Nils Nilssøn Dahl: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:
*[[Konrad Dahl (1843–1931)|Konrad]] (1843-1931), prest og forfattar og  
*[[Konrad Dahl (1843–1931)|Konrad]] (1843-1931), prest og forfattar og  
*[[Ulrikke Dahl|Ulrikke]] (1846-1923), forfattar, ugift.
*[[Ulrikke Dahl|Ulrikke]] (1846-1923), forfattar, ugift.
Det framgår ikkje av gjennomgådde kjelder korleis skulegangen var frå fyrst av. Han tok examen artium i 1828 og deretter teologisk embetseksamen allereie i 1830. Han hadde eit kort opphald i Frankrike i 1831. Året etter vart han personaellkapellan i [[Eivindvik]] i nåverande [[Gulen kommune]] i [[Sogn]], så vikarprest i ledige kall i [[Bergen stift]] 1833-1838. Han vart residerande kapellan i [[Melhus]] i Sør-Trøndelag i 1838, der han budde med familien på kapellangarden Varmbo. I 1851 fekk han sokneprestkallet i [[Eid]] i [[Nordfjord]], men tok avskil i 1854 på grunn av sjukdom (tuberkulose), og døydde seinare same året. Han er gravlagd på kyrkjegarden på Nordfjordeid.
Nils Nilssøn Dahl var aktiv i lokalsamfunnet også utover det prestegjerninga naturleg førde med seg. Han var mellom anna forlikskommissær og sparebankdirektør både i Melhus og Eid.
Dahl var suppleant (vara) til Stortinget frå Søndre Trondhjems amt i 1842, og var representant for same amtet i 1845, 1848 og 1851. Han var odelstingspresident i 1848 og visepresident i 1851. Av andre posisjonar på Stortinget kan nemnast at han var formann i konstitusjonskomiten, trykningskomiteen og arbeidarkomiteen. Historisk har han kanskje markert seg sterkast som den som formulerte innstillinga som var grunnlaget for opphevinga av jødeparagrafen. Han var rekna som ein av Stortingets beste talarar.
Nils Nilssøn Dahl skreiv fleire bøker, deriblant ''Fortællinger for Folket'' (1844) og ei rekkje dikt og artiklar.


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
https://snl.no/Nils_Nilss%C3%B8n_Dahl
*Elstad, Hallgeir: Artikkel om Nils Nilssøn Dahl i [https://snl.no/Nils_Nilss%C3%B8n_Dahl Store norske leksikon.]
*Lindstøl, Tallak: artikkel om Walter Scott Dhl i ''Stortinget og statsraadet 1814-1914'', 1. bind, Kristiania 1914.
*Sørås, Odd: «Ulrikke Dahl - forfattaren på Stokkeland» i ''Romsdal sogelag årsskrift 1994''.
 
{{DEFAULTSORT:Dahl, Nils Nilssøn}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Fødsler i 1806]]
[[Kategori:Dødsfall i 1854]]
[[Kategori:Melhus kommune]]
[[Kategori:Vestnes kommune]]
[[Kategori:Gulen kommune]]
[[Kategori:Eid kommune]]
[[Kategori:Forfattere]]
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]
[[Kategori:Teologer]]

Sideversjonen fra 21. feb. 2017 kl. 10:23

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Nils Nilssøn Dahl (fødd i Tresfjord i nåverande Vestnes kommune 18. juli 1806, død på Nordfjordeid i nåverande Eid kommune 2. juli 1854) var teolog, stortingsmann og forfattar. Som politikar tilhøyrde han den nasjonalliberale retninga. Han var ein god ven av Wergeland, og skreiv som stortingsmann innstillinga om jødesaka i 1851.

Nils Dahl var var bondeson. Han var fødd og oppvaksen på Nilsgarden av Øvstedal i Tresfjord. Foreldra var gardbrukarparet Nils Larsen Dahl og Anna Larsdotter frå Øye i Stordal. Nils Nilssøns oldefar på farssida er omtala som «student Lars Dahl», og skal etter familietradisjonen ha flykta frå Danmark.

Nils Dahl var gift med Christopha Kirstine Rønneberg, dotter av kjøpmann i Ålesund Peder Elias Rønneberg og fyrste kone Charlotte Marie Hagerup. Nils og Christopha Dahl fekk fire born som voks opp:

  • Walter Scott (1839-1906), jurist, stortingsmann og statsråd,
  • Nicoline (1841-1898) gift Harbitz, forfattar,
  • Konrad (1843-1931), prest og forfattar og
  • Ulrikke (1846-1923), forfattar, ugift.

Det framgår ikkje av gjennomgådde kjelder korleis skulegangen var frå fyrst av. Han tok examen artium i 1828 og deretter teologisk embetseksamen allereie i 1830. Han hadde eit kort opphald i Frankrike i 1831. Året etter vart han personaellkapellan i Eivindvik i nåverande Gulen kommune i Sogn, så vikarprest i ledige kall i Bergen stift 1833-1838. Han vart residerande kapellan i Melhus i Sør-Trøndelag i 1838, der han budde med familien på kapellangarden Varmbo. I 1851 fekk han sokneprestkallet i Eid i Nordfjord, men tok avskil i 1854 på grunn av sjukdom (tuberkulose), og døydde seinare same året. Han er gravlagd på kyrkjegarden på Nordfjordeid.

Nils Nilssøn Dahl var aktiv i lokalsamfunnet også utover det prestegjerninga naturleg førde med seg. Han var mellom anna forlikskommissær og sparebankdirektør både i Melhus og Eid.

Dahl var suppleant (vara) til Stortinget frå Søndre Trondhjems amt i 1842, og var representant for same amtet i 1845, 1848 og 1851. Han var odelstingspresident i 1848 og visepresident i 1851. Av andre posisjonar på Stortinget kan nemnast at han var formann i konstitusjonskomiten, trykningskomiteen og arbeidarkomiteen. Historisk har han kanskje markert seg sterkast som den som formulerte innstillinga som var grunnlaget for opphevinga av jødeparagrafen. Han var rekna som ein av Stortingets beste talarar.

Nils Nilssøn Dahl skreiv fleire bøker, deriblant Fortællinger for Folket (1844) og ei rekkje dikt og artiklar.

Kjelder og litteratur

  • Elstad, Hallgeir: Artikkel om Nils Nilssøn Dahl i Store norske leksikon.
  • Lindstøl, Tallak: artikkel om Walter Scott Dhl i Stortinget og statsraadet 1814-1914, 1. bind, Kristiania 1914.
  • Sørås, Odd: «Ulrikke Dahl - forfattaren på Stokkeland» i Romsdal sogelag årsskrift 1994.