 merker talg og eitt geitskinn (omrekna 0,24 laupar smør) medan dei to (i ein periode tre) minste betalte eitt geitskinn (omrekna 0,13 laupar smør). Det største bruket var i denne perioden Nigard.[5]

Jostedølene betalte leiglendingsskatt frå 1627/28. Fram til 1642 hadde Nigard og Bjørkehaugen ei skyld på 1,5 laupar smør kvar og Mjølver 1 laup og ½ pund (omrekna 1,17 laupar). Frå 1653 vart dette nedjustert for alle bruk til (omrekna) 0,83 laupar for Nigard, 0,75 laupar for Bjørkehaugen og 0,67 laupar for Mjølver, totalt 2,25 laupar for heile Mjølver.[6]

I 1666-matrikkelen vart skylda sett ned til 2 laupar for heile garden, og no bytte Bjørkehaugen og Mjølver plass. Den nye skylda var (omrekna) 0,91 for Nigard, 0,73 laupar for Mjølver og 0,36 laupar for Bjørkehaugen, som no var det klart minste bruket.[7] Dette vart ståande til 1742.

Avtaksforretninga i august 1742 endra mykje på dette. Det største bruket, Nigard, var no fråflytt og øydelagd, og det var heilt stroke frå matrikkelen. Bjørkehaugen var òg mykje skadd og fekk skylda redusert med heile 78 % til seks merker smør. Mjølver vart derimot rekna som uskadd og vart ståande med 0,73 laupar som det klart største bruket i grenda. Då Nigard vart teken i bruk att nokre år seinare, var han lagt inn under Mjølver som husmannsplass, men utan at skylda for Mjølver vart auka. (Sjå meir under Nigard).

Skatteavtaket frå 1742 var mellombels, men vart ståande til 1838-matrikkelen då Nigard kom inn att i matrikkelen.

Bruka

Dei tre eldste bruka under Mjølver er:

Seinare er desse bruka skilde ut frå dei tre 'stambruka' (tomtebruk ikkje medtekne):

Frå bnr. 1 Mjølver:

  • Bnr. 2, Bukveen, fråskild den 30.5.1845
  • Bnr. 5, Pikhaug, fråskild Mjølver den 8.6.1830
  • Bnr. 6, Aspehaug (Kleivi), rydda som husmannsplass kring 1772, fråskild bnr. 5 Pikhaug den 26.5.1883
  • Bnr. 9, Hellebø, fråskild bnr. 2 Bukveen den 23.10.1915
  • Bnr. 10, Opheim (Kleivi) - rydda som sjølveigarbruk kring 1887, formelt fråskild bnr. 6 Aspehaug (Kleivi) den 20.7.1918

Frå bnr. 7 Bjørkehaugen:

  • Bnr. 8, Svori, rydda som husmannsplass kring 1822, fråskild den 3.7.1903
  • Bnr. 11, Havraberg - fråskild bnr. 8 Svori den 17.5.1926, seinare lagd inn under Svori att

Frå bnr. 3 Nigard:

  • Bnr. 4 Nigard - deling av bruket i 1846

Bnr. 13, Fjellheim (pensjonat) vart fråsild sameiga til ei rekkje bruk (bnr. 3, 4, 7, 8 og 11) den 29.11.1949

Bnr. 1 Mjølver

Mjølver var det minste av dei opphavlege Mjølver-bruka. Også Mjølver fekk skylda redusert utover på 1600-talet, men mindre enn Nigard og Bjørkehaugen.

Mjølver var av dei bruka Gerhard Munthe fekk hand om då jostedalsgodset vart delt i tre i arveoppgjeret etter Christopher Munthe. Mjølver var eitt av dei tre bruka som Gerhard ikkje selde før han døydde i 1785, så det gjekk vidare til borna Frantz Wilhelm Rieck Munthe og Mette Andrea Rieck Munthe. Brukaren Rasmus Erikson Bergset vart fyrste sjølveigar i Mjølver då han 23. oktober 1787 fekk skøyte på helvta til Frantz Wilhelm og 25. mai 1788 fekk skøyte på helvta til Mette Andrea. Medan Bjørkehaugen vart det andre bruket i Jostedalen som kom på lokale hender (i 1691), vart hovudbruket Mjølver såleis det nest siste. (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)

Husmannsplassar

Det har aldri vore meir enn tre husmannsplassar under Mjølver. Ein grunn er nok at garden tidleg vart delt i tre bruk.

  • Nigard - vart stroken frå matrikkelen i 1742 og lagt som husmannsplass under bnr. 1 Mjølver, igjen fråskild og teke i bruk som eige bruk i 1830- og 40-åra
  • Ospehaugen - rydda kring 1772, plass under bnr. 1 Mjølver, frå 1830 under bnr. 5 Pikhaugen, fråskild 26.5.1883 som bnr. 6 Aspehaug
  • Svori - rydda kring 1823, plass under bnr. 7 Bjørkehaugen, fråskild 3.7.1903

Notar

  1. Presteskatten 1596, Jordeboka 1600 og Pengeskatten 1603 (Jostedal historielag)
  2. Jordeboka 1611 (Jostedal historielag)
  3. Tala er basert på ein upublisert gjennomgang av skattelistene, gjort av Oddmund L. Hoel
  4. Presteskatten 1596, Jordeboka 1600 og Pengeskatten 1603 (Jostedal historielag)
  5. Jordeboka 1611 (Jostedal historielag)
  6. Skattematrikkelen 1647 (Jostedal historielag) og upublisert gjennomgang av skattelistene av Oddmund L. Hoel
  7. Matrikkelen 1666 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur

  • «Miælver» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 592-661. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Mjølver», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk

Koordinater: 61°39′39″ N 007°16′44″ Ø